onsdag 18. desember 2013

The hills are alive - and well!

Det seies at Bergen er ein by der du alltid har ein motbakke på veg heim. Etter elleve år i byen kan eg bekrefte at det er sant. Men bakkane i Bergen er fislete samanlikna med San Francisco.

Bergen - også i San Francisco!

Dei siste to dagane har eg hatt fri - og eg har brukt fridagane mine på shopping og velvere - og motbakkar. Det har vore fine dagar, sjølv om dei juleenglane eg kunne tenke meg ikkje har vorte noko av. Eg befinner meg no i Santa-land. Det må eg vel berre finne meg i.... hadde eg i det minste funne eit fint eksemplar av Rudolf så skulle eg vore glad lenge eg..


Men det var egentlig motbakkane eg skulle skrive litt om.
For det er mange som har snakka om at eg MÅ kjøpe meg bil. Eg bur jo trass alt i Amerika.
Og la det vere sagt - sjølv om det berre bur rundt 800.000 i sjølve San Francisco, så bur det meir menneske rundt bukta her enn det gjer i Norge. Og avstandane er STORE!
Men eg har gått og kjent på at eit bilkjøp sit langt inne..


Det er jo ikkje det at eg ikkje vil ha bil. Det hadde jo vore kjekt å kunne cruise rundt i f.eks. ein Mini Cooper. (eg kan ikkje noko for det, men vi hadde Morris Mini då eg var liten og eg har elska den type bil sidan!) Og bil skal visst vere billig her - så det kan jo vere, hvis eg no ser at eg får råd, at det blir gjort... (Det er dyrt å flytte, så eg må uansett spare litt før eg går til eit slikt innkjøp)


Men det er faktik bakkane som held meg mest igjen.
Eg er ikkje redd for å køyre dei - her går det i automatgear, så eg slepp å bekymre meg for bakkestart.
Eg er ein smule meir bekymra for lukeparkering i bakkane, det er ikkje mi sterkaste side på flatmark - og måtte Herren vere både meg og mine medtrafikantar nådig når eg skal begynne med slikt i bakkane her! Ja, for det kjem ei dag då eg må det - eg skal ta amerikansk førarkort (hurra, teoriprøve og oppkøyring på nytt) og kyrkja har bil som eg skal bruke i jobben.

Sjømannkyrkja, i froskeperspektiv
Og det er nettopp det - eg har bil eg kan bruke når eg treng den på jobb. 
Det er her dette med bakkane egentlig kjem inn.
For eg hadde bil då eg gjekk på vidaregåande. Ein fin og grøn golf frå 1979.
Den gjekk som ei kule, bortsett frå når den stod på verksted - noko den gjorde mykje heilt fram til svogeren min skifta forgassaren, og fråtok verkstedet ei sikker inntektskilde.
Då eg gjekk på vidaregåande budde eg på toppen av Åsen på Sandane.
Det var 20 minutt med motbakke heim frå skulen.
Då eg fekk bil var det toppen 10 minutt... og eg gjekk så og seie aldri, bortsett frå når bilen var på verksted - men då haika eg gjerne med ho eg budde i lag med i staden.


Det er noko vidunderleg med litt gratis trim.
Det oppleves veldig mykje bedre å ha vore ute og pest seg opp ein bakke, enn det er å stå og trakke på ei tredemølle inne.
Men det er også himla tungt når ein er seint ute, eller er trøtt etter ein sein kveld.
Og det er veeeeeeldig fristande å sove 10 minutt ekstra, hvis ein veit at ein berre kan hive seg i bilen
og ikkje må sette opp dampen og komme svett og fæl på jobb.


Eg trur eg vil teste ut bakkane ei stund til. Pushe meg sjølv litt. Jentene her har allereie informert meg om at det kjem til å gje meg ei heftig bra rumpe (ikkje at eg klagar over den eg allereie har altså!).
Og når ein ikkje har bil så kan ein jo unne seg litt annen luksus, som f.eks. nye negler i blant..


Og når du ikkje har bil, og drar på varene dine opp og ned bakke etter bakke, så kan det jo vere at du ikkje berre utviklar meir enn ei bra rumpe. Det er liksom noko med når du har 2 gallon-flasker (1 gallon er ca. 3,8 liter) og ein haug med andre matvarer opp bakken... du står liksom i fare for å utvikle musklar...


Og så blir det ekstra deilig når matvarene er sett i kjøleskap og skap, og du kan sette deg ned i sofaen med god samvittighet og nyte å vere litt fysisk sliten.
I tillegg er det ikkje så ille å komme til toppen av bakken og nyte utsikten. Du har jo ikkje tid til å stoppe og nyte den når du berre køyrer forbi..


1 kommentar:

  1. Kjenner at reisegenet mitt slår inn når eg ser desse bileta. Forstår godt at du trivast. Håper oppholdet ditt vert flott. Er du forresten der på ubestemt tid? (Vart so lett å kommentere no når eg har brukarnamn og greier).

    SvarSlett