mandag 25. februar 2013

So Long, Farewell, Auf Wiedersehen, Adieu

I det siste har eg gått og tenkt på dette med forandring.
Eg er i utgangspunktet ein person som er veldig open for slikt.
Eg likar nye plassar, nye folk og nye utfordringar.
bilde fra internett -  ukjent opphav.

Samtidig betyr det ofte at noko må forlatast.
Og det er ikkje alltid like kjekt.

Gårsdagen sitt festmidtpunkt..

I går var det avskjedsfest for Thor Øyvind.
Han skal flytte til Trondheim.
Og vi var mange samla, som syns det er litt småkjipt at han reiser, 
men som forstår at han har behov for å flytte på seg.
Og det er noko med at om ein vil vekse, 
så må ein og våge å legge noko bak seg... desverre.



Men det ein legg bak seg er somregel ei leilighet, ein jobb, ein plass.. 
Menneska ein har møtt og blitt vennar med,
opplevingane som har forma ein 
- dei tek ein med seg sjølv om ein flyttar på seg.
Og intensjonane om å halde kontakten med desse mennska 
som ein har vorte venn med er alltid der,
men intensjon og realitet er ofte to forskjellige ting...
Eg er fullstendig klar over at eg ikkje er særlig god på slikt,
sjølv om eg egentlig skulle ønske at eg var det.

Regn høyrer til i kvardagen i Bergen..

Det er liksom noko med at livet innhentar ein, 
Kvardagen fyk av garde, og plutselig er
kontaktpunktet ein hadde havna langt nede på lista.
Ikkje fordi ein vil det slik, det berre går gradvis den vegen..
Eg sat og tenkte på det her ein dag at 
eg egentlig saknar kontakta
eg hadde med folka eg hang med i Oslo. 
Men liva våre gikk i alle mulige retningar. 
Nokre har fått familie, nokre har flytta til andre deler av verden, 
liva våre heng ikkje saman slik dei gjorde - og det er naturlig. 
Samtidig så veit eg at dei nærmaste av dei
hadde vore der for meg om eg trengde det.

Forandring kan jo ofte vere bra..

Heldigvis er det slik at gode vennskap held sjølv om 
ein ikkje snakkast dagleg
eller ser kvarandre med jamne, tette mellomrom. 
Ja, kanskje blir dei til og med bedre av å ha litt distanse? 
Og det er mi erfaring:
Sjølv om eg ikkje ser folk eller snakkar med dei hyppig, 
og dei bur i andre byar eller andre land,
så er kontakten der når vi møtes.
Eg har lært at "farvel" betyr som regel "på gjensyn".
Det syns eg er ein god tanke.
Gode vennskap tåler nemleg at ein lever ut draumane sine.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar