onsdag 7. desember 2011

Pakk og bak!

Eg skal på turnè! Ikkje åleine - men heilt til Færøyane.
Så i kveld har eg pakka - tannbørste, kjole, sko, mikrofon og kabel. Trur det er det viktigaste. Og så har eg funne fram passet - og baka.


For når ein cøliakier skal på tur er det lurt å ha med litt niste - eg har i allefall erfart at flyplassar ikkje alltid er like flinke på glutenfri mat - dessuten er det DYRT! Og eg får lønna mi tidligs på fredag - så eg fann ei oppskrift på ostehorn på nett - og sette i gong.

Slik sette eg deiga:
ca 2,25 dl skikkelig varmt vatten som eg blanda med ca 2,25 dl melk - slik at det blei ca.37 grader
Så hadde eg i ei stor spiseskei med fiberhusk. Eg rørte rundt og lot det stå og svelle i ca 5 minutt.
Medan det gjorde det målte eg opp 10 dl fin semper, hadde i 0,5 ts salt, ein pakke tørrgjær og 1 lita ts bakepulver. Egentlig skulle eg hatt orntlig gjær og blanda ut i veska, men det hadde eg glømt, så då vart det tørrgjær.
Så blanda eg alt sammen, la til 50 g smør(smelta eller flytande), ca 4 ss olje og 1 egg.
Dette lot eg stå og gå i miksaren i ca 5 minutt, før eg sette deiga til heving i ca.20 minutt..


Medan den heva, sette eg i gong med pakkinga.. Det er litt styr å vere jente på tur.. Må jo huske både sminke og kamera, høge og lave helar, varme kle og fine kle.. Blir spennande å sjå kva eg egentlig kjem til å bruke der oppe..


Så var det utbakinga. Eg hadde grillpølser og ost inni.. og gjorde det slik:
delte deiga i 4, kjevla ut i en ca runding, delte i 4 med ostehjul. hadde på ost, pølse og bretta sammen. Kjempeenkelt!




Eg innser i ettertid at det sikkert hadde vore lurt å pensle med egg, men det gjorde eg ikkje i dag.. kanskje neste gang - om dette er like godt i morgon som i dag..


NISTE!:) (og litt til frysen)

Koffert, pass og varm jakke. :)

Litt kveldsmat før senga:) Smaka godt i kveld i allefall :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar