mandag 12. desember 2011

En lang-helg midt i Atlanterhavet - nesten.

 Eg har vore på tur - eller tour som det heiter på fint - med Seraf i helga.

Klar for tur! :)
Til Færøyene.
Vi starta godt - landa på Kastrup då vi skulle - men derfrå kom vi ikkje vidare som planlagt.

Hotellnatt i vente :)
Så da vart det eit lite døgn i Danmark..

Biskopar er jo trygge...

Ikkje sure miner sjølv om alt ikkje går etter planen :)
Femi glass altså!


I dette koret har vi nokre gentlemen - som står på metroen...


...slik at damene får sitte :)





Fredag morgen bar det tilbake til Kastrup - der det var tid til både shopping og kaffe. Det var ikkje heilt i rute denne dagen heller - men så snart flyet kom seg frå Færøyane, så vart ting mykje lysare.

<3
Og eit godt døgn etter skjema landa vi omsider på Færøyene. Der var det snø og glatt, og det hadde uansett ikkje vorte konsert på oss på fredag kveld pga. køyreforholda. 
Men vi var svært glade for å vere framme!! :)




Å måke trapper er overvurdert!


Så bar det til Heri, Ate sin studiekompis, og mor hans.

Dei diska opp med den mest fantastiske fiskesuppa eg nokon gong har ete! :)



Og så trekte ein kaffe på ein litt original måte - med eit strålande resultat!! :)







Så bar det til Hebron - neste dag sitt konsertlokale. Der vi hadde ei lita økt med to av dei færøyske musikarane og Magnus.


Vi hadde fått med oss ein som hadde spelt trommer i årevis for ein av våre
færøyske heltar. (eg vågar meg ikkje på å stave navnet..)
Et ekstremt typisk Seraf-øyeblikk ;)

Neste morgon måtte vi tidlig opp, for å synge og prate på radioen! :)







Radiomannen vår! :)

Et litt anna perspektiv på Tórshavn hamn...

Av en eller annen grunn syns vi dette var litt morsomt...


Så var vi på kjøpesenter og sang før vi gjekk ut i Tórshavn og utforska forholda. Og vi greidde utruleg nok å finne kvarandre utan vidare planlegging til lunsj.

Sushirestaurant med ein genial vegg!

her kom stadig nye til selskapet :)

Ein av "japanarane" våre :)

Eg likte dette :)

Og så var det konsert-tid, med ei lita øving først..

Heile bandet var på plass :) FLINKE FOLK! :)

Alltid klar for litt posing ;)
Gitaristen vår :)
Mor til Heri hadde fiksa mat til gjengen :)


Det er viktig å pynte seg når ein skal på scena!


Og det var bra stas etterpå når vi vart oppsøkt av ivrige autografjegere!


Så kom søndagen - litt for fort. Fyste del av dagen hadde vi fri til å gjere kva vi ville - så nokre av oss tusla ein tur - og greidde til og med å komme oss innom ei gudsteneste. Før vi underleg nok havna på same kafè igjen - kanskje fordi det var den einaste vi fann som var åpen...



min nye færøyske venn :)

snille, kristne piker :)

Kreativ løysing på mikrofonskjuling :)
Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur oversettinga er ca. "Be- så skal du få"..

Det var ikkje kaldt - nesten ikkje i allefall...

Men veldig godt med kaffe-kakao-med appelsin :)

Kl.14 var vi invitert på middag hos Heri sin bror - ein hummaroppdrettar (sjøkreps) og vi fekk eit måltid ingen av oss hadde hatt råd til - sansynlegvis..

Nokre tusen på bordet ja...
 Og eg fekk utfordra meg sjøl - for fyrste gong i livet åt eg LEVANDE sjøkreps. Dét var fantastisk det!

Det gjekk opp for meg at den framleis levde då følehåra strauk meg over handa..

Men åt det gjorde eg!

 Serafar veit å kose seg! 

Forrett: Suppe..


Venke hadde bursdag, og fekk bursdagssong på færøysk, spansk, russisk, norsk, engelsk, dansk og svensk... og favorittmat. :)
Bursdagsbarnet!


Å knekke klør krever innsats - og grimaser! :)

Men det lønner seg til slutt! :)

Torgeir med sin nye venn..

Ingelin fikk ei amputert klo..
 Men ikkje alle likar sjømat.. 
Det vart ei råd med det og, 
det møraste lammelår du kan tenke deg..



Mett!

Så var det konsert igjen.  Denne gongen måtte vi køyre ein times tid
til Keldan, eit fantastisk lokale.
Konserten vart streama på nett, kvaliteten er sånn både og men du får eit inntrykk
om du vel å sjå den:


Bilder frå konserten finn du her:

Bassisten var rimelig happy etterpå :)
I dag tidlig bar det heim igjen.. Denne gongen gjekk turen knirkefritt.

beskrivande for min tilstand i dag tidlig....
Og det er litt tomt å vere heime igjen. 
Etter å ha vore på tur med denne fantastiske gjengen.
Alle utenom Gunvor var med - og ho var sakna!
Men sånn er det når ein har eksamen i Karius og Baktus! 
Etter å ha opplevd eit herleg, gjestfritt folk.
Etter å ha fått sett berre ein liten bit av kva dette fasinerande landet har å by på.
Trur eg må tilbake dit ein gong.. 

1 kommentar:

  1. Supert! Mange kjekke bilete frå mange flotte opplevingar! og god konklusjon:-)
    Færøyane sommarstid ER ei oppleving!

    SvarSlett