fredag 15. november 2013

Eg er i grunnen ganske hyggelig.........

Dei siste par dagane har eg fått høyre litt om korleis eg er. Det er ganske spennande å få høyre kva andre tenker om deg og seier om deg. Men eg syns av og til at det er litt trist at vi ikkje vågar å fortelle kvarandre kva vi tenker og føler. Er det fordi vi tar det for gitt at folk forstår kva vi tenker? Er det at vi trur det er underforstått i det vi gjer? Eller er det menneskefrykt - at vi fryktar at det blir lagt for mykje i det?


Det vart veldig tydelig for meg då eg hadde avslutningslunsj på bispekontoret. Eg vart heilt overvelda av kor mykje godt det var å seie om meg. Eg greier no ikkje å fri meg frå tanken at enkelte smurte litt vel tjukt på, men eg trur faktisk det meste var oppriktig. Eg har vore velsigna med nokre fantastiske kollegaer, og erfaringsmessig seier dei ikkje ting dei ikkje meiner. Eg har ikkje følt meg dårlig likt, men i kvardagen var det sjelden eg fekk høyre noko positivt. Eg trur ikkje det var noko bevisst  som ligg bak det. Eg trur det var meir at ein ikkje tenker over kva det betyr noko å få høyre bra ting. Men så lenge eg ikkje høyrde noko negativt, så er eg så enkel at eg tenkte at alt var greit. Og eg skal ikkje påberope meg å ha vore flink til å gje andre kompliment heller!

I Oslo møtte eg ei eg kjenner som kunne fortelle meg at eg hadde blitt omtala i særdeles positive ordelag av nokon eg trudde ikkje var særleg begeistra for meg. Det er ikkje at vedkommande har uttrykt at eg ikkje var likt, det handla berre om magefølelsen min. Vedkommande hadde heller ikkje sagt noko som tyda på at eg var særlig godt likt - til meg.

Eit kompliment kan lyse opp ein mørk dag

I går sat eg og snakka med ei eg aldri før hadde møtt, og ho kunne fortelle at ho hadde hørt at eg var ekstremt hyggelig av nokon andre. "Dei andre" som var kjelda for denne svært trivelige tilbakemeldinga hadde eg ikkje følt meg særlig hyggelig mot, eg hadde berre masa om ulike ting og opplevd meg sjølv som ein skikkelig "pain in the ass", for å seie det på godt norsk.

Det gjer noko med deg å få høyre gode ting om det sjølv. Eg kjende på det på mandag, då eg vart introdusert for sjømannskirkefolka som ein person som virkelig hadde noko å komme med, at eg var verd å høyre på og at dei var glad for å ha meg med på laget. Eg vart tryggare i oppgåvene eg skulle gjere og eg vart glad. Men det treng jo ikkje vere uttalt foran andre for at det skal gjere noko med deg. Det gjer alltid noko med deg folk fortel at dei set pris på deg og ser noko bra med deg.  Det lyser opp kvardagen. Det gjer det lettare å møte utfordringar. Men vi er så himla dårlige på å seie det til kvarandre. Ofte blir det til at vi fortel andre om kva positive kvaliteter ein person har, framfor å fortelle det til den det gjeld. Og så samlar vi det opp til avslutningsfesten. Men også menneske som er svært flinke til å synge blir glad av å få høyre at andre syns dei er det - på ein heilt vanlig tirsdag, og kanskje endå gladare når nokon fortel at sangen deira har betydd noko for dei!



Eg har blitt bevisst på dette. Eg har lyst til at menneska eg møter i kvardagen min skal få vite at dei er flinke til jobben sin. Eg har lyst til at dei skal få vite at dei er hyggelige, festlige, omtenksomme, smarte, vakre og unike. Eg har lyst til at dei skal vite at eg set pris på dei, likar dei og er glad i dei.

Så herved gir eg ei utfordring vidare:
Fortel nokon kva du set pris på ved dei i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar