onsdag 6. november 2013

I møte med det ubehagelige framande

Eg hadde ein gong ein kollega. Han kom frå eit krigsherja område i Afrika.
Han var ikkje særleg sosial. Han kunne vere litt brysk.
Han kunne framstå som sur og tverr.
Ein kan seie at han ikkje var særleg godt likt.

Det var ein dag i lunsjen at det sprakk for meg.
Han hadde kjefta på meg for noko, eg hugsar ikkje kva.
Eg spurde kva som feila han.
Av ein eller annen grunn svarte han meg.
Kanskje var det fordi vi var åleine på personalrommet.
Kanskje var det fordi han var sint på meg.
Eg veit ikkje.
Men eg fekk ei lekse i kor heldig eg har vore.

Eg har alltid hatt det trygt og godt

Han fortalde om krig, svolt og død.
Han fortalde om ei verd som eg aldri hadde sett, anna enn på tv.
Om frykt, flukt og familie han ikkje visste kor var eller om dei levde.
Han fortalde at kvar dag var det nokon som sa eller gjorde noko som sette i gong minnene om alt det grufulle.
At han greidde å fungere etter å ha opplevd det han hadde, var over mi fatteevne.

I tillegg påstod han at han var heldig.
Han hadde fått lov å bli i Norge.
Han hadde fått lov å lære språket og han hadde fått ein jobb.
Han slapp å reise tilbake til alt det vonde.
Han fortalde at då han kom til Norge hadde den største frykta vore at han kunne bli sendt tilbake.
Han ville bli, samtidig lengta han heim til det som hadde vore før krigen.
For Norge var framleis eit framand land.
Eit land der skikkane var annleis. Eit land der kodene for korleis ein oppfører seg var svært ulikt heimlandet. Eit land der flesteparten trudde på noko anna enn han. Eit land med ein heilt annen kultur enn han hadde vokse opp i. At han fortalde meg det han gjorde var fullstendig utypisk.



Eg har tenkt mykje på han dei siste dagane.
På alt han lærte meg den dagen.
Facebook har florert av kommentarar om denne mannen
som tok livet av tre menneske på ein buss.
Ei meiningslaus hending.
Mine tankar går til dei som sit igjen med sorg og sakn.
Slike ting skal ikkje skje!
Og eg har ingen intensjon om å forsvare gjerningsmannen.
Men ingen av oss veit kva som skjedde på den bussen.
Vi veit berre utfallet av det.
Og vi veit at det er smertefullt og vanskelig.


Likevel ropar mange no høgt om at vi må skjerpe asylpolitikken.
Media bygger opp rundt sinnet som mange kjenner på.
Eg kjende kor hjartet sank då orda "av utanlandsk opprinnelse" kom i nyhetene.
Mannen skulle vore sendt ut av landet for fleire månader sidan.
Han hadde ingen rett til å vere her.
No har han kosta tre av våre livet.

Men ingen tek livet av tre menneske ein ikkje kjenner dersom ein er ved sine fulle fem.
Og eg tek meg i å lure på kva som rørte seg i hovudet hans då det skjedde.
Svartna det heilt? Var det frykta som tok overhand? Var det noko som plutselig trigga eit minne? Var det ei psykose som brått ramma? Var det desperasjon?

Spørsmåla stiller sikkert fleire seg. Og ingen av oss har noko med det å gjere, bortsett frå dei som faktisk har mista nokon dei er glad i og dei som skal avgjere kva som skal skje med denne mannen vidare. Det er likevel lett å hisse seg opp og utbasunere frustrasjon og aggressjon over det media serverer oss om dette. Men før vi roper om skjerpa asylpolitikk, om strengare grensekontroll og kjeppjaging av asylsøkarar, la oss tenke oss litt om.

Tenk å gå heilt åleine uten å vite kvar du skal
eller kva som ventar deg...

Tenkt om det var du som hadde flykta frå krigen.
Tenk om det var du som hadde mista familien din, som ikkje visste om barna dine eller foreldrene dine, søsken eller kjæresten, levde eller var døde.
Tenk om det var du som hadde måtte overleve i døgn utan mat og skikkelig drikke og kanskje til og med hadde vore gjennom den mest utspekulerter tortur.
Tenk om det var du som hadde flykta i ein overfylt båt som kanskje, og berre kanskje, kom seg over havet.
Tenk om det var du som kom til eit land der ingen snakka språket ditt, eller oppførte seg etter dei same sosiale kodene som du var van med, eller der fleirtalet hadde ein anna hudfarge enn deg.
Tenk om du kom fram utan nokon form for dokumentasjon på kven du var. Identitetslaus.
Tenk om det var du som vart sett på eit asylmottak. Eit upersonlig bygg, der du var saman med mange andre som var i ein liknande situasjon som din - og kanskje til og med nokon frå dei du hadde flykta frå sat der.
Tenk om det var du som sat med frykta for å bli sendt tilbake.
Og tenk om ein av dei som hadde same hudfarge som deg, som hadde samme status som deg klikka fullstendig og tok livet av nokon av dei som hadde rett til å vere i landet.

Kor redd hadde du blitt då?

Og la oss tenke litt igjennom kven vi er. Rikaste nasjonen i verda. Vi klagar på at bygdene blir tomme, men vi vil ikkje gje rom for altfor mange som ikkje er etnisk norske. I allefall ikkje dersom dei har annen hudfarge enn oss og har andre skikkar enn vi. Vi kjeftar over at dei ikkje kan innordne seg etter våre reglar og normer, at dei ikkje har respekt. Og så reiser vi til syden og oppfører oss som om det skulle vore vårt land. Det er ikkje spanjolane som er grunnen til at det i fleire turistbyar har blitt forbod mot bar overkropp på offentlig plass. Det er det nordiske, respektlause turistar som syns det er deira rett til å sprade rundt i bikini eller bar overkropp som er grunnen til.


Å forstå kodene i andre land og andre kulturar er vanskelig. Noko som ei valdtektssak i Dubai viste oss tydelig i vår. Ho forstod at ikkje alt fungerte som i Norge, men trudde likevel at ho som kvinne hadde nokre rettigheter. Og då ho handla som ei kvar norsk kvinne ville gjort, vart situasjonen endå verre. Vår kultur er like annleis for dei, som deira kultur er annleis for oss. Og vanlegvis har du mulighet til å undersøke korleis ting fungerer i eit land du skal besøke, men når du flyktar reiser du dit du kan komme deg. Og når du flyktar har du med deg mange nissar på lasset.
Verda sitt rikaste land, som på ingen måte er overbefolka, burde ha plass til å ta i mot menneske som er i naud. Vi burde ha råd til å vise omsorg og gje menneske sjansen til eit verdig liv. Enten dei er nordmenn eller har ein annan nasjonalitet. Og ja, det er mykje som trengs å gjerast for å betre levekåra til enkelte nordmenn også - men det er ein heilt annan diskusjon.


Eg skriv ikkje dette for å forsvare gjerningsmannen frå Valdresekspressen. Eg skriv dette fordi eg tenker på alle dei andre som sit på asylmottak og ventar på eit vedtak frå Staten Norge. Sjølvsagt er det menneske som utnyttar systemet der, akkurat som alle andre plassar der det er eit system. Men eg tenker på dei som håpar, men som veit at det ofte er lettare for ein kamel å komme gjennom eit nålauge enn det er å få ein gullbillett her. Dei som gjerne vil bidra til eit godt samfunn. Dei som har vore til helvetet og tilbake, som har mista alt sitt og mange av, om ikkje alle, sine, og som berre ønsker fred. Dei som no sit med hjartet i halsen, som er redd for å gå på butikken fordi dei forstår hatet som mange kjenner på no - og som dei opplever retter seg mot dei. Kanskje forstår dei det betre enn mange av dei som faktisk kjenner på det. Og før vi stempler alle asylsøkarar som farlige og potensielle drapsmaskiner fordi éin mann har gjort noko forferdelig, bør vi kanskje hugse at det ikkje er så mange åra sidan ein etnisk nordmann påførte mange familier store smerter. Vi er ikkje som han berre fordi vi har vokst opp på samme plass og har same hudfarge.



Eg drøymer om at vi kan leve saman med omsorg for kvarandre. Eg drøymer om fellesskap som bryr seg - også om dei som er annleis. Eg drøymer om at vi i staden for å dømme andre fordi dei ikkje forstår kodene våre, kan samhandle og vere i dialog slik at vi forstår kvarandre. Eg drøymer om eit samfunn der vi kan vere lys i kvarandre sitt mørkre. Eg drøymer om at vi kan sjå at grufulle handlingar blir begått av alle slags menneske. At det ikkje handlar om etnisitet eller religion. Det handlar om enkeltmenneske sine valg. Og nokre gonger handlar det om enkeltmenneske sin sjukdom - sjølv om det er hardt å akseptere.

Ein ting er å drøyme om det, ein annan ting er å gjere noko med det. Så eg trur kanskje eg må ta ein kikk i speilet og begynne med det som møter meg der...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar