fredag 6. desember 2013

Reise med pusterom


Tidlig tysdag morgon
drog eg med meg mine 2x23 kg
og særdeles tettpakka handbagasje 
ned til flybussen.
Eg kan opplyse om at riddeligheta 
ikkje er stor i rekkene til flybussjåførar,
men eg er løysingsorientert
og fekk med meg alt både inn og ut av bussen.


Ute regna det,
på mange måtar var det det perfekte send-off vêret.
Men eg må innrømme at det trilla nokre tårer
der i mørket på flybussen.
Plutselig var ei epoke over.
Plutselig var det ikkje meir å pakke.
Plutselig var det noko kjent og kjært som låg bak
og noko ukjent som ligg foran.


Eg hadde lagt inn eit kviledøgn i København
rett og slett fordi eg kjenner meg sjølv godt nok til at eg veit
at eg blir ståande å pakke og rydde til siste slutt..
(og det stemmer jo,
eg la meg vel 02.30 natt til tysdag)
Og det var eit veldig godt valg.


I tillegg fekk eg helse på nokre av sommarens venner.
Eg var til og med så heldig at eg vart henta på flyplassen
av ein skikkelig gentleman,
som sørga for at koffertane mine fekk stå trygt
på flyplassen mens eg var i København.

Julestemning på Sjømannskyrkja i København

Det vart nesten to døgn med pustepause.
Andre må på landet og vere for seg sjølv 
for å finne roen og senkar skuldrane,
eg likar meg og der,
men det er noko med byen som får meg til å senke skuldrane.
Eg trives best med menneske rundt meg, 
både når eg er med venner og 
når det berre er ukjente folk som er der rundt meg.

Nokre tek dette med å vere lys i verda
meir bokstavlig enn andre ;)

Og det vart mange slike stunder desse to døgna.
Eg kjende stresset frå pakking og alle avskjedar
slapp taket og skuldrane senka seg.


Og ein bonus var jo å få henge med veldig kjekke folk! :)




Eg greidde til og med å be meg sjølv med på ein tur 
på Tivoliet.
Det greidde eg jo ikkje å somle meg innom i sommar.



Eg vart introdusert for litt alternativ snop..
Den til høgre anbefales! :)


Og eg fekk ein tur i H.C.Andersens rike.


Men så var det tid for å komme seg vidare.
Vêrmeldingane var ikkje dei beste, 
så eg var spent på korleis det skulle gå.


Det starta rolig og fredelig på Kastrup.



Men flyet til Heathrow var litt over ein time forsinka, 
for der var det storm.
Fleire ombord rakk ikkje flyet sitt,
og fikk beskjed om at dei vart ombooka til seinare fly.
Eg var rolig og tenkte eg hadde greitt med tid
heilt til eg kom ut og ser ei dame
med mitt neste flynummer på ein lapp.
Og når ho i tillegg ga meg ein oransje lapp
med beskjeden "HURRY!"
så vart eg litt småstressa...


Eg trur kanskje det har vore nordmenn som bygde Heathrow,
for det var ikkje for mange skilt som viste veg.
Men eg kan jo språket og spurte meg fram,
og etter ein liten spurt kom eg omsider fram til gaten
i det dei begynte boardinga.
Hadde ikkje dama med den oransje lappen vore der
hadde eg sikkert gått og dilla ein plass...
Så begynte siste etappe.
11 timar i lufta.

Litt usikker på kva flypleddet  er laga av...

Vi vart sjølvsagt ein time forsinka ut frå Heathrow også.
Og det var ikkje så lett å sove,
så det vart mykje film.
Vel framme vart eg møtt av sjømannspresten
som også er meir gentleman enn norske flybussjåfører.

finally in America!
 Eg kom fram til leiligheten
med litt mat i posen,
fekk pakka ut og fann varmen
før eg stupte i seng.

Det var ikkje direkte varmt..

Endelig er eg her.
Det eg har venta eit halvt å på 
er i gang.
Livet er jammen spennande greier! :)


3 kommentarer:

  1. So kjekt å høyre at du e koma fram trygt & godt.
    Trur ikkje Bergen likte at du for ... Makan til veir e sjeldan !
    Skal bli spennande å følgje deg in America :)

    SvarSlett
  2. Minner om hvordan det var da vi kom til Miami for 10 år siden siger på. Du er heldig. Sukk . . .

    SvarSlett
  3. Velkommen "over here". Hilsen fra Sjømannskirken i Houston. (Minner om at vi trenger heiagjeng i LA 9.mars)...

    SvarSlett