fredag 28. mars 2014

Den forunderlege alderen...

Den siste tida har eg hamna i fleire samtaler om dette med alder..
Det er jo eit faktum at dei fleste av oss blir eldre, uansett kor hardt vi held på ungdommen i oss.
Men vi er alle enige om at alternativet er mykje verre...

Det å bli eldre har både fordeler og ulemper.
Det er først når ein blir eldre at ein innser at "The youth is wasted on the young" er eit ordtak som er veldig sant. For eg innser at eg hadde gjort ein del ting annleis om eg skulle gjort det om igjen i dag. Den kanskje mest framtredande av dei tinga er at eg hadde reist mykje meir!


I hovudet mitt er eg framleis 27. Eg syns det var den perfekte alder. Eg var liksom vaksen, men ikkje gammal... Eg kunne dasse rundt i converse, collegegenser og slitne dongribukser, eller stille i stramt skjørt, skjorte og hæler. Ingen av delene ville vekke oppsikt. No er eg litt meir forsiktig i forhold til korleis eg kler meg. Plutselig har eg blitt ho eksentriske gamle dama som trur at ho kan kle seg som ein tenåring... Men eg greier verken å ofre converse, slitt dongri eller collegegenser heilt - eg er berre litt meir forsiktig med kvar eg bruker det..

Age ain't nothing but a number...

Stort sett set eg pris på å komme vidare i livet. Eg trur nesten utelukkande at dei tinga eg mislikar med å bli eldre har med kroppslig forfall å gjere. Huda er ikkje lenger like elastisk, eg må berre innsjå det. Det tar lenger tid å oppnå samme resultat som det gjorde i 20 åra. Ledda er stivare, synet er dårlegare, tyngdekrafta har begynt å bli framtredande, sølvskimmeret i håret har vorte meir synleg og det har jammen meg rynkene også. Av og til møter eg jamngamle venner som eg ikkje har sett på lenge, og blir overraska over kor gamle dei har blitt... Så går det opp for meg at det er 20 år sidan eg gjekk på vidaregåande - eg kan ikkje fatte at eg har blitt så gammal. Kor tid skjedde dette?



Så det gjer heile dagen bedre når eg blir tiltala som "Miss" på butikken, når ho som stod foran meg, og som sannsynligvis var minst 5 år yngre enn meg, vart tiltala som "Ma'am"! Det gleder hjertet når folk får hakeslepp når eg seier alderen min - sjølv om eg mistenker at dei ikkje er SÅÅ overraska.
Eg kjenner på takknemlighet når eg blir spurt om legitimasjon når eg skal kjøpe vin eller skal inn på ein utestad.

Ikkje alt var bedre då eg var 20...
Samtidig: Eg elskar rynkene mine. Dei er eit tegn på at eg har levd og LEDD mykje! Og eg har alltid likt smilerynker. Fura i panna kunne eg ha levd uten, men ok, den er tegn på at eg har hatt andre følelsar enn berre glede.
Dei grå håra og den mindre elastiske huda er enklare å leve med enn manglande livsvisdom og livserfaring. Når eg tenker meg nøye om, så trur eg ikkje eg ville likt å vere 20 igjen. Eg trur eg i grunnen er fornøgd med å vere akkurat der eg er i livet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar