søndag 8. desember 2013

Studentmiddag, Swea og Jazz

To døgn har gått sia eg ankom California.
To innhaldsrike døgn!
Så innhaldsrike at eg nesten
ikkje greier å tru at det berre er to døgn
sidan eg landa her..
Det starta med studentmiddag.


77 studentar og aupairar kom innom kyrkja
for å få litt svensk og norsk julemat
i går kveld.

Kamilla fiksa sprø svor! :)

Eg fekk lov å tilbringe dagen sammen med 
Kamilla, som har vore vikar for meg
og som skal lære meg opp,
og Åsa, diakonen for den svenske delen av kyrkja.

Kamilla, meg og Åsa :)
Stemninga var på topp,
maten var nydelig 
og det vanka aldri så lite julestemning også :)

Presten vår

I dag starta dagen roleg.
Eg fekk til og med tid til ei lita skypesamtale 
med mamma og pappa, 
før eg vart plukka opp av presten
og tatt med på Swea-basar. 
Swea er ei svensk forening,
og dei har ein kjempebasar her .
Der var mange fjes å helse på,
eg hugsar få namn enno, 
men satsar på at dei snart vil brenne seg fast i minnet..

Sjølvsagt kom Lucia :)

Etterpå havna vi på Savoy Tivoli.
Med medbrakt pizza fra Tony's 
kunne vi nyte herlig jazz
frå folk som veit kva dei driv med :)




Det vart ein mykje meir innhaldsrik dag enn eg hadde trudd
då eg stod opp i dag, og den vart avslutta med litt blues
og italiensk middag.
Så langt har San Francisco vore ein veldig bra plass å lande.
Eg kjenner at eg er spent på fortsettelsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar