fredag 29. november 2013

I disse julegaveshoppingtider.

Eg pakkar og organiserer for tida. 
Det er berre nokre dagar til eg reiser frå landet,
og då må ting lagrast.
Ein må vurdere kva ein kan gje vekk, 
kva som skal med på flyttelasset
og kva som skal lagrast.
Ein må innsjå at ein del ting skulle vore kasta for lengst, 
og gjere noko med det.


Det som har slått meg er at eg har så ufattelig mange ting.
Eg kan ikkje fatte at eg har hatt plass til alt.
Og eg må innrømme at det er berre ein brøkdel 
av tinga mine eg brukar jevnleg.
Eit skikkelig I-landproblem.


Eg trur egentlig eg ikkje er så aleine om dette.
Det er berre ekstra tydelig for meg 
her eg står til halsen i ting som må sorterast.
Så i år har eg eit ønske om at vi brukar mindre pengar på skapfyll
og meir pengar på ting som faktisk utgjer ein forskjell.
Eg har til og med eit forslag til kva, 
heilt objektivt sett sjølvsagt:


Sjømannskyrkjene rundt omkring i verda betyr mykje for mange.
Du kan lese masse om dette på nettsidene våre:
Der vil du også sjå at det er ei kampanje
der du kan enten gje 70 kr på sms 
eller du kan gje det du måtte ønske inne på nettsida.
Det betyr faktisk mykje for menneske som treng
sjømannskyrkja at nokon er villige til å gje.
Sjømannskyrkja er nemleg mykje meir enn gode vafler!


Eg foreslår ikkje at du skal droppe julegåvene,
for det er ei glede i å gje!
Og eg lovar : 
det er ei glede i å sende sms med TILSTEDE til 2490 også! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar