lørdag 23. november 2013

Frå og til

Om 14 dagar er eg DER.
I byen som er kjend for sine bakkar, sin trikk, si bru og sitt (stengde) fengsel.
Byen som er berykta for å stjele hjerter.
Byen som kan by på dei spektakulære 49ers.


Akkurat no er eg HER.
I byen som er kjend for sine fjell, baner, ja, her er nokre bruer og eit fengsel óg..
Byen som har sjarmert mange i senk - på ein solfylt dag.
Byen som har eit fotballag som kan male byen rød, eller framkalle tårene til dei barskaste mannfolk.


DER ventar meg noko spennande. Noko nytt. Noko annleis.
HER er det trygt. Det er gammalt. Det er kjent.

Etter kvart som dagane no går,
så går det stadig meir opp for meg (med lett innslag av panikkarta pustebesvær):
Eg skal ikkje på ferie.
Eg skal flytte.

Ny amerikakoffert.

Det er kjempeskummelt!
Det er kjempespennande!

Det er kjempeskummelt å flytte frå alt ein veit kva er. Det er trist å forlate venner og familie. Det er i grunnen dét som er vanskelig med å flytte : Å vite at du vil befinne deg langt vekke frå dei du er glad i.
Det går ikkje å gløyme at det blir noko som ikkje får plass verken i flyttelass eller koffert. Det blir noko(n) som må bli igjen heime.

102 l koffert er desverre for lite til alle desse.

Men blir fokuset der, så blir denne prosessen veldig tung. Ein må sjå framover. Ein må tenke at ein flyttar TIL noko, ikkje frå noko. Eg vel å tru at det som var verd å samle på her, vil også ha ein plass i livet mitt sjølv om eg er tusenvis av mil unna. Og eg flyttar til landet eg har (i all hemmelighet) drøymt om å bu i sidan eg gjekk på ungdomsskulen - og til ein jobb eg har drøymt om i mange år. Ein del av meg kan ikkje heilt forstå at eg er så heldig!


Og heldigvis har vi skype, mail og andre tekniske, fancy løysingar som gjer at kommunikasjonen heim vil fungere mykje bedre enn den gjorde for 15 år sidan.
Så eg kjenner at sommerfuglane tek meir og meir plass i magen, tankevirksomheta rundt kva som må gjerast før eg reiser blir stadig meir intens og prioriteringane mine er meir prega av dei eg er glad i enn av tinga mine.


Eg kjenner at eg gleder meg stadig meir til å starte dette eventyret. Snart er eg der. Snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar