onsdag 12. mars 2014

Road Trip, LA, maraton og gode venner!


Fredag morgon starta eit lite eventyr.
Eg skulle køyre åleine til Los Angeles.
Eg var både spent og litt småredd
då eg gjekk og henta bilen eg hadde leigd.
Det tok si tid;
først tok dei som stod foran meg i køa litt lenger tid enn normalt.
Så kom eg meg ikkje ut av garasjen på billetten eg hadde fått.
Så heile ein og ein halv time forsinka sat eg endelig i trafikken.
Planen var å køyre mest mulig på Pasific Coast Highway 1,
eg kom ikkje inn der eg hadde tenkt å komme meg inn,
men eg greidde det til slutt.
Og det er ein spektakulær tur!
Men - då klokka nærma seg fire
og eg framleis hadde over 300 miles igjen,
så fann eg ut at eg måtte begynne å følge GPS-en ;)

Er det ørn - eller er det noko anna?

Grunnen til at eg tok turen til LA denne helga
er at eg har eit par prestekompiser i sjømannskirken
som skulle springe maraton.
Og sidan det var frihelg og fint vêr,
så måtte eg jo benytte anledninga til ein tur! :)
Og når ein får henge med sjømannskirkefamilien
på sjømannskirka i San Pedro,
då må det jo berre bli ei bra helg!!:)


Laurdag var kviledag før den store styrkeprøva,
så då tok vi oss først ein tur til Santa Monica.

God stemning..

...heile veien :)

Kristian hadde med seg si herlige frue,
så eg hadde godt selskap heile helga! :)

The Pasific Ocean er IKKJE varmt!

Nett so på TV! 

Eg hadde nok ganske mange fordommar mot LA.
Eg hadde jo berre sett frå diverse TV-serier og 
dei gjev inntrykk av at menneska der er svært vellykka
eller strevande skodespelarar.
Det gjev og inntrykk av at det er mykje plastikk
og fiksing av utseende,
men det var ein herlig variasjon av folk her
og egentlig overraskande lite plastikk.


Du kan nesten sjå Mitch komme springande...

Fine Ingrid! :)

Alt for å tjene litt pengar...

Ja, vi testa vatnet alle sammen! 

 Ei litt småbrei strand!

Utsikt mot Santa Monica Pieren frå Venice Beach

Etter å ha testa ut stranda og funne ut kor målområdet for neste dag var,
tok vi turen på The Getty Center.
Ein giganteiendom
med masse kunst,
fantastisk arkitektur,
mat og ei fantastisk utsikt!


Ein må oppleve kor stort LA er,
det går ikkje å forklare det.
Bildet under yter byen inga rettferd!


Det var også fantastiske hageområder på The Getty Center

Fotosenase for presteparet ;)

LA traffic. Sa eg at eg faktisk har KJØRT HER?? ;)
 Det vart ingen sein laurdagskveld med 
piker, vin og sang..
skjønt naboen hadde ei eller anna form for karaoke..
Men tidlig i seng for sjølvpinarane 
som skulle opp midt på natta for å rekke starten
på 42,195 km slit og svette..

Nokre har kulare kallenamn enn andre :)

BEFORE

AFTER

Mens vi venta på sistemann

 Det var faktisk tre sjømannskirkefolk som sprang,
to prestar og ein diakonal medarbeider.
Alle avslutta med glans!
Eg bøyer meg i støvet..
og ler av den stive gangen i etterkant! ;)



Søndag kveld var vi ute og skulle ete,
både vi som hadde inntatt sjømannskirka i San Pedro 
og vertskapet der.
Vi tenkte at det ville ikkje vere noko problem å få glutenfri mat
på ein restaurant som reklamerer med at dei har masse salat,
kjøtt og fisk.
Det hadde dei nok, men glutenfri mat var visst ikkje å få,
og sensasjonelt dårlig service av ledelsen var det også.
Hadde det ikkje vore så godt selskap,
så hadde det vorte ein skikkelig kjip kveld!

Mandag bar det ut på bilsightseeing.
(når to slit med å gå er det best slik)
Så då testa vi først ut Hollywood.
Det var heilt greit,
og veldig turistifisert.
No kan eg seie at eg har vore der. 
Har i grunnen ikkje store behov for å gå tilbake.


Eg såg det store skiltet og.. men greidde ikkje å ta bilde..

To gode venner...


Og for første gang på Starbucks:
Uten at eg måtte stave namnet mitt
fekk dei det rett på FØRSTE forsøk!
:D


Vidare tok vi veien opp til eit lite byggefelt
i Beverly Hills..


og på turen heim igjen 
køyrde vi gjennom ei lita handlegate
som heitte Rodeo Drive.


 Etter ei pause heime på kyrkja
der vi blant anna møtte studentpresten her i USA, 
så gjekk vi ut og åt.
Servicen var betraktelig bedre på California Pizza Kitchen;
sjølv om dei ikkje greidde å trylle fram pizzaen menyen lova
så sørga dei for at eg fikk ein stor salat 
(eg ba om halv porsjon..det var nok kan du sei),
og eg fekk den på huset!
SLIK skal det gjerast,
så skal det gå deg godt og du får rikelig med tips!


Lurer på korleis stor porsjon er!

Dagen i dag gjekk med til å køyre I5 nordover igjen.
Den er raskare, men er ein smule kjedeligare.
Men denne gongen var den ny for meg, 
og innkøyringa til San Francisco er jo berre vakker!!
Vel framme parkerte eg bilen
og innsåg at etter tre måneder uten å ha vore på ein einaste kjederestaurant, 
har ei helg sammen med eit par Texanere påvirka 
matvanene såpass at det vart ein protein-style burger
på In-N-Out før eg tusla meg heim.
Jaja, eg får begynne på eit nytt og bedre liv i mårra.


Helga har uansett vore ufattelig deilig.
Eg sit igjen med ei djup takknemlighet for 
at eg får vere ein del av sjømannskirkefamilien,
og får ha slike venner! 
Slike helger, med sol, gode samtaler og glede,
er skikkelig god vitamininnsprøyting!
Og å ha køyrt så langt åleine
etter nye trafikkreglar og overlevd trafikken 
både i LA og San Francisco,
gjev meg større håp om at eg skal overleve 
køyretesten også! ;)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar