torsdag 14. november 2013

Draumar som ikkje vart noko av og håpet.

Eg har vore nokre dagar i Oslo.
Nokre herlege dagar.
Nokre dagar der eg har fått lov å smake 
på draumen eg har hatt i mange år.
Eg har begynt ei ny vandring.
Eit nytt kapittel.
Eit kapittel med overskrifta: Sjømannskyrkja.


Etter å ha vore på visumintervju,
møtte eg ei diktstrofte på bakken
ved inngangen til Bondeheimen.
Det var eit dikt av Olav H. Hauge 
eg høyrde mange gonger i sommar.

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg, 
at hjarta skal opna seg, 
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg, 
at me ei morgonstund skal glida in
på ein våg me ikkje har visst um.

Det er eit vakkert dikt.
Det er eit sant dikt.
For er det ikkje slik det er?
At vi alltid går og ventar på at noko 
fint, godt, fantastisk eller vidunderleg
skal skje?


Men så er det no slikt at det er 
ikkje alltid at dei draumane vi har blir noko av.
Eg reiste ikkje til Hong Kong for å jobbe på Backpackerhus.
Eg vart ikkje prestefrue på Sørlandet.
Eg fekk ikkje born 
og hadde småbarnstreff i stova på føremiddagar med sol.
Eg vart ikkje superøkonomisk.
Eg vann ikkje i Lotto heller.
Eg fekk ikkje eksamensresultata eg ønska.
Eg vart ikkje slank og lekker.
Eg vart ikkje berømt jazzsangerinne.
Eg fekk ikkje med meg 360-touren til U2.

Det er fort gjort å fokusere på
dei draumane som ikkje vart noko av.
Det er fort gjort å la det sluke
alle dei vidundelege tinga som skjer,
som gjer livet lyst og godt.
Skal eg vere ærleg
må eg innrømme at nokre draumar 
er kjipe at ikkje vart noko av.
Nokre ting kan vere smertefulle.
Men - eg er veldig takknemlig for at 
eg ikkje er verken prestefrue på Sørlandet eller berømt.


Ofte er det jo slik at når ein får ting litt på avstand,
så ser ein at det var jo i grunnen veldig greitt at det gikk som det gikk.
Og om draumen ein hadde ikkje vart noko av, 
gjer ikkje diktet mindre sant.
Det handlar jo om meir enn enkle draumar, 
det handlar om håpet om ei god framtid,
med nye, spennande erfaringar.
Og det er ikkje alltid at dei draumane
vi har i ulike faser i livet
er dei draumane som vil vere
vidunderlege for oss i virkeligheta.

Men nokre gonger...
Eg var kjempetrøtt då eg møtte starten
på dette diktet på tysdag.
Alle ting som måtte i boks før helga, 
visumintervju og alt stress som fulgte det ukjente ved det, 
og pittelitt søvnmangel,
gjorde at eg nesten tok til tårene då eg var på ambassaden
og oppdaga at eg hadde gløymt eit papir. 
Og dei som kjenner meg veit 
at dét er ikkje normalt for meg.
Dette er jenta som har komt seg 
gjennom 18 år med skulegang
utan å grine meir enn éin gong i skuletida.
Det var ikkje då eg knakk halebeinet 
med ein fot på kvar side av bommen i gymtimen,
heller ikkje då eg knekte nasen 
eller tryna ned sklia så blodet spruta.
Men sjokket over å komme opp 
i tysk skriftlig åpna slusene fullstendig.
Det må med andre ord ekstreme situasjonar til 
for å framkalle tårene her i garden.


Heldigvis gjekk det fint på ambassaden. 
Det vart ingen tårer for amerikanere 
er jo hyggelige og hjelpsomme!
Likevel gjekk eg og såg i bakken,
lettare utmatta då eg kom til Bondeheimen 
for å fortsette på kurset eg var på.
Orda lyste mot meg
og minna meg på at 
det var dette som var grunnen til at eg var sliten.
Eg skal ut og leve ein av alle draumane eg ber på.
Eg er så heldig at eg skal få sjekke ut 
om den er så vidunderlig som eg trur.
Eg kjende korleis energien vendte tilbake til kroppen.
Korleis gleda over å få slike muligheter fyllte meg.

Håpet har den funksjonen. 
Det gir pågangsmot og glede.
Det hjelper oss å sjå framover,
i staden for å dvele med det som ikkje gjekk.
Det er ein god ting.
Håpet er difor noko av det viktigaste vi menneske har.
Håpet om det gode, det sanne og det virkelige.
Håpet om at noko vidundeleg skal skje.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar