mandag 28. november 2011

Advent


Eg har bestemt meg. Eg skal prøve å gå opp til eksamen på torsdag. Det er MYKJE som må fordøyast før den tid. Så har vore og kjem til å fortsette å vere litt bloggetørke. Men eg kjem sterkare tilbake.
Men eg må seie nokre ord om helga, før eg går og legg meg.


I går var det lysfest. Det regna noko fenomenalt, så eg heldt meg heime. Men eg fekk sjå en god del av fyrverkeriet herfrå og..
Lysfesten i Bergen er alltid laurdag før 1.søndag i advent. Eg gjekk ikkje ut til den, men eg bevega meg ut for å høyre Divisi fylle domkirken med julesangar med nokre utruleg vakre arrangement.


Det var ein rein nytelse å sitte der i kyrkjebenken, same kor hard han var. Tonane smaug seg rundt kropp og sjel, og eg gjekk fredfull heimatt til bøkene mine.. Men eg fann ut at eg måtte innom boda på vegen og hente litt jule-advent-pynt. På veg inn i kjellaren møtte eg denne:

Det MÅ ha vore ein mann som parkerte denne!

I dag tidleg skulle eg møte Sigrid og co på Hotel Admiral kl.9. Kvart på 10 ringte ho - då sov eg framleis. Men eg jogga rundt Vågen og fekk nokre minutt saman med dei før dei måtte reise.
Eg var innom Salem på veg heim, der møtte eg Lisa, Marianne og Ingelin - og så vart det jammen ein kaffe og. Litt godt å puste litt sjølv om eg strengt tatt burde vente med det til fredag!

Det var såpass høg vannstand i Vågen at eg berre måtte ta eit bilde. Syns sånt er veldig fasinerande..


Vel heime tende eg på adventsstaken eg har laga meg i år, og fann fram markørtusj og bok. Så får det stå til. Eg har les akkurat nok til at eg kjem til å rive av meg håret dersom eg ikkje går - og oppdagar at eg kunne ha svart på oppgåvene. Og går eg, og finn ut at eg ikkje kan svare - ja, då får eg ha bedre lykke neste gong!
Som mamma sa: "Kva er det verste som kan skje? Du stryke - og det har du gjort før!"
Godt med litt moralsk støtte! ;) Og ho har heilt rett - og eg har erfart at eg lever fortsatt, har jobb fortsatt, har både tak over hovudet og menneske som er glad i meg uansett kor gale det skulle gå.

Så hugs det: Din verdi vert ikkje avgjort av kva du presterer. Den blir avgjort av Han som har skapt deg. Og den er sett så høg at Han valgte å bli menneske - Han tok av seg guddommen og vart som deg og meg. I ein stall for godt 2000 år sidan. Difor tende eg det fyrste lyset i dag - eg ventar på det vesle barn i krybba lagt på strå. God adventstid til deg som les dette! Måtte det bli ei god ventetid for deg! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar