onsdag 27. februar 2013

Farvel, klumpen min.

I januar 2000 begynte eg å jobbe i Posten Norge BA (som det heitte då)
og då eg fekk fyrste lønninga bar det rett ut og kjøpe TV.
Eg fann ein som var på salg.
Halv pris av 10000, og då måtte det no vere ein god tv.
(lite visste eg om at den var på salg fordi dei nye modellane, 
som stod i butikken berre dagar seinare, 
hadde det revlosjunerande widescreen-formatet)
Eg fekk i tillegg 1000 kr rabatt fordi det var utstillingsmodell,
og dei hadde mista kassa til den.



Eg hadde hatt ein 22 tommer-sak før, og denne var jo berre 29 tommer,
så då mannen i kassa lurte på korleis eg skulle få den med meg heim, 
svarte eg: "Eg tar den berre med meg på trikken"
Mannen i kassa vart svært storøygd før 
han forsiktig spurde om eg var veldig sterk.
Desse 7" utgjorde nemlig ikkje så reint lite i vektforskjell.
54 solide kilo vog klumpen..

Det vart taxi den dagen 
og ein særdeles snill og, ikkje minst, sterk taxisjåfør bar den inn for meg.
Og klumpen har vore med meg på eit par flyttelass.
Fyrst til Trondheimsvegen, der ein snill, svær mann 
heldigvis kom som ein reddande engel
då vi skulle bere den opp trappene til 6.etasje
fordi heisen stod.
Og så til Bergen, 
der det heldigvis var fleire sterke menn som kunne hjelpe
og eg seinare har trilla den på tv-benkane.
Den har til og med vorte støvsugd av ein hyggelig ung mann, 
som eg bestakk med kjøtkakemiddag..
Det er altså mange gode minner knytta til klumpen..


Men det siste året har helsa skranta.
Det har vore litt alternative fargeval og til tider ustyrleg lyd, 
eller rettare sagt, mangel på lyd..
Så det var vel berre å innsjå at 13 år var det som kom ut av forholdet vårt.
Og når Thor Øyvind kom med eit tilbod eg ikkje kunne takke nei til, 
så vart det ein litt småbrå slutt på det heile..

det kom klart fram kor støvkosten ikkje
hadde vore på ei stund...

Så i dag kom Thor Øyvind med sin gamle, 
og min nye, tv.
Og så tok han med seg klumpen min..
Vi fekk oss ei lita treningsøkt då vi skulle få den ut i bilen, 
men alt går når ein berre har vilje nok!
Og eg må no berre seie at eg syns Thor Øyvind er langt
over middels snill når han tok den med seg for å levere den 
inn på ei elektroforetning. 
Det er eg SVÆRT takknemlig for!



Eg er og takknemlig for at han kobla opp den nye tv-en.
Så no kan eg faktisk sjå kva som er på skjermen igjen!
Eg trur dette fort kan bli veldig bra.


Jeeei! NY TV! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar