tirsdag 4. mars 2014

Liv(et) sin ballanse


Den siste veka har gått veldig i ett.
Først hadde eg to herlege fridagar sammen med Eilen,
og tirsdag kveld begynte ei hektisk arbeidsveke.
Det er gjerne slik i sjømannskirkelivet
at det eine plutselig tek det andre,
så å få tida til å gå er ikkje noko problem.
Heldigvis er det rom for å puste litt også,
og torsdag hadde eg eit slikt godt pusterom:
Ein konsert med Tord Gustavsen Quartet.
Det var rett og slett påfyll for både kropp og sjel,
og ga ei fin oppkøyring til ei innhaldsrik helg.


Første post for helga var Student og Au Pair-middag 
på fredag kveld.
Ein herleg gjeng med unge folk tok turen 
til kyrkja denne kvelden
for å møte andre studentar og au pairar, 
og sjølvsagt for å få mine fantastiske heimelaga fiskekaker 
og min nydelige heimelaga sjokoladepudding.


Eg tok nemleg ein test på sjokoladepuddingmarkedet på onsdag,
og fann ut at den ikkje smakte som heime,
så då måtte eg koke frå botnen av. 
Ein blir aldri for gammal til å lære noko nytt!


Då oppvasken var tatt, 
var det berre å krype over senga før neste post:
Grautkoking og Smårollingane på Superlørdag.
Det er få ting som er så givande som å ha kyrkja 
full av familier, med ungar høgt og lavt 
og eit lydnivå som gjer at du føler
at du går inn i eit vakum når du kjem inn i eit stilt rom.


Og etter ein herlig laurdag,
var det duka for fastelavenssøndag.
Då eg gjekk til jobb regna det,
og eg tenkte:
"I dag kjem det sikkert ikkje mange."
Og var ganske rolig der eg stod og laga til 
fastelavensbollar til kyrkjekaffen.


Men om det var ryktet om fastelavensbollar
eller andre ting som trekte folket i California til kyrkja
veit eg ikkje, men det vart rimelig fullt hus
og svært god stemning både på gudstjenesta 
og kyrkjekaffen.


Eg føler meg så utruleg priviligert som får lov å 
ha ein slik jobb.
Ein jobb der eg kan kose meg med å lage mat,
der eg får leike og synge med ungar,
der eg får snakke med menneske
om livet, gledene og sorgene,
og der eg får minst like mange klemmer og smil
som eg gir.
Eg trur mange gonger eg får mykje meir omsorg
enn det eg greier å gi.
Og eg elskar det når det kokar rundt meg,
når det er hektisk og eg har masse å gjere,
og når det er mange folk rundt meg,
slik som det har vore siste veka.

Men eg skal vere ærleg:
Det er godt å synke ned i sofaen
med god mat og drikke
og sjå på tv etter ei slik helg.


Og det er godt å vakne opp til ein fridag
der eg har ein plan
om å møte ei venninne
og ete frokost/lunsj..


Og tusle i byen
og shoppe litt 
før vi avsluttar 
med ein tur opp
i 40.etasje
der vi kan nyte utsikta 
til den fine byen min.



Og å ta trikken til Fisherman's Wharf
før eg går heim derfrå i regnet
for igjen å lande i sofaen.

Det er denne ballansen 
mellom fritid og jobb,
mellom det å kvile og det å arbeide,
mellom det å vere for seg sjølv 
og det å vere sosial,
som gjer at livet er herlig! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar