mandag 16. desember 2013

10 dager i California

 Då har det faktisk gått 10 dagar sidan eg kom til California,
det har gått utruleg fort.
Kvar dag har det skjedd noko,
og eg har møtt nokon eg ikkje har møtt før.
Her er veldig mange fantastisk flotte folk!
Og etter å ha rusla rundt i byen,
må eg innrømme at eg har blitt litt småforelska i den..

Det er noko veldig tiltrekkande med dette..

Fredag var det den 13. 
Det vart ein morsom dag!
Vi starta med at vi kvinnene på kyrkja,
Åsa, som er diakon i Svenska Kyrkan,
Kamilla, som har vore vikar for meg
og eg,
laga Lucia-tog og frokost til presten.
Han hadde egentlig fri, 
så då passe det jo fint at vi kom og vekte han.


Vi hadde jo sjølvsagt ulike versjonar på sangane,
og å synge gjennom det på forhånd er for pyser!
Men med godt humør og godvilje
blir jo det meste bra! :)

Verdens beste kollegaer!!

Då vi hadde ete begynte vi på pynting av juletreet.
Då oppdaga vi at det var heller dårlig med lys..
så bar det på shopping.
Alt er jo større her borte..
og bildene taler for seg ;)


Vel tilbake fekk treet både lys og pynt..

Ein klassiker...

Det lever visst ikkje opp til
amerikansk standard, men, men..
Då treet var nokonlunde presentabelt
var det berre å kaste på seg finklea
og komme seg på ball!


Det er mange skandinaviske klubber i området,
og ein av dei er fiskeklubben.
Og eg var så heldig å bli invitert på juleballet deira.
Det var ein svært kjekk kveld!

Eg oppdaga ikkje at eg kunne brukt meir behagelige sko
før eg kom heim..

Det var ei god oppladning til superlaurdag på kyrkja
med smårollinger og laurdagsgraut.

Herlig å få hjelp til vaffelsteikinga! :)
Vidare bar det sørover til Saratoga der det var julegudstjeneste
og julefest som stod på programmet.


Vår dyktige prest trossa eit svært vondt kne
og gjennomførte ei flott gudsteneste,
og eg fekk lov å synge :)



Etterpå var det mat og drikke,
underhaldning for små og store..


..juletregang og eit aldri så lite nissebesøk.


Etterpå var vi i juleselskap hos
nokre av dei flotte, trufaste frivillige medarbeidarane
i kyrkja og eg fekk erfare noko av den store, varme
gjestfriheten som er her!


Eg har fått ein eventyrleg velkomst her.
Det føles som om eg har gått frå fest til fest.
I dag var det gudsteneste,
som vart litt annleis sidan kneet til presten vår
ikkje hadde vorte betre i løpet av natta.
Men våre gode kollegaer i Svenska kyrkan steppa inn
og gjorde det til ei veldig fin gudsteneste.
Og i dag var dagen då eg vart 
sett inn i teneste og bedt for.
Så no er eg offisielt 
vertskap i sjømannskyrkja i San Francisco.
Eg er ganske sikker på at det er noko eg kjem til
å trivast veldig godt med!



4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Hei Liv Helga

    Takk for ein fantastisk blogg. Eg gledar meg over kvart ein innlegg du skriv. Du er så flink å formidle både store og små augeblink

    SvarSlett
  3. NB! Det er ikkje mulig å kommentere innlegga dine utan å vere pålogga ein konto. Eg fekk det iallfall ikkje til. Kan no hende du allereie visste det, og at det er meininga, men i tilfelle det ikkje var meininga so....Helsing Elisabet Otneim

    SvarSlett
  4. Det var rart - eg har prøvd å endre på innstillingane - og prøver no å svare som anonym ;) Det er jo kjekt å få høyre kva folk tenker når dei les dette eg legg ut! :) Tusen takk for tilbakemelding Elisabet! :) Liv-Helga

    SvarSlett