tirsdag 26. november 2013

Eg gruar meg til jul!

Vi sat og snakka, om forventingar og desember.
Plutselig kom det: "Eg gruar meg til jul!"


Det kom ikkje frå nokon utan ressursar eller venner.
Det kom frå ein som har alt det materielle ein treng.
Grunnen var ikkje at pengane ikkje strekk til, 
men at familien var gått i oppløysing.


Samtala fortsatte om kor varmt og fuzzy alt er i desember.
Det er julegløgg, pepperkaker, julelys og julesangar.
Det er juleverksted, julekonserter, julebord og julefilmar.
Men det hjelper lite når hjertet er knust.
Når den eller dei du har lyst å tilbringe tida saman med,
erfare alle koselige julegreier sammen med, 
ikkje er der lenger.
Ein begynner å kjenne på forventninga om at alt skal vere så perfekt,
og så føler ein seg heilt "lost" når det ikkje er det...


Eg har kjent litt på at eg ikkje har same forventninga til jul i år
som eg brukar å ha.
Eg gruar meg faktisk litt, eg og.
Det er det einaste eg kjenner at eg gruar meg til med USA.
Eg veit at folk kjem til å vere greie med meg
og eg vil heilt sikkert ha det fint.
Men eg får nok ein knekk også.


Eg kjem til USA i starten av desember.
Eg får ikkje tid til å bygge meg opp eit nettverk.
Og tankane kjem heilt sikkert til å gå til dei heime.
Saknet kjem til å vere stort. 
Særlig første juledag,
når eg veit at alle er samla til kalkunfest og mamma sin fantastiske Waldorfsalat.
Men eg har det enklare enn kompisen min, 
for eg har tross alt valgt å sette meg på flyet sjølv
og eg veit at dei som er heime vil gjerne ha meg der
like mykje som eg vil vere hos dei.
Eg har ikkje eit knust hjarte.
Eg kjem sikkert til å få snakke med folka mine i løpet av jula.


Men det har fått meg til å tenke litt meir gjennom korleis det egentlig er med jula.
Vi har ein veldig selektiv hukommelse.
Eg hugsar berre dei gode øyeblikka når eg tenker på jula då eg var liten.
Men dersom eg tenker etter
var det mange hissige diskusjonar om juletrepynten.
Julelysa var aldri sjekka før på julafta, 
og det mangla nesten alltid ei pære.
Det var alltid, uansett kor godt planlagt ting var, 
noko som skar seg og som forårsaka stress og knuffing.
Vi var ei familie på 6 som skulle dusjast, pyntast og komme oss i kyrkja.
Slikt blir det ein smule amper stemning av i blant,
og eg bidrog GARANTERT til det!


Men det eg hugsar er pinnekjøtlukta når vi kom heim frå gudstenesta.
Sølvguttene på tv, besteforeldre rundt bordet og rett og slett julefred.
(bortsett frå då bror min starta på "Likfunn" av Jakob Sande midt under ein julemiddag)


Eg hugsar jula eg opplevde som barn som perfekt. 
Det var ikkje alle tinga som gjorde den perfekt, 
det var menneska.
Menneske som elska kvarandre.


Eg har vokst opp i ein heim der det alltid har vore rom 
for ein til rundt matbordet, eller i sofaen.
Ein heim der ein har reidd opp senga på roterommet om nokon trengde det, 
framfor å holde ei perfekt fasade.
Det har nok vore med på å forme meg.
Eg åpnar glatt heimen min for andre,
men det er noko heilt anna når det er eg som kanskje treng den ekstra plassen.
Eg trur ikkje eg treng det i år,
eg tippar eg har så masse å gjere at eg ikkje tenker på det.
Men eg har tenkt på det,
og i jula er det ikkje så enkelt å skulle stige inn til ei familie som ikkje er di
og feire jula i lag med dei - sjølv om ein er hjertelig velkomen.


Eg merkar at eg har blitt litt meir varsom med å 
framelske dei varme og fuzzy greiene.
Eg har kjent på det no når eg har stressa med
å bli ferdig med julegavene før eg reiser.
Eg vil heller vere med å dele litt varme,
bidra til litt lys og gjere jula til ei minneverdig høgtid
for nokon som treng det.
Og så har eg lyst til å la jula handle om det den egentlig handlar om.
Ikkje berre pakkar, pepperkaker, julesnø, julelys eller juletre.
Eg vil den skal handle om det som gjev meg grunn til å feire jul,
uansett kvar eg er og korleis eg har det.



For:
Det sanne lyset, 
som lyser for kvart menneske, 
kom no til verda.

Han var i verda, 
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.

Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born, 
dei som trur på namnet hans.
(Joh.1:9-12)
          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar