mandag 2. desember 2013

Siste helg før avreise

Det har vore ei kjekk helg.
Eg har vore så heldig å ha besøk 
av mi herlige niese Helene.


Vi har både vore på koffertshopping,
ein svært våt lysfest og 
(heldigvis) ein tørr kino.
Vi har drukke kaffe både frå Kaffemisjonen
og Starbucks.
Vi har kosa oss med overmåte store mengder snop
og testa ut at røykvarslaren fungerer.
(det siste var det underteikna som testa då ho skulle koke egg!
Dèt lovar jo godt for ei husmor........)


Lysfesten er den finaste festen i Bergen! <3


Det har vore seine nattetimar
og late morgontimar.
Det har vore latter og alvor,
ein del pakking
og litt mindre rydding enn planlagt.
I det heile tatt har det vore
rolig, behagelig og morsomt.
Akkurat slik det brukar å vere 
når eg er i lag med tanteungane mine.




Det føltes veldig tomt i leiligheten 
då eg kom tilbake etter å ha fulgt henne på båten.
Det var så stille etter å ha hatt nokon å prate med
heile helga..


Den siste tida har vore prega av mange avskjedar.
Det er dessverre prisen ein må betale
når ein tek imot sånne muligheter som eg no har fått.
Eg skal ikkje seie at eg syns det er lett.
Eg kan ikkje seie at eg berre ser framover.
Det har vorte nokre tårer dei siste vekene.
Men det er noko bra med det og.
Det betyr jo berre at eg har nokon eg bryr meg om,
nokon som set sine avtrykk i livet mitt
og som har ein plass i hjartet mitt.


Difor var det ekstra fint å få med seg
adventkonsert i Domkirken.
Ein konsert med vakker musikk
og rom til ettertanke.
Det vart ein time der eg fekk rom
til å kjenne på takksemd over åra i Bergen,
over familien min, vennane mine og 
alt det gode eg har fått vere med på til no
og alt det spennande som ligg framfor meg.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar