lørdag 28. desember 2013

Den første jul i et fremmed land..

Mange nordmenn vil kanskje tru at  USA er jo ikkje så framandt.
Vi ser jo heile tida filmar herfrå,
og vi adopterer stadig ting herfrå.
Men USA er ikkje Norge.
California er ikkje Vestlandet.
San Francisco er ikkje verken Bergen eller Stadlandet.

My street: Vallejo :)

Eg var godt forberedt på jula.
Eg var forberedt på at eg ikkje ville oppleve ei vanlig jul.
Eg var forberedt på at eg ville få heimlengsel.


Det har i grunnen gått over all forventning.
Ein av grunnane trur eg er at eg har vore innstillt på at det ville bli annleis.


Det har vore stille og rolig rundt meg.
Julaftan var det først heimelaga gløgg
og litt julekaker,
før det var to gudstjenester i kyrkja.
Vi hadde invitert til kaffe og kaker kl.18,
men det var ingen som kom - så då gjekk vi heim.



Eg slappa av med ein lett middag,
åpning av pakkar og Love Actually.
Det høyres kanskje stusslig ut,
men dei siste vekene har vore så innhaldsrike
at det var godt å roe heilt ned.
Alt er jo nytt her - det er nye system å forholde seg til,
nye menneske, nye tradisjonar, nye omgivelsar og reglar.
Vel, ein del ting oppleves gammalt sjølv om det er nytt,
for eksempel brukar ein sjekk her.
Eg kan hugse at mamma hadde det då eg var liten,
men eg har ikkje sett eit sjekkhefte på i allefall 20 år,
men her lever det i beste velgåande.

    

Så ein stille og rolig julekveld utan feit julemat
var hjertelig velkommen,
sjølv om eg kjende på saknet etter menneska heime
då eg opna pakkane.

årets julegave til meg sjølv,
som eg gjerne deler med andre,
så her er det berre å komme på besøk! :D

Dei fekk eg heldigvis snakka med neste morgon.
Då fekk eg heile familien på Skype på ein gong.
Eg drakk kaffe til frokosten, 
dei skulle straks drikke kaffe 
i den årlege familie-kalkun-middagen.
Det var ikkje fritt for at eg kjende på eit snev av misunnelse 
over at dei var der heile gjengen 
og kunne innta mamma si saftige kalkun, 
for ikkje å snakke om verdens beste waldorfsalat!
Men ein kan ikkje få både pose og sekk.. 
og det var uansett veldig godt å sjå dei!

Finaste familien på jorda! :)

Og det har vore godt å få nokre snap-ar 
og meldingar under vegs i jula
som har fortalt at det finne nokon 
på andre sida av dette kontinentet og over havet
som tenker på meg og som er glad i meg :)
Det er kanskje derfor det har vore 
heilt greitt å vere her åleine i jula.
Eg veit at det er mennesker som bryr seg om meg,
som vil meg godt og som gjerne vil ha meg hos seg.
Og eg veit at det vil dukke opp 
slike mennesker rundt meg her i byen også.
Ja, allereie er det menneske 
som eg er ganske sikker på at kjem til å bli gode venner,
som har vist meg stor omsorg
og som er morsomme å vere i lag med.

Eg klagar ikkje på vëret! :)

Alt i alt trur eg livet kan bli ganske ok i San Francisco.
Og eg håpar de alle har hatt ei stålande julefeiring,
uansett kvar i verda de har vore 
og kven de har vore saman med! 
Jula er ei tid for fellesskap,
men fellesskap kan vi ha på mange måtar.
Det er lett å gløyme det viktige
midt oppi alt jaget etter den perfekte jula.
I år fekk eg kjenne på 
at menneska i livet mitt
er like viktige for meg
om dei er her eller 8118.59 km unna.
Eg fekk erfare at det er viktigare for meg
å vite at nokon er glad i meg, 
enn det er å ha perfekt svor på ribba.
Eg har fått føle på at det er godt å ha nokon
å lengte etter,
for det betyr at du har nokon i livet ditt
og det er desverre ikkje sjølvsagt..

Det einaste som kunne vore bedre
var om stjerna lyste... ;)

Og kva passar vel bedre å avslutte dette blogginnlegget med,
enn åpningsscena frå filmen eg kraup under teppet og såg på julafta:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar