Den siste tida har vore ganske intens.
Eksamenslesing er ikkje til å spøke med,
og når du kombinerar det med full jobb,
og planlegg julekonsertar både i Bergen og på Færøyene,
så er det nok å finne på.
Onsdag kom mamma og pappa.
Torsdag var eksamen over.
Fredag fyllte eg huset med ca. halve familien.
Og i går braka det laust med første runde med julekonsertar.
Ein kl.16 og ein kl.20.
Det var veldig kjekt!
Vi hadde med oss herlige musikere
og dyktige folk på lys og lyd.
Fine folka! :) |
Serafkonsertar har alltid litt ekstra glimt i auget.
Og det blir ikkje skikkelig julestemning
uten litt amerikanske(og engelske) carols :)
Falalalala - Carolsingers! :) |
Særdeles elegant øyeblikk! ;) |
Thor Øyvind har tilbrakt mesteparten av hausten på fjellet.
Så han fekk ikkje vere med å synge.
Men han var ein strålande konfransier,
og vi måtte jo gi han ei lita solistrolle,
og kva kunne vel ha passa bedre enn
"Last Christmas" ?
Maja ba om meire snø ;) |
Mens eg sang om kastanjer i peisen :) |
"Mitt hjerte alltid vanker" er jo alltid ein favoritt! |
Etter konserten rydda og ordna vi sjølvsagt etter oss.
Det er litt jobb å rigge ned scene. Og spesielt spennande kan det bli når takplatene plutselig løsnar...
Øystein og Gunvor redder taket! |
Are hjelper til... |
Men det gjekk bra til slutt.
Thor Øyvind og Ingelin poser for fotografen ;) |
Berit og Hildegunn - for anledningen med glorie :) |
Ganske ferdig - og overtrøtt! |
Opp med augene!! |
Hæppiiii! :) |
I dag fekk eg nokre timar i lag med familien før dei for.
Vi jentene tok turen til pepperkakebyen mens gutta tok turen på Fløyen.
Småfrøkena veit å utnytte snille storesøstera :) |
Det er bra fint der, og veldig fasinerande for liten og stor :) |
Tante spanderte julebrus og pepperkake :) |
Må jo bare konkludere med at dette har vore ei særdeles deilig og vellykka helg.
No skal eg sjå på tv uten dårlig samvittighet! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar