fredag 2. desember 2011

Eksamen

Eg har vore gjennom to eksamenar. Det er jo heilt naturleg når du har 100% (og vel så det) jobb at du lett kan ta 40 studiepoeng. Er det ikkje?

Eg trur at eg står på den eksamenen eg hadde i dag. Det kan vere eg greidde den i forrige veke og. Og kva har eg lært? Jo, ein heil masse faktisk. Og eg har oppdaga at ein ting er ekstremt viktig for meg - og min motivasjon: KAFFE! Takk Gud for Kaffemisjonen!! :)


Og i dag, då eg kom til eksamenslokalet, kva er det eg ser: Jo, eg kunne fått boka mi nesten 100 kroner billigare. Slikt er dårleg gjort!


Så no er det tid å restituere seg, lade batteria i eit lite døgn før det brakar laust med TO konsertar med Seraf på laurdag. Om du ikkje har sett det av i kalenderen, så bør du få det inn umiddelbart - for Seraf har aldri vore bedre - og julestemning, ja, det kan eg love at det blir! Til og med systera mi med familien kjem heilt frå Stadt for å komme på konsert! Det blir stor stas å få dei på besøk, så i morgon må eg gjere husarbeidet eg har utsett på grunn av eksamen. Men til tross for dystre utsikter om husvask og rydding: Eg gledar meg masse til dagane som kjem!!

Relaxing! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar