søndag 6. november 2011

Pause!

Eg jobbar, ca. 100 % og studerer litt meir enn 100%. I allefall på papiret. Døgnet har i grunnen ikkje timar nok til det. Og det er berre min eigen feil at eg gapar over for masse. Men den som inkje prøvar, inkje vinn. Så vi får sjå korleis det går. Kan vere at eg må utsette ein eksamen til etter jul. Det hadde kanskje vore lurt.
Sengelektyre for tida :)
Men eg ser at det sosiale livet mitt den neste månaden blir sterkt redusert. Eg må vere veldig selektiv med kva eg brukar tid på, i og med at eg ikkje har komt så veldig langt i lesinga. Og jobben min må eg gjere, uansett kor mykje eg har å lese på.

Så no i helga har eg vore flink jente, brukt tida på å lese om arv og miljø, om læring og genetiske anlegg for IQ. Og då er det viktig å belønne seg sjølv litt. Så i går kveld vart det heimelaga pizza. Og å lage heimelaga glutenfri pizza er mykje kjappare og enklare enn vanlig pizza.


Fyst blandar du ca.1 dl olje, 1 pk fin semper, 1 ss fiberhusk, 1 pk gjær og 4,5-5 dl lunka vatten.
Så smører du herligheta ut på bakepapir med slikkepott :)


 Og eg er tilhenger av enket fyll, så i går vart det hakka lauk, tomatpurè og kjøttdeig.



 Og MASSE ost! Det kan aldri bli for masse ost på pizza! ;)



Det smakte godt til psykologien! :)

I dag var eg flink og stod opp forholdsvis tidlig, gikk på møte i Salem før eg gjekk på kafè og las i eit par timar. Så gjekk eg heim og sette meg og lese medan middagen stod i ovnen. Det var jo cupfinale, så eg fulgte sånn halvveis med på tv-en også. TV-en min har funne ut at han syns lyd er overvurdert, og det passar jo fint når ein skal lese.

Eit einsleg brannskjerf i Salem...
Eg fekk no med meg at det ikkje gjekk så bra for Bergen si store stoltheit, og at dei som har tippeligaens styggaste drakter vann.

Så det er ein viss ironi i at i kveld var det Mozart sitt requiem som tona i Domkirken i Bergen. Det måtte eg jo få med meg. Eg har ikkje sett det sidan eg såg det som ballett i 1995(trur eg, hvis det ikkje var i 96..). Og knapt høyrt det sidan eg var med på å lage grafisk samanlikning mellom det og Verdi sitt i 3.klasse på vidaregåande. (noko vi syns var ein strålande idè kl.02.30 på natta, og som læraren ikkje syns var like festlig..) Det er framleis like vakkert og mektig!


Det var så stemningsfullt og roleg i kyrkja, og det er jo allehelgensdag så det kunne ikkje passa bedre. (dei hadde nok tekt gjennom det dei som sette opp programmet) Men eg er kanskje begynt å bli gammal, men eg syns ikkje det passar seg å klappe etter ei så sterk døds-messe. Det hadde vore så godt å la musikken synke inn og få ta til seg teksten, bønna om kvile og evig liv. I staden vart fokuset på prestasjonane - som var suverene. Og eg må seie at applaus er greit, men når folk begynner å trampe og hoie, så vitnar det om at dei ikkje veit kva dei har vore med på.



Det var no likevel ein nytelse,
og tankane gjekk til alle dei som eg veit har mista nokon i året som gjekk.
Det er viktig å ta seg pause - i eksamenslesing, arbeid og kvardag. 
Ein treng pause for å hente krefter men og for å møte dei harde realitetane i livet. 
Pause er godt for oss. 
Så sjølv om dagane blir travle framover,
så skal eg i allefall prøve å ta meg små pustepauser innimellom.
Kanskje med litt vakker musikk også :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar