fredag 10. januar 2014

Med rett til å dø

Eg har lest nokre norske nettaviser dei siste dagane og der har eg mellom anna kunne lese om danske Jane som reiste til Sveits for å få hjelp til å avslutte livet.
Eg forstår hennar ønske. Eg forstår at framtidsutsiktene hennar var mørke og tunge, og at dette virkar som ein verdig veg. Men det fokuset som har vore rundt denne saka har gjort meg urolig..


For nokre år sidan måtte eg gå nokre runder med meg sjølv i forhold til eutanasi(aktiv dødshjelp) og assistert sjølvmord. Kva meinte eg egentlig om det? Eg hadde plutselig fått det veldig tett innpå livet, og opplevde kva påkjenning det er for dei nærmaste når livet ikkje er til å redde og både fysiske og psykiske smerter er enorme - og ikkje minst når det kjem så langt at ein stoppar all behanding og ein berre ventar på at lidinga skal ta slutt.


Det vart mange runder. For og i mot. Eg ville jo at smerten skulle ta slutt. Men når kjem den dagen at livet misser sin verdi? Kjem den i det heile? Kvar går grensa dersom vi seier ja til aktiv dødshjep - enten den er aktiv i form av ein dødbringande resept eller i form av ei sprøyte? Når er det greit?
Og er det egentlig greit å be andre om å ta livet ditt? Om det er det: kor mykje smerte eller kor dystre utsikter må du ha før det er greit?
Er det greit å gje legane lisens til å drepe, dersom pasienten er sjuk nok? Kven skal i såfall diagnosere og bestemme kven som er sjuke nok, og kven som ikkje er det? Og kva gjer det med sjølvforståinga til legar som får denne retten?


Eg kjenner det vrengde seg i meg då eg såg at i meiningsmålinga til Dagbladet var det 72% av dei 2500 som hadde svart hadde stemt "ja" på om det bør vere lovleg med assistert sjølvmord (då eg sjekka). Det er kanskje ikkje ei representativ gruppe som har svart, men kva om det er det? Kva menneskesyn fortel det om? Er det berre at vi blir rørt av ei historie om ei dame som har blitt ramma av ein forferdelig sjukdom og at vi ikkje tenker lenger? Eller handlar det om gjennomtenkte haldningar til kva eit liv er?


For ein del av meg forstår at dette er eit veldig fristande tilbod når alt er svart og ein ikkje har noko lovande framtid. Men så er det ein del av meg som ser alle problema som dette fører med seg. Vi veit mykje om sjukdom. Vi har midlar til å lindre smerte. Men vi veit ikkje kva som skjer med dei som kjem til punktet der ein ikkje lenger kan kommunisere på vanlig vis. Vi veit ikkje om dei siste dagane gjev ein fred som ein ellers ikkje ville fått. Vi veit ikkje kva vi frårøvar verken pasient eller pårørande ved å hjelpe til med å avslutte livet på ein unaturlig måte. Kanskje er det ingenting. Kanskje er det masse. Og kanskje er det berre smerte. Poenget er: Vi veit ikkje.


Mange opplever lettelse når smerten tar slutt. Mange opplever at det er godt når den dei er glad i endelig får gå inn i den evige kvila. Men mi erfaring er at alle som har mista nokon dei elska kunne gitt alt dei hadde for berre ein time til...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar