torsdag 14. februar 2013

Barcelona del 1: fight cancelled

Ja, no skal du få høyre om det glade liv på tur...

Vi stilte i god tid på Flesland og alt såg ut til å gå som smurt, heilt til vi kom fram til skranken der vi skulle sjekke inn bagasjen. "Barcelona?" Sa den mørke, altfor kjekke, unge mannen bak skranken "det flyet e kansellert, det snør i Europa, så det er kaos iAmsterdam"

Og her starta nokre timar med venting..

Vi, snille jenter som vi er, trekte kølapp på KLM sin kundeservice. Og venta tolmodig. Det er SAS som står for denne servicen på Flesland, og det er tydelig at dei prioriterer ikkje vanlige KLM-kundar. I 2 timar stod vi og venta, utan at eit einaste nummer i vår nummerserie kom.

Følelsen av å vere på ein skikkelig kjip basar var påtrengande.. Det var tydelig at dei ikkje hadde nok folk på jobb, og det tar tid når berre to personer skal løyse problema til mange flypassasjerar og få booka dei om.. Men etterkvart fekk vi vite litt meir, i og med at vi heiv oss over alt med sas-uniform.
Det kom fram at det ikkje var flyet til Amsterdam som var problemet, men flyet frå Amsterdam til Barcelona. Men det var mange motstridande meldingar, og etter ei stund fekk vi nok av å sjå på at dei som kom etter oss gjekk forbi oss i kva. Og vi trekte ein lapp for dei som har buisnessclassbilletter.

Då vi omsider kom fram til skranken, med den lappen, hadde det enno ikkje vore noko nummer i vår serie. Men mannen i skranken brydde seg ikkje om at vi hadde feil lapp, beklaga ikkje at ting tok tid og var i grenseland til å vere rimelig sur i måten han snakka til oss på. Men vi fem fagre nordfjordjentene greidde no etterkvart å lure fram eit smil.;)

Vi fekk og gleda av å bli ombooka til min gode venn Lufthansa med avreise frå Flesland kl.06:15. Juhuu! Og for å sette krona på verket fekk vi ei natt på Hotel Admiral i Bergen sentrum inkl.middag, og EIN taxilapp  som berre kan brukast på Norgestaxi (og vi er jo 5 stk, så vi må ha maxitaxi for å få det til)..

Men det skal seiast at servicen her er betraktelig bedre enn på Flesland, sjølv om vi må vente til 20.30 før vi får middag.


Det har vore litt av ein dag, så eg er jammen heldig som får reise i lag med slike herlige jenter. Humøret har vore på topp heile tida(i allefall stort sett) og har det ikkje vore noko å le av så skapet vi det sjølve, så det blir nok ein bra tur :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar