tirsdag 25. mars 2014

"Den stygge tulipanen"

Søndag var det Maria bodskapsdag. Du veit, dagen då vi har fokus på at ei tenåringsjente i Midtøsten fikk besøk av ein engel som fortalde at ho skulle bli mor til verda sin frelsar.

Eg stod og gjorde klar alterblomstrane då eg såg at den eine tulipanen var så pjuskete - så eg vurderte om eg skulle ta den vekk. Men om eg gjorde det, måtte eg fjerne ein fin ein frå den andre vasen. (Ein må jo ha symmetriske alterblomster!) Så eg lot den vere, sjølv om det irriterte meg litt at blomstrane ikkje var perfekte.


Og eg sat og såg på blomstrane under preika. Eg kunne ikkje sjå kva blomst som ikkje var like fin som dei andre. Saman med dei andre gjorde den nemlig jobben sin. Han stod der og, bokstavlig talt, blomstra. Eg skamma meg nesten litt for at eg berre nokre timar tidligare hadde vurdert den som uskikka til å tjene på Herrens alter.

Eg trur vi har lett for å tenke slik om oss sjølv. At vi ikkje er gode nok. At vi ikkje har rett farge eller fasong. At vi ikkje har den rette bakgrunnen, dei rette meiningane, dei rette holdningane eller dei rette kvalitetane for å kunne gjere teneste i Guds rike.

Av og til kan dei oppgåvene som ligg foran oss bli opplevd som så altfor store. Eg trur det er sunt at vi ikkje har stålkontroll på ting. At vi må kaste oss ut i det og stole på at det er ein som er større enn oss og som ikkje vil gi oss oppgaver vi ikkje vil greie å løyse. At vi må stole på at vi har ein som går med oss heile vegen - også gjennom dei store, skuggefulle dalane og over dei brattaste berga.


I dag køyrde eg opp for andre gong i mitt liv. Det er snart 20(!) år sidan forrige gang. Å skulle sette seg i ein bil og gjere noko ein har gjort i 20 år, med nokre få regelendringar som f.eks. at ein kan køyre på raudt lys dersom ein skal svinge til høgre og banen er klar, er ein sjølvransakande sak. Eg har dei siste vekene vore pinlig klar over eigne feil og mangler, for ikkje å snakke om uvaner, i trafikken. Eg har måtta jobbe med meg sjølv - og adrenalinet pumpa ganske bra gjennom kroppen då eg måtte vise kor alle ting i bilen var og handsignal for høgre, venstre og stopp. Eg kunne høyre hjertet mitt slå ekstra hard då eg trudde eg måtte lukeparkere. Eg var heilt skjelven då eg parkerte og eg våga ikkje sjå sensor i augene før han sa at eg hadde bestått. Og det er ein heilt spesiell og god følelse når du får den beskjeden. Du har lukkast!



Eg kunne valgt å blitt heime i trygge Norge, i staden for å flytte hit til San Francisco. Då hadde eg sluppe å køyre opp på nytt. Eg kunne heilt sikkert fått ei oppgåve som eg følte meg tryggare på enn å vere husmor (ja, eg veit det heiter vertskap - men det er så mykje koseligare med husmor, og let's face it: Husmor på sjømannskirke er jo noko anna enn husmor i ein privat heim.) - men då hadde eg ikkje fått oppleve alle dei fine tinga som eg får oppleve her, og eg hadde ikkje fått møte alle dei flotte menneskene eg har fått æra av å møte og bli kjent med!

Maria lærer meg noko veldig viktig.

For det første lærer ho meg at det er lov å spørre Gud om korleis han har tenkt å få alt til å henge i hop. Kva tenker han egentlig når han åpnar nye dører for oss? Vi får kanskje ikkje like konkrete svar som Maria, men ofte sender han andre typar englar som gir oss eit klapp på skuldra og bekreftar at vi gikk inn den rette døra.


For det andre lærer ho meg noko om det å stole på Gud. Av og til handlar det om å famle litt i blinde og gå inn i totalt ukjent landskap. Det handlar og om å gje litt blaffen i alle normaliteter og forventningar frå andre. (Kva er egentlig normalt? Desto fleire menneske eg blir kjent med, jo meir ser eg kor unike vi er) Eg hadde to år der eg kjende på rastlausheta før eg fekk stillinga i San Francisco. Eg trur eg trengde dei to åra på å innstille meg på det som låg framfor meg. Eg visste eg skulle ut i verda, men ikkje kvar. Og då eg fekk stillinga var eg ikkje i tvil - og det har eg ikkje vore etterpå heller, sjølv om eg av og til føler på at eg har tatt på meg nokre store sko og er langt vekke frå den trygge, gode komfortsona mi.

Det tredje eg lærer av Maria finn vi ikkje så mykje av i preiketeksten på søndag. Det er berre nemnt at Elisabet - ein slektning - og ventar barn. Når vi les fortsettelsen av teksten ser vi at Maria reiser på besøk til Elisabet. Og der får ho støtte. Fellesskapet er viktig for at vi skal få utføre dei oppgåvene som ligg foran oss. Ofte er det mykje viktigare enn vi trur. Eg er heilt sikker på at hadde eg ikkje hatt eit så godt fellesskap av folk som har heia meg fram, støtta meg, oppmuntra meg og lærekjørt med meg - så haddde eg ikkje gjort det så bra som eg gjorde på førerprøven i dag. Hadde eg ikkje hatt så mange bra folk rundt meg gjennom oppveksten og i dei ulike rollene eg har hatt i livet, så hadde eg sansynligvis ikkje våga å søke på ei stilling på andre sida av jorda - og eg kunne gått glipp av eit spennande kapittel av livet mitt.


Eg trur ikkje det var nokon andre som la merke til den "stygge" tulipanen på søndag - for meg vart den vakrare og vakrare. I fellesskapet med dei andre tulipanane var den heilt unik - og alterblomstrane hadde mangla noko uten den. Faktisk hadde den mangla meir enn berre den. Og kanskje kan mitt liv også få vere slik at noko vil mangle i verda utan det - kanskje noko meir enn berre meg?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar