torsdag 29. desember 2011

Jul med familien min og Dagmar


Det har vore jul. Og eg har ikkje fått blogga noko særleg om det.
Det er to grunnar til det:
1. Eg hadde gløymt kabelen til kameraet i Bergen
2. Dagmar.

Men jul har det vore likevel. Julafta gjekk som forventa og det skorta ikkje på verken mat eller pakkar.

Ei som var veldig fornøgd med gåvene :)
Fyrste juledag var det familieselskap med kalkun og waldorfsalat. (eg simpelten elskar den salaten!!)
Då var alle her - untatt Jetmund, som var sårt sakna!

Eldste bror Fure prøvde seg som blånisse, men ligna egentlig berre på pappa.

4 mann - nei, 5 i sofaen! (2 seteren)
Julehefter, mandarin og karameller! :)

Og ei liten blånissejente! :)

julegaver aktiviserer heile familien :)

lillegutt lærere av bestefar :)



Fru Fure viste bilder og fortalde om slekta - Dennis fulgte ekstra godt med :)
 Så gjekk lyset. Då er det greit at nokre julegåver var spel, led-englar og stearinlys.

Prøv å stjele denne twisten uten dårlig samvittighet da!

Festen var over og ho mor kveikte alle ljos, det skein i kvar ei krå..

Det var noko "Jane Austin" over legginga denne kvelden.. 
Dagen derpå var det tid for å sjå ut kva skade Dagmar hadde påført oss. Vi slapp billig unna.

Finn ein feil...
Og så måtte eg ut til Ervik ein tur, og sjå på det mektige, majestetiske havet. Det er flott å sjå på der det brusar - men ein skal ha stor respekt for det!







Det var grått innover mot Vanylven og denne dagen.

Og det var ikkje alle som var like heldige som vi.. (og eg var ikkje
heldig med kameravinkelen eller innstillinga...)

I dag kom nettet tilbake, men då gjekk lyset igjen. Så vi tok ei runde med millionær - eg har aldri likt dette spelet før, men etter å ha utklassa motspelarane eit par gonger kjenner eg at det begynner å vekse på meg.. ;)

slik kan det også gå :)
Ryktene seier at det skal kome ein liten storm til i morgon, men så skal freden senke seg på fredag.
Det syns eg passar fint - eller eg kan godt greie meg uten stormen i det heiletatt, men eg likar tanken på ein roleg retur til Bergen.
Snart er det eit nytt år.. eg må kanskje tenke litt på kva forsett eg skal ha i 2012. Har du eit godt forslag?

1 kommentar:

  1. Så kjekt å sjå, Liv-Helga!

    Hels dei andre i familien! God nytt år til dykk alle!

    Helsing Liv i Sveits

    SvarSlett