mandag 4. februar 2013

Konsekvensanalyse

Livet mitt består mykje av jobb for tida.
Og ikkje alt ved jobben min er like spennande å blogge om..

Men eg har gått og tenkt mykje på dette med valga vi tek, 
og konsekvensane dei får.
Eg tilhøyrer ein generasjon som er ganske navlebeskuande,
eller kanskje skulle eg heller seie nasebeskuande(?),
og dei som kjem etter oss tek etter oss..

tenker til nasetippen, og retter tunge til resten?

Det handlar mykje om kva som passar MEG best,
kva som er godt for MEG, 
kva EG har utbytte av, 
kva EG fortjener..
Og så tek vi valga våre ut frå
kva vi trur er best for oss
der og då..
For EG veit jo alltid kva som er best for MEG!
Du må'kje komme her og fortelle meg om 
kva som er best for meg.

Dei fleste av oss tenker sjelden langt fram i tid, 
du kan jo berre låne pengar til det du har lyst på, 
og betale om eit år - med endå eit nytt kredittkort..
Vi set oss sjelden inn i kva konsekvensar 
valga vi tek har for menneska rundt oss..
i allfall ikkje før konsekvensen rammar oss.


Måtehold er framandord. 
Mest mulig, flest mulig, 
til MEG!

Resultatet er altfor ofte
at konsekvensane blir dyrkjøpte.
Mitt fyrste kredittkort brukte eg ein månad på å tømme, 
og over eit halvt år å betale ned og bli kvitt.
Det var ikkje noko kjekk erfaring,
men du verda kor lærerikt det var.

konsekvensen av å ikkje eige støvlar i Bergen..
Men det fins verre konsekvensar enn å skulde nokon pengar;
knuste hjerter, skada sjølvkjense, 
nedbrota ånd, mindreverd,
pulveriserte draumar..
Ein kan kanskje kalle det 
EGoismen sine kronjuvelar.

Men samtidig kan nokon av oss vere altfor oppofrande, 
og la andre få styre valga våre - slik at det ikkje blir våre valg.
Eg kan la frykten for å såre nokon bli så stor
at eg ikkje vågar følge dei draumane som ligg i hjartet mitt,
og som eg faktisk burde følge..
Konsekvensen av det er jo ikkje betre...


Vi har alle høyrt  Stig Johansson sine ord: 
"Alla dessa dagar som kom och gick, inte visste jag at de var livet"
Det er ein litt depressiv tanke, 
men eg er jo den eg er, og der eg er, 
på bakgrunn av valga eg har tatt.
Nokre gonger har det vore gode val, 
andre gonger mindre gode
og nokre gongar har det vore så bort i natta dårlige val at du vil ikkje tru det.
Og dét har ikkje vorte tydelig før etterpå,
av og til lenge etterpå..

Kanskje må vi bli flinkare til å konsekvensanalysere?
Til å tenke gjennom kva som vil vere gode konsekvensar
og kva som ikkje vil vere det,
før vi tek våre val?
Til å tenke gjennom kva vi må ofre dersom vi vil oppnå noko?
Sjå på totalsummen på å makse ut kredittkortet,
og ikkje betale ned før det har gått 9 månader?
Og kanskje kan det vere lurt å lytte til nokon som har
gjort nokre av dei same valga før oss?


Så kan kanskje konsekvensen bli
bankande, glade hjerter, god sjølvkjensle,
oppløfta ånd, stor verdi
og levande draumar, 
som kanskje til og med kan bli virkeliggjorte draumar..
Eg har i allefall mest lyst på det! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar