mandag 5. november 2012

Utgått på dato?

Eg har hatt nokre bussturar i det siste.
Og her hin dagen sat eg og kikka ut viduet
medan bussen trilla innover Bryggen.
På gata gjekk det ein gammal mann, 
eg veit kven han er men hugsar ikkje kva han heiter.
Han er litt puslete.
Går rundt og klagar på alt som er nytt og uvant.


Og eg har sett korleis han har vorte behandla.
Om rullinga med augene når  han snur ryggen til
etter ein har svart han,
høfleg, men likevel med eit snev av sarkasme.
Eg har forstått det.
For han kan vere litt plagsom, 
i allefall i vår travle kvardag.


Men så sat eg der.
Såg denne mannen som gjekk bortover gata.
Med usikkert blikk og nølande steg.
Og det slo meg:
kanskje blir eg sånn når eg blir gammal?
Tida går fort nok for meg i dag, 
eg greier ikkje å henge med på det nyaste nye.
Utviklinga går så fort at det som var imponerande i går
er utdatert i dag.


Det er ikkje mange åra sidan ein generasjon kunne strekke seg over 25-30 år.
No er vi heldige om den varer i 5 år.
Er det rart at verden blir ein utrygg plass for dei som 
vaks opp under heilt andre kår enn oss?
Burde ikkje vi unge (i den grad eg kan kalle meg det lenger)
prøve å vise litt meir forståelse for dei som vaks opp i ei verd 
der breva frå andre sida av jorda tok månedar, rikstelefon var dyrt og 
"alle" gjekk både på søndagsskulen?


Denne mannen har jobba eit langt liv,
for å bygge landet eg lever i no.
Eg bør virkelig ikkje himle med augene
sjølv om eg syns haldningane han har er forelda.
Han har rett til sine meiningar,
og eg skal ha respekt for det.
Han er ingen dum mann,
og eg trur han veit at folk gjer narr av han bak ryggen hans,
og eg trur det sårar han.
Av ein eller annan grunn var det desse tankane som dukka opp
i hovudet mitt då eg såg han.
Eg trur mange eldre kan føle seg latterliggjort,
fordi dei ikkje heilt heng med.
Eg trur mange eldre blir endå meir ensomme, 
og kanskje til og med redde,
fordi dei føler at verden ler av dei.
Er det takken vi som er litt yngre vil gje dei?
Og er vi så arrogante at vi trur vi ikkje har noko å lære
av dei som er rekna som gamle i samfunnet i dag?


Eg trur eg har mykje å lære av dei som har levd lenger enn meg.
Eg trur eg går glipp av mykje om eg ikkje lyttar til det dei har å seie.
Eg trur meiningar som eg er uenig i er like viktige som mine, 
sjølv om det sit langt inne å akseptere..
Eg trur du, uansett alder, er like verdifull
og har ei viktig rolle i fellesskapa våre.
Eg trur du, uansett alder, er vakker og elska, 
og har rett på respekt frå andre.

Ein dag blir det min tur
å ha utdaterte meiningar 
og forelda haldningar.
Ja, nokre vil sikkert seie at eg er der allereie.

torsdag 1. november 2012

Når det stormer..

Ein må jo ha vore i dvale om ein ikkje har fått med seg
kva som har foregått over dammen denne veka.
Sandy, ein monsterorkan,
har sett millionbyen ut av spel, 
og bildene av herjingane har vore mange.
Men det er ikkje berre i New York herjingane har vore store,
fleire statar og land langsetter austkysten 
har fått smake stormen.


Og eg har jo då altså vakse opp på Stadt,
"den yderste, nøgne halvø" mot det ville havet.
Både meterologar og vêrdamer nemner plassen hyppig
når dei melder om kuling, bris, storm og orkan.
Eg er ikkje så god på vindretningar eller styrke
(eg må stadig slå opp Beauforts skala på Wikipedia),
men eg har vakse opp med stor respekt for vind og hav.
"Havet gir, og havet tar" har vore noko eg har høyrt frå eg var liten,
og det er noko eg har fått erfare på forholdsvis nært hold.
Difor kjenner eg at eg blir dårleg når eg ser bilder av folk som 
bevegar seg ut på moloar og liknande, 
når bølgene er meterhøge og skumtoppane driv, 
berre for å få betre utsikt til naturkreftene.


Mange av bileta eg har sett siste veka, 
og nokre erfaringar eg har gjort meg i mitt stille, vesle liv, 
har fått meg til å tenke på kor viktig oppdragelse og fundament er.
Dei materielle skadane er omfattande i dei områda der gode fundament er lagt,
men det er rimelig greitt å rydde opp igjen etter herjingane.
(sjølv om det i mange tilfelle kan vere ein solid dose arbeid som må til.)
Der fundamentet har vore dårleg, er raseringane ofte så ille 
at ein må rive alt for å bygge opp igjen.
Når ein er oppdratt til å ha respekt for havet,
og ryggmargsrefleksen er å springe vekk når bølgene vert høge 
eller sjøen forsvinn langt ut, 
så kan det vere ein livreddande refleks.


Eg trur dette gjeld i liva våre og.
Oppdragelsen vår gjer at vi får nokre ryggmargsrefleksar
som er både gode og dårlege.
Verdiane og haldningane vi har 
legg grunnlaget for korleis vi opptrer når stormen inntar liva våre.
Difor trur eg det er viktig å gje born og unge som veks opp
gode verdiar, hjelp til å ta valg som gjev gode konsekvensar
og nokre ryggmargsrefleksar som gjev tryggleik når livet buttar i mot.
Vi treng alle å vere trygg på vår eigen verdi, andre sin verdi 
og å sjå samanhengen mellom liva våre.

Usminka
I går kveld var eg på Mary Kay party.
Det var veldig kjekt å vere på der, 
spesielt fordi det var ein kveld med gode venninner,
men samtidig er slike party ein plass 
der du blir ekstra obs på dine svakheter.
Rynkene som det stadig blir fleire av,
stadig dårligare fleksibilitet i huda
og for ikkje å snakke om dei enorme porane..
Eg likar sminke, 
eg likar å pynte meg 
og eg likar at det finnes produkt som kan hjelpe..
i allefall innanfor visse grenser.


Men i dag tidleg sov eg eit kvarter lenger enn eg burde.
Det resulterte i at eg måtte hive sminka i veska
og springe usminka ut i kvardagen.
Eg skulle til Bømlo og hadde ei ferge å rekke.
Eg kunne jo sminke meg på ferga var tanken,
men det eg ikkje hadde tenkt på var 
at eg måtte sjå billettmannen i augene før eg fekk køyre ombord...
Og eg sat der og følte meg som eit takras, 
berre fordi eg mangla kaja, mascara og litt anna stæsj..

Med sminke.. 
Sminke er berre ein ting som kan pynte på virkeligheta,
og skjule sanninga.. (men takk og lov for at det finnes!)
Men det finnes mange andre ting som sminkar liva våre, 
og som gjev glatte, grunne verdiar
som ikkje gjev noko godt fundament i livet.
Som gjer steinane på livsvegen sleipe,
slik at fallet kan bli mykje styggare når stormen kjem.

Eg trur på ein som har sagt at 
min verdi ikkje blir bestemt kva 
menneske, media eller andre jordiske ting
seier at den er.
Min verdi er umåleleg i menneskeleg målestokk
fordi Han har skapt meg, 
akkurat slik som eg er.
Eg trur han har skapt deg og,
og din verdi er akkurat like høg som min,
uansett kven du måtte vere og kva du måtte ha gjort
Det er udiskutabelt.
Og min verdi er uforandra om eg legg på meg eller slankar meg,
om eg er usminka eller sota rundt augene, 
om eg er frisk og rask
eller om eg skulle bli alvorleg sjuk og
mistar ein eller mange kroppsfunksjonar.

Stor dopapirvisdom!
Han seier og at uansett kva som skjer med meg, 
så vil han holde mi verd i si hand, 
Han har omsorg for meg og mitt liv, 
Han vil gå med meg både på dei gode og på dei vonde dagane.
Dette seier Han til alle menneske,
og difor skal eg ha omsorg for andre og meg sjølv
og eg skal behandle både meg sjølv og andre med respekt.

Eg trur dette er gode verdiar og haldningar å bygge livet på,
dei har holdt gjennom nokre stormar i mitt liv til no, 
eg trur dei vil halde i mange fleire.

søndag 28. oktober 2012

We'll meet again...

I går var det fest.
Ikkje fordi eg hadde bursdag, 
men fordi ei epoke er over.
Seraf er offisielt avslutta.
Rart. Trist. 


Men vi har hatt eit så fint fellesskap,
så mange gode opplevingar i lag,
så mange ekstraordinære opplevingar i lag i grunnen
(ein Seraftur gjekk sjelden som planlagt)
og så mange fine minner,
at ein fest for å feire vennskapa, musikken og gleda
desse 9 åra har gitt oss var på ein plass.
Forhåpentligvis har vi og fått bidra til 
gode ting i andre sine liv også..






På menyen var det Tapas, 
og det var rikelig med mat!
Vi åt til vi nesten sprakk..



Og som det brukar å vere når gode vener møtes,
så var det god stemning og mykje latter.










Som alltid på ei (organisert) samling med Seraf
hadde vi og rom for eit gudsord.
Kristin delte ei fantastisk andakt om fellesskap,
om det å alltid har rom for ein til.
Og illustrerte det med kabinkrokar og bagasjelappar
på ein måte som eg i allefall kjem til å hugse!


Og vi måtte jo avslutte kvelden med sang.


"Da va nett so i gamle daga.."
 Etter at vi hadde rydda opp etter beste evne, 
så var vi nokre få som fann ut at vi skulle gå heim til meg
og berre henge litt..


Og då måtte det jo feirast litt at eg faktisk hadde bursdag..
(sjølv om bursdagen var litt over..)
Faktisk, til tross for at Seraf berre har vore til i 9 år, 
så var i går 3.gongen eg feira dagen saman med denne gjengen.
Betre feiring finnes vel egentlig ikkje!


Det er vemodig at Seraf er historie.
Det er fryktelig rart å ikkje skulle ha julekonsert om ein liten månad,
men det er litt godt å sleppe å organisere den også..
Det er eit sakn å ikkje møte denne gjengen kvar torsdag,
 kva skal torsdagar brukast til no?
Det er i allefall sikkert at dei folka eg har sunge saman med
(musikarane også!)
i desse ni åra har ein heilt spesiell plass i hjertet mitt, 
og den plassen kjem dei alltid til å ha!
Så sjølv om det var avslutningsfest, 
så var det ikkje ein avskjedsfest.
Vi kjem nok til å møtast igjen!


torsdag 25. oktober 2012

Smak av vinter, 007 og Starbucks


Då eg gjekk på jobb i dag var det kjølig 
med regn i lufta.
Då eg gjekk heim frå jobb hagla det
og bles gjennom alt som var av kle.
Hausten er visst i ferd med å ta farvel,
og vinteren på veg.


Eg likar det kvite med snøen, 
men er ikkje overbegeistra for føreforholda den kjem med.
Og ikkje spesielt begeistra for kulden heller, 
i allefall ikkje når det er surt.
Så då var det godt å ha ein kveld å sjå fram til.
Eg var nemlig invitert med på kino,
av ein kompis som jobbar i TV2
og som hadde fått lov å ta med seg nokre vennar 
på ei eksklusiv visning for TV2-folk
av intet mindre enn den nye James Bond-filmen, Skyfall.


Eg storkosa meg!
Ingenting er som litt gladvold på ein sur og kald haustvinterkveld!

Og så fekk eg pakke frå London:
Så no kan eg invitere til instant-coffee-heaven! :)
Greit å ha noko å varme seg på,
no som det har vorte heilt kvitt ute...

Starbucks har faktisk super
instant coffee!

onsdag 24. oktober 2012

Abrahams barn


Eg har vore på teater i kveld.
Ei stille framsyning av Abraham si historie
med brillene til tre religionar.
Eg tek hatten av for Svein Tindberg
som losa oss gjennom historiene 
frå bøkene til jødane, muslimane og oss kristne.
Fortalt på ein måte som gjer at vi må undre oss,
over alt vi har felles
og alt vi har forskjellig.
Fortalt på ein måte som gjer at vi må sjå litt
på kven vi sjølve er
i den store samanhengen.
Fortalt på ein måte som berører oss,
engasjerer og frustrerer.
Fortalt på ein måte som innbyd til dialog, 
og som på ein forunderleg sterkt vis
viser mennesket
som truande vesen.
Fortalt på ein måte som utfordrar oss
til å gå i møte med det ukjente
og gjere det til noko kjent.

Ein mann, ein stol, nokre videomontasjer
og ei veske full av bøker.
Det var det som skulle til 
for å fortelje historia om Abraham sine born,
ei historie vel verd å høyre frå tre ulike vinklar.

Foto: Riksteateret



Ein Oslotur, tre mannsbesøk, ein postpakke og søvnbehov.

I går kveld visste eg ikkje å halde augene åpne, 
så eg gjekk og la meg 21.30,
og sovna som ein stein.


Det er kanskje ikkje så rart, 
for ting har gått i rimelig høgt tempo 
sidan før helga
- ja, egentlig har no hausten gått i rimelig bra tempo..

Forrige veke var eg i Oslo, 
nesten heile veka.
Det var seminar om ungdom og seksualitet, 
samling med gode medarbeidarar i Bjørgvin
og den store, årlege trusopplæringskonferansen.
Eg kunne fått med meg ein konferanse til, 
men eg valgte å ta torsdag formiddag fri
og tusla rundt i storbyen eg er så glad i.


Eg fekk med meg mykje:
Eg vart intervjua av NRK på Egertorget, 
Kampen Janitsjar spelte og sang på Karl Johan, 
og Moods åpna butikk på same plass.
Eg åt lunsj på Bakefri, 
der eg introduserte ein herremann frå Essex for det vidunderlige Stadt.
Og på Oslo City fekk eg uanstendige forslag frå ein kjekk kar, 
som til og med gikk så langt at han foreslo ekteskap
- for å selge meg noko hudprodukt.


Det var i det heiletatt ein fin dag, 
og på toget heim hadde eg god tid til å få gjort dagens arbeid.
Men fredag var jenta trøtt, 
slik ein ofte blir når ein har bygd opp til alt det kjekke ein skal gjere,
og det er over, 
og ein kanskje kjem heim litt seint kvelden før..

I helga venta eg besøk,
men eg trudde dei kom med kveldsbåten, 
så eg hadde ikkje gjort klart til dei.
Fredagen vart difor definitivt litt annerleis enn eg hadde tenkt,
då eg fekk melding om at dei var på veg utpå morgenkvisten..


Det var to kjekke karar, 
den eine også kjent som min nevø, som var på veg.
Eg såg dei egentlig ikkje så mykje før på søndagen, 
men prata litt på telefonen innimellom.
Og så vidt eg såg oppførte dei seg fint.
Det var ikkje tanta dei kom på besøk til, for å seie det slik..
(men dei fekk middag på søndag!)

Tanta derimot, fekk storfint besøk frå Oslo.
Fredag ettermiddag tikka det inn melding frå ein gammal venn, 
om eg ville treffast, for han var plutselig i byn.
Og når gode venner møtes går somregel timane fort.
Det gjorde dei både fredag og laurdag kveld..


I tillegg fekk eg pakke i posten på laurdag som gjorde meg veldig glad.
Mamma har strikka ei sak til meg, ut frå bestilling frå meg,
eg veit ikkje heilt kva ein skal kalle det, 
men ein kjole/vest-sak?
Den er i allefall veldig deilig å ha på!! :)


Og plutselig var veka der igjen, 
og når ein startar veka litt på minussida på søvn, 
så er det godt å kunne møte ei god venninne 
og ete sushi, lufte seg litt i haustsola og drikke kaffe etter jobb. 


For hausten er definitivt på plass.
Det er kanskje litt derfor eg er litt trøttare enn normalt også?
Ja, eg trur vi seier det sånn ;)

søndag 21. oktober 2012

Ønsker deg..


Då eg tok toget heim på torsdag hadde ei melding hengt seg opp på informasjonsstripa i vognene.
"og ønsker deg" stod det utan endring heile vegen frå Oslo til Bergen.
Og eg fekk tid til å sitte og tenke på desse små orda "ønsker deg", om korleis dei kan brukast og kva det betyr.

Vi har vel alle høyrt høyrt Mariah Carey synge om  "All I Want For Christmast is You" eller liknande klisjear i romantiske komedier eller tårevåte drama. Det blir fort ein floksel, noko som er litt overflatisk og glatt. Men tenk kor sterkt uttrykk dette egentlig er..
Ønsker deg - det er svulmande, svært og samtidig utrulig sårbart.

Ønsker deg - to ord som i seg sjølv er positive, kan samanstillast med uendelig mange kombinasjonar av ord, som kan gje både positiv og negativ klang.
Men om vi legg det til side, og berre ser på desse orda - slik dei står, berre dei to, er utelukkande positive.

Ønsker deg - to ord som i seg sjølv bekreftar ein annen sin verdi, to ord som avslører kjærleik, to ord som kan løfte nokon opp og fram.
Ønsker deg - to ord som avslører eit følelsesregister og som lar avsendaren stå blotta tilbake, to ord som avslører draumar og håp.

Ønsker deg - orda som bekreftar at nokon vil ha deg i livet sitt..
Det er ganske svært i grunnen. Og umåtelig vakkert.