torsdag 13. mars 2014

Den vanskelige reservasjonsretten

På 8. mars våkna eg til overskrifter på norske nettaviser som handla om at ein hadde hatt ei storvegs mobilisering til toga på kvinnedagen i kampen mot reservasjonsrett for legar når det gjeld henvisning til abort. Eg kjende vel mest på at eg vart matt - og er veldig undrande til denne diskusjonen som eg har fulgt via media dei siste vekene. Eg skreiv i min oppgitthet ein status på Facebook som var slik:
"Millioner av kvinner opplever å bli solgt som slaver, kjønnslemlestet eller tvangsgiftet. Men i Norge er det viktigere å gå i tog for at noen få leger ikke skal ha mulighet til å si at de ikke ønsker å henvise til abort av samvittighetsgrunner..." Det mangla ikkje på at eg fekk reaksjonar på den...

Eg kunne dradd fram mange andre saker - t.d. at mange kvinner ikkje får samme lønn som menn for arbeid utført, at i mange land får ikkje kvinner utdanning, alle dei kvinnene som er utsett for vold og så vidare. Det var ikkje poenget mitt. Ein av kommentarane var at eg ikkje kunne samanlikne reservasjonsretten med kjønnslemlestelse og tvangsekteskap - NETTOPP! Det var faktisk eit poeng i det. Etter mitt syn er det viktigare, SVÆRT MYKJE VIKTIGARE å stå sammen på ein dag som kvinnedagen i kampen for dei som opplever slikt.


Likevel vel mange av kvinnene i Norge å mobilisere for å kjempe om ei sak eg ikkje forstår greia med. Det handlar ikkje om at eg ikkje ser at dette er ein viktig debatt - for det meiner eg det er. Når vi vil forby legar å ta hensyn til egne etiske vurderinger og opptre nøytralt, så vil dette etterkvart få store ringvirkningar når ein ser på kva veg ein går i lovverka i Europa. I Belgia har dei jo vedtatt at det er lov med aktiv dødshjelp for barn - og hvis då legane ikkje skal ha lov å foreta etiske vurderingar om kva dei vil vere med på, kven skal då ta dei? Kva legar, som har utdanna seg for å redde liv, vil framleis stå i jobben dersom instruksen seier at du ikkje har lov å seie nei til aktivt å avslutte liv?
Det er jo den veien vi går...

Men det er andre ting, som er like viktig for mitt opplevelse av 8.mars - markeringa si hovudparole, for eg har høyrt på argumenta og lurer veldig på følgande:

1. Dersom min fastlege er pålagt å hevise meg til abort, men egentlig ønska å reservere seg - vil det ikkje då bli eit mykje meir fordømmande møte enn om eg visste at han reserverte seg og kunne velge å oppsøke ein annen lege eller gå direkte til gynekolog/sjukehus?

2. Korleis kan det som har vore praktisert i alle dei år etter abortlova kom fram til 2011, plutselig vere eit stort problem? Eg er klar over at det er ei sak i Bø som er høgst uheldig - men dersom kommunen hadde vore klar over at legar reserverte seg, så kunne det faktisk ligge i søkekriteriene.. eller?

3. Eg har høyrt fleire argumentere for at ein er så sårbar, mange manglar ressursar og kan slite med å finne fram i helsejungelen i Norge (og ein treng ikkje vere ressurssvak for å oppleve det!) - og eg trur det er heilt sant. Men er det ikkje då desto viktigare å få møte nokon som greier å møte deg med respekt? Eg vil heller møte ein framand som forstår mitt valg, enn å møte ein eg kjenner som tydelig er negativ til valget eg tar, i ein slik situasjon.. men det er kanskje berre meg?

4. Eg veit om legar som ikkje ønsker å sende vidare til abort - og dei seier at når pasienten ringer på kontoret, så oppgir dei kvifor dei vil komme. Då blir dei automatisk sett opp til ein annan lege. Problemet vil kun vere der dersom legen er åleine på staden eller alle reserverer seg. Og det burde vel vore mulig å unngå? Og er det ikkje mulig at når ein får tildelt fastlege, så kunne det stå om dette er ein reservasjonslege eller ikkje - og så kan ein endre det dersom ein har problem med det, FØR ein sit med problemet bokstavlig talt i fanget og er sårbar og svak? Og for dei som kjem frå andre kulturar og har andre språk bør det vere ekstra tydelig i brevet der ein får tildelt fastlege/på nettsidene der ein søker om det.

5. Eg har undra meg over at ordbruken frå motstandarane har vorte så hard. Det gjer det endå vanskeligare å stikke hovudet fram og faktisk seie noko om at ein ikkje heilt forstår dette problemet. Og når ein gjer det, så oppleves dei kraftige formuleringane som om folk nesten vil slå deg ned. Eg forstår at det handlar om at denne saka har vorte halden så veldig einsidig fram i media som ei kampsak, og ein har jobba hardt for å mobilisere - og då blir ein lett engasjert.  Eg forstår at når tematikken er så sår, så blir det gjerne store ord. Og eg er ikkje av dei som er redd for å møte motstand - men denne saka har det vore såpass heftige ord i argumenteringa at eg har vegra meg for å uttale meg. Og det er ikkje alltid ein får saklige og gode diskusjonar som faktisk fører til løysingar når ein brukar uttrykk som har som mål å stemple alle som er uenig med deg som under gjennomsnittet intelligente. Og kva gjer det med kvinner som går og tenker på abort, og deira innstilling til legen, når ein kan lese dei heftige kampformuleringane i bloggar og nettaviser? Når dei får høyre at reservasjonslegane dømmer kvinner, og at dei berre kan finne seg ein annen jobb - dei er uønska som leger i Helse-Norge. Blir det plutselig noko veldig alvorleg når ein då blir plassert hos ein annen lege enn fastlegen når ein ringer å bestiller time, sjølv om at dette berre handlar om at ein nærmar seg abortgrensa og fastlegen er fullbooka? Og kva gjer det med legane? Blir dei utrygge i sine roller? Blir dei redd for å seie eller å gjere noko feil i rådgivninga av dei gravide, og endar opp med å gje dårlegare oppfølging enn dei ville gjort om dei ikkje hadde møtt dette presset? Eg er klar over at dette er ein "mediakrig", at det er media som i stor grad har ført pennen - men det er også ein god del som har fått uttale seg fritt og som eg syns har gjort det på ein heller hard måte. Men igjen - mange vil sikkert meine eg gjer det her og.. (og der knuste vi det glashuset)

6. Eg fulgte jo dette via media. Så eg var ikkje i toget og fekk ikkje sett parolene. Eg har høyrt toget handla om fleire saker - heldigvis. Men når toget aukar med 9000, og vel så det, frå normalen - så seier det litt om kva fokus ein har hatt. Eg opplever at debatten i forkant har vore veldig einsidig. Det eg lurer på er kvifor ingen kritiserer legane som pressar på kvinner i ein sårbar situasjon abort. Då tenker eg på historiene som med jamne mellomrom dukkar opp frå kvinner som har opplevd at det er noko annleis med fosteret, t.d. ein hudfald ekstra i nakken på ultralyden eller noko anna som tyder på at det er noko kan bli meir krevande på sikt - og som så inderlig ønsker å bere fram barnet, men blir dømt av legen fordi dei ikkje vel den "enkle" løysinga. Kvifor er ikkje dette ei kampsak? Er det fordi at desse kvinnene ikkje er beskytta av eit lovverk vi eller våre medsøstre før oss har kjempa for? Er det fordi at desse kvinnene påfører samfunnet meir kostnader? Er vi så kyniske? Eller berre virkar det sånn?


Eg fekk beskjed om å tenke etter statusen min. Og ja, eg har tenkt lenge på dette. Og eg forstår ikkje kvifor ein kjempar som om ein hadde abortkampen på ny. Lovverket er klart.
Eg lurer og på om det ikkje hadde vore like greit om heile problematikken vart fjerna frå fastlegen - at når ei gravid kvinne kom inn, så skulle ho få alternativa presentert og så bli sendt vidare til gynekolog og kollegaane deira. Så kunne dei forholde seg til abortspørsmålet og fastlegen ha ansvaret for oppfølging, uavhengig av kva pasienten valgte. Då kan ein  unngå ein eit etisk dilemma hos dei få fastlegane dette gjeld og sikrar at pasienten sine rettigheter blir ivaretatt. Og la oss ikkje tru at det å ta abort er ei enkel greie - ingen veit kva eit slikt inngrep gjer med ein før ein har vore gjennom det. Og mange har opplevd det vanskeligare enn ein hadde trudd. Og då er det mykje verre å komme tilbake til ein fastlege som motvillig har skrive ut ei henvisning - og undertonen av "I told you so" vil klinge mykje hardare, sjølv om det aldri bir sagt - og kanskje ikkje ein gong meint, av fastlegen.

Kanskje er eg positiv til reservasjonsretten fordi eg har enno til gode å oppleve ein lege som ikkje er menneske, og som derfor ikkje er forma av sine verdiar, holdningar og erfaringar. Og eg ønsker ikkje at legane skal bli maskiner som kun forheld seg til lovverk og fastspikra reglar - byråkrati har vi nok av i Norge. Eg har gjort meg erfaringar med legar som har gjort grove feilvurderingar på bakgrunn av kva forskarar og politiske føringar har sagt - men heldigvis var det andre legar som valgte å sjå forbi presset, og såg mennesket som sat framfor dei. Som pasient har eg rett til å velge dei legane! Hvis reservasjonsretten er så viktig for massen som det virkar som, vil legane som går for det, bli arbeidslause. Det vil regulere seg sjølv tenker eg i mitt enkle hovud, men det er mulig eg tar feil.

Dette mer reservasjonsrett er ikkje ei enkel sak. Eg tenker det er ei viktig sak, men eg skulle ønske at vi kvinner - og menn som ser at det er nokre kvinnesaker som er viktige å kjempe for - kunne samla oss og mobilisert for våre søstre som blir utsett for ulike former for overgrep - enten det handlar om fysisk, psykisk eller utdanningsmessige greier. I Norge er vi så heldige og så privilgerte at vi treng å løfte blikket og sjå på dei millionane som faktisk treng at vi kjemper. Eg skulle ønske at vi kunne mobilisere like mange i 8.marstoget neste år under paroler som handlar om alvorlige kvinnespørsmål - som set fokus på det vi helst ikkje vil tenke på, og at vi som er så priviligerte kan heie fram våre medsøstre rundt omkring i verden, ja, dei er også i Norge, og gi dei mot til å leve som rakrygga stolte kvinner - og å gi politikerne ein ekstra dytt i forhold til å våge å vere tydelige i slike spørsmål, og ikkje lukke augene for den urett som blir begått. Men eg håpar det og er rom for heimlege saker, der reservasjonsrett kan vere ei av dei - men at det kan foregå på ein måte som gjer at dei kvinnene som ønsker at legar skal ha rett til å reservere seg kan stå ved sida av dei som er i mot. For tru det eller ei: Eg har stor respekt for dei som er uenig med meg, både i dette spørsmålet og i andre spørsmål!

Og la meg vere tydelig: Eg har ikkje argumentert verken for eller mot abort no. Vi har ei abortlov, alle som vil får ta abort i Norge, så argument om at kvinner døyr av ulovlege abortar held ikkje i norsk samanheng. Eg ser difor poenget med at legar får reservere seg mot å henvise på samvittighetsgrunnlag i forhold til abort. Det handlar om når ein anser eit liv som starta og kva ein legg i legegjerninga. (Men eg ser det ikkje når det gjeld prevensjon) Men eg vil gjerne kjempe om at det blir ei offentlig sak, slik at eg som kvinne kan velge vekk fastlegen dersom eg er uenig med han eller henne i deira ståstad.

Eg har og lyst å anbefale ein lege, som ikkje har reservert seg, sitt syn på det. Eg syns ho har eit tydelig perspektiv på det. Det kan du lese her:
http://lykkelig-som-liten.blogspot.no/2014/03/dagen-derpa.html?m=1



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar