torsdag 15. desember 2011

Playgraut!


I gårkveld var det Playgraut. Det er jentene i Playground som arrangerer og vi var i stua til tre av dei. Det var mykje kjekke folk, flott musikk, glede, gløgg og graut. Eg var kjempetrøtt etter jobb, men var veldig glad for at eg samla krefter og tok turen. Det var veldig verd det! :)




Dei er ekstremt flinke disse jentene :)

og stemninga vart berre bedre og bedre..
(beklager filmkvaliteten...)



Eg hadde egentlig tenkt å komme meg heim tidlig..
men kvar gong eg tenkte å gå kom det endå fleire kjekke folk.
Så det vart seinare og seinare, stemninga steig og steig.

teamwork gitarspeling

Juletregang kom vi oss ikkje unna - dvs. eg sneik meg som vanleg unna, 
og tok bilder og filma i staden :)




Etterkvart vart det "nachspiel"-stemning, 
og eg fekk til slutt sitte på med Mona heim.
Litt seinare enn planlagt i seng, men i særdeles godt humør etter en knallkjekke kveld!
Gledar meg allereie til neste playgraut! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar