tirsdag 13. desember 2011

Mormon og meg

Eg har aldri tatt meg tid og stoppa opp før når mormonarar har prøvd å stoppe meg.
Men for 4 veker sida blei eg egentlig tatt litt på senga, og stoppa. Før eg visste ordet av det hadde eg gått med på å treffe to unge herremenn. Dei lova meg ei gratis mormons bok - og så enkel er eg å kjøpe.

to mormonere i stua mi!
Eg har gjort meg mange tankar sidan denne dagen. Eg har blitt kjend med to svært hyggelige unge menn, Travis og Devin, som snart avsluttar si misjonærgjerning her i Norge. Og i dag hadde eg invitert dei på middag. Eg har fått innblikk i ei anna virkelighet - og ein måte å tenke på som er svært fjern frå min. Og eg lurer på kvifor vi som veit kva vi trur på ikkje bryr oss med å stoppe når slike prøvar å stoppe oss på gata.

Fyrste møte vi hadde vart avhelde i ei leilighet i Bergen sentrum, og det gjekk fort opp for meg at eg burde ha vore bedre forberedt. Eg lytta til kva dei hadde å seie, og det haurdes både fornuftig og greit ut. Det var mykje kjent stoff, dei bygde opp ei felles forståing av kva som var viktig. Dei var svært opptatt av om eg lurte på noko undervegs. Eg lurte ikkje på så mykje, men lovde å gå heim og lese i Mormons bok - og å be.
Og å møte dei ein gong til - men gjorde det klart at eg veit kva eg trur på, og det skal litt til å omvende meg.


Eg gjekk heim, og leste innledninga i Mormons bok og innsåg fort at her måtte eg hente inn det eg kunne av info. Dette var sjølvsagt meir spennande enn eksamenslesning, same kor spennande fag eg tok. Og så var det ein kortare tidsfrist. Så eg begynte å lese meg litt opp på mormonere - og google er jo ei utømeleg kjelde - så eg lærte meg både ein og to ting før neste møte.

Neste møte var planlagt som ei undervisningsøkt. Den ødela eg visst, for eg hadde nokre kritiske innvendingar på Joseph Smith.
Joseph Smith, født i 1805 i Vermont, er grunnlegger av Jesu Kristi kirke av de siste dagers hellige. Ja, det vi kjenner som mormonere. Han hadde nokre syner som han bygger si lære ut frå, det fyrste fekk han som 14. åring, men måtte halde hemmeleg til han fekk det neste nokre år seinare. Dette gav han tilgang til nokre gullplater(som var tynne som papplater og var satt sammen i ei slags bok) og nokre briller som gav han mulighet til å lese innskripsjonane som var på platene, for desse var jo sjølvsagt på eit skriftspråk som var ukjent.
Slik forestiller dei seg at mormons bok såg ut... (fra internett)

Denne oversettinga enda i det vi kjenner som Mormons bok. Og denne sørga for at Joseph Smith vart sjølvutnemd profet. For slik mormonarane meiner det er, så døde det allmenne prestedømmet med dei 12 fyrste apostlane, du veit, dei som kjende Jesus face to face.. Kyrkja kom på avveger og har sidan då og fram til Joseph Smith levd i villfarelse - og dette er grunnen til at det finnes så mange kyrkjesamfunn. Bl.a.  har vi levd i trua på at det er èin Gud - men Joseph Smith kunne fortelje at Gud er tre personar. Den rette læra (underforstått at alle andre tek feil) vart på nytt openberra gjennom ein kvit mann frå nordamerika på 1800-talet. At denne mannen kom frå ei slekt med "golddiggers" og drømmere er i visstnok uvesentlig i denne sammenhengenen..

Slik såg Joseph Smith ut - i følge internettet....
Eg fekk teikna og forklart korleis dette gjekk føre seg. Om korleis dette står i stil med Bibelen sine forteljingar om profetane i gamle testamentet. Utan at eg kunne seie meg enig i tankegangen. For eit av dei store avvika var at i det gamle testamentet gjekk profetane ut og samla folket med bodskapen. Ikkje alle vart med på omvendinga, men stort sett var konsekvensen ei endring i folket. Eg er ikkje framand for tanken om at Gud kan sende profetar i dag, men då trur eg det handlar om å få oss til å endre handlingsmønster som er skadeleg for oss - ikkje for å gje oss ei ny lære.

For sjølv om mormonarane snakkar mykje om Bibelen, så er det likevel Mormons bok som gjeld. Her blir det forklart korleis tolkinga av Bibelen har vore heilt på jordet i sånn ca 1900 år. Alt handla om den store planen, noko dei ikkje rakk på andre undervisningstime.
Eg gjekk difor med på å møte disse karane ein tredje gang. Då fekk dei og med ei flott dame frå menigheta her i Bergen.

Denne gongen fekk eg innføring i den store planen. Sidan dette var dagen etter siste eksamen hadde eg ikkje fått lest noko særleg. Men youtube kan gje meg info både frå profeten dei har no, og kva kritikarane seier. Eg greidde og å skvise inn ein film om mormonarane sin kamp mot homofilt ekteskap i California. Ein kamp dei vann - utruleg nok. Dette er virkelig ein mektig organisasjon, skremmande mektig når ein høyrer på vitnemåla til dei som har gått ut frå trussamfunnet.

Men tilbake til fyrstehands kjennskapen eg har fått. Den store planen, i følge mormonarane:
Før vi kom til jorda var vi åndevesen. Vi levde som ånder saman med Gud - som hadde ein fysisk kropp.   Så kom vi til jorda og fekk utdelt ein kropp. Dette er ein del av læringsprosessen vi er i fram mot neste fase. Som er ei åndefase igjen. Der skal vi bli delt i to grupper. Ei gruppe som har lært kva sanninga er (underforstått mormonere) skal ha det så fint, medan resten av oss havnar i eit slags fengsel.


Men det er jo sjølvsagt ein plan i dette, så dei som har havna på rette sida får mulighet til å gå og fortelle dei som har havna i "fengsel" kvifor dei har havna der - og slik får ein nye sjansar. For så kjem det store: Dommedag. Men det skal ikkje vere noko skummelt, det skal berre vere ein dag der folk får kropp igjen og blir fordelt i tre ulike himlar. Ein himmel skal vere perfekt, himmelen der Gud er og alt er berre lykke(det celestiale rike).
Dei to andre himlane er gradering av korleis resten av oss vil få det - det kjem til å vere bra å vere der, men ikkje så fullkomment som i den perfekte sjølvsagt.

Alt handlar om lykke. Å jobbe mot å bli lykkelig. Noko ein berre vil få oppleve fullkomment om ein lever som mormoner. Og for å nå dit må ein jobbe for det. Og har det ikkje vore vesentlege forskjellar på kva eg trur på og kva ein mormoner trur på før, så kjem det her. For mormonarane trur at då Eva og Adam åt den forbudte frukta oppstod døden. Denne må alle menneske gjennom. MEN Jesus vann over døden, og dette kan alle menneske få del i om dei vel å tru på han. Det høyres ikkje så ille ut, endå - men så kjem greia:

Vi kristne trur at synda kom med syndefallet, at konsekvensen av denne er døden. Mormonarane tek dette andre vegen. Og det gjer at det blir ein viktig forskjell. For når det kjem til synda, alt det gale vi gjer, så tenker dei at dette er noko vi må jobbe oss ut av. Og då snakkar vi ikkje om nåde på den måten som vi kristne gjer.



Lat meg starte med den store planen når eg skal seie noko om forskjellen her. Eg trur mormonarane har blitt lurt. At ein mann med for mykje karisma og sleipe triks har greidd å lure menneske til å tru noko som kan passe inn i ei verd med så mange vanskelige forhold. For Joseph Smith vaks opp under forhold der den eine predikanten slo den andre i hovudet, og lovde helvetes pine til alle som ikkje fulgte dei.
Det skal seiast at mykje gale har vore gjort med Jesu namn som overskrift. Dette vil eg aldri nekte på.
Og i ei tid og under forhold der fokus fort vart sett på alt ein ville misse med å ikkje fylgje Jesus, så var det ikkje rart at det var tiltalande å fylgje ein som predikerte at det ikkje var nokon ulukkeleg utgong på livet, uansett kven du var.
Ein som gjentok at Gud er kjærleik, han elskar deg uansett. Noko som er fullstendig sant. Men er det kjærleik å glatte over konsekvensane? Er det kjærleik å ikkje forholde seg til det vonde? Er det kjærleik å  ikkje gjere opp for seg?

Guds kjærleik vert etter min forstand forminska til noko mennesklig pjatt. Noko som handlar om følelsar og oppleving. Gong på gong når eg har snakka med disse unge mennene, så snakkar dei om FØLELSEN av å være lykkelig. Og kor godt det FØLES. Er det noko eg har lært meg så er det at mine følelsar er ikkje mykje å stole på. Dei kan svinge frå time til time.

Guds kjærleik er noko konstant. Noko ekte. Noko som aldri endrar seg. Synda sin konsekvens er at eg har valgt vekk Gud - og at nokon må hjelpe meg tilbake. Derfor treng eg Jesus. Eg kan aldri greie å komme meg over gapet mellom meg og Gud - ikkje uten at Gud hjelper meg over. Og det vil han - for han elskar meg. Men det er ikkje Gud sin intense forelskelse - det er valget Han har gjort!

Og at Gud elskar disse to karane eg har vore i kontakt med det er eg sikker på. Eg har liksom ikkje greidd å slutte å tenke på dei - for eg trur dei har vorte så inderlig lurt. Så etter siste møte - der eg sa at dette kjem eg ikkje til å tru på, og nærmast slo dei i hovudet med hardcore-evangelieformidling, så gjekk eg og tenkte at eg skulle aldri ha avslutta det slik. Så eg sa til Gud at hvis han ville eg skulle invitere dei heim til meg så fekk han sørge for at eg gjekk meg på dei.


To dagar seinare, på veg heim frå jobb, kom dei mot meg. Eg var litt småseint ute, men tok meg tid til å stoppe og slå av ein prat. Og alt enda med at eg inviterte dei heim til meg på middag.


Så i dag var dei her - åt heimelaga lasagne, og som menn flest kunne dei ikkje forstå at det gjekk an å få det så koselig i ei leilighet ;)
Men vi fekk oss ein god prat. Eg fekk lære meir om praksisar i tempelet. Det er for meg heilt uforståeleg at nokon kan inngå ekteskap og knytte familiene sammen for evigheten eller døype sine døde. Men absolutt intressant å møte menneske som har så annerleis tankegods enn det eg har.

Eg trur at det er ei meining med at eg møte disse karane. Sjølv om utsiktene for at eg blir mormoner er særdeles dårlege. Men eg trur samtalene våre har hatt noko bra ved seg - dei har heile vegen vore prega av ein gjensidig respekt (håpar eg i allefall) og ei viss grad av nysgjerrighet frå begge sider. Dei kom til og med på Serafkonsert.
Eg kjem til å be for Devon og Travis, om du ber så må du gjerne gjere det same.
Dei er nemlig nokre fine folk.

Og kanskje stoppar eg neste gang nokon vil omvende meg også.. eg veit jo på kven eg trur - kanskje eg kan fortelle dei om Han den gongen og?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar