onsdag 29. mai 2013

Samliv og singelLiv

Til helga er det siste bryllaupet for i år - så vidt eg veit.
Mykje kjærleik har vore feira, 
og det er fantastisk når to menneske finn ut
at dei vil gje seg sjølv til kvarandre
og satse på å leve saman resten av livet.



Det som ikkje er like fantastisk er alle gode og velmeinande råd til den single som kjem i bryllaupet.. Ein ting er når gode vener kjem med det, sjølv om det ikkje er det kjekkaste eg veit det heller. Men du er litt «fritt vilt» når du er i slike samanhengar, og ikkje har ein å henge i armkroken til. Og det er ikkje berre i bryllaupet du møter dette - for du treng berre nemne at du skal i bryllaup, så kjem det...

«Du må berre satse!», «Du må jo gi dei ein sjanse!», «Han der kunne jo vore noko for deg!» og «Men... det må jo vere nokon som du likar... du må slutte å vere så kresen!» er fraser eg kjenner litt for godt no. «Berre sjå på den og den... Dei har jo fått det til..»
Og eg er møkande lei av å høyre dette!

Kven kan seie at eg ikkje har satsa? Eller at eg ikkje har gitt både ein og fleire sjansar? Eller kven kan seie at nokon er noko for meg, når eg kjenner med heile meg at dette er ikkje eit menneske eg kommuniserer godt med på noko nivå? (og oftast er jo denne opplevinga lik frå begge sider) Det er eit under kvar gong to møtes og finn kvarandre. Det er ikkje ein menneskerett. Det er ikkje sjølvsagt at ein skal gjere det. Det er ikkje alle som er så heldige at dei finn det menneske dei vil satse på for resten av livet. Og eg forstår at alle som har opplevd det fantastiske gjerne vil at andre skal oppleve det og.



Og kvifor er eg singel? 
Eg er jo heilt super! Nei, eg kan ikkje forstå det... ;)
Men kanskje handlar singellivet om valg vi har tatt. Kanskje valgte vi vekk nokon som kunne vore fine å dele livet med, i håp om noko anna? Kanskje var fokuset vårt ein heilt annan plass? Kanskje har vi faktisk ikkje møtt nokon som det har klaffa heilt med, av ulike grunnar..

Så kjære du som har funne deg nokon å leve med, på godt og vondt. Lat meg fortelle deg noko: Nokre har valgt å leve åleine. Resten av oss har ikkje vore så heldige at vi har funne nokon å leve saman med. Det er ikkje noko vi ville valgt for oss sjølv, om vi hadde fått velge det. Men eg vil forbeholde meg retten til å vere kresen, for du ville jo heller ikkje levd saman med eit menneske du ikkje fungerte sammen med. Du vil ha nokon som du elskar og trives saman med, og som elskar deg. Kvifor meiner du då at eg skal ta til takke med det som måtte komme drivande?


Some day my prince will come? eller kanskje ikkje..

Singel-statusen er ikkje noko eg har trakta etter. Men den er no her framleis. Og eg lever faktisk eit fullstendig liv sjølv om eg må gå ein del vegar åleine som eg gjerne skulle delt med nokon andre. Det er ikkje berre lett - men alle typar liv, enten det er singelliv eller samliv, har sine utfordringar. Av og til er singellivet supert, eg er fri til mykje eg ikkje ville vore fri til om eg ikkje var åleine. Men samtidig, så er det eit stort aber at ein ikkje kan dele gledene og sorgene med den eine spesielle, den som bryr seg litt meir enn dei andre. Og alle velmeinande ord, og gode råd (som slett ikkje alltid er så gode), blir berre påminningar om at du ikkje har takla ei side av livet som «alle» andre får til. Og kvifor er det slikt at det er greitt for deg å grave i singellivet mitt, når det overhode ikkje er greitt for meg å grave i samlivet ditt? Er ikkje det same greia?



Og for om du møtte din utkåra på byn, på jobb, i eit bryllup eller på nettet, så er det ikkje sikkert at eg vil møte nokon der.. Eg syns heller ikkje det er noko særleg trøst i ord om at «berre vent, det er nok ein heilt spesiell ein som ventar på deg rundt neste sving - eller om 10 svingar».. Eg treng då ingen heilt spesiell ein.........

Eg lurer på kvifor er ikkje livet mitt fullgodt før eg har funne ein spesiell å dele det med. Eg har det jo fint, sjølv om det enkelte dagar kan vere litt stusslig å vere åleine. Eg kan velge å ha all min fokus på å finne nokon, og gjere alt eg kan for å sleppe unna singellivet. Problemet mitt er at då vil eg gå glipp av veldig mykje anna gøy undervegs... I tillegg kan det jo vere at det ikkje kjem ei "forbedring" av livet mitt... Så det veit eg ikkje om eg er så gira på.



Så la meg seie det ein gong for alle: Eg lovar at om han kjem, så skal eg ta i mot han med opne armar. Men eg er ikkje villig til å sette livet mitt på vent, berre for å sjå om han kjem.. Og skal eg fyrst dele livet med nokon, så skal det vere ein som eg VIL leve med - ikkje ein eg tek til takke med! Og eg lovar: du skal få vite det når eg finn han! (eller han finn meg ;) )

2 kommentarer:

  1. Godt skrevet,og en tankevekker for oss "Kirsten Giftekniver" der ute.

    SvarSlett
  2. Skal prøve å være kort: Digger innlegget! Etter å ha tilbringt nesten hele livet som singel, så identifiserer jeg enda med å være det, referer alltid til frk Stranden osv., og glemmer at jeg har endret sivilstatus. Jeg blir fremdeles provosert og føler meg liten når jeg opplever at folk flotter seg bra "fru-tittelen", som om man har fått til noe helt spesielt, som om man har oppnådd doktorgrad i kvantefysikk. Jeg tenker at det er er helt(!) tilfedig om man finner noen eller ei. Å finne noen er for alle, men oppleves ikke av alle.. sykdom, død, kjærlighet rammer jo oss alle tilfeldig. Heier på deg som ikke legger alt inn for å finne noen. Synes du skal fyre tilbake neste gang noen spør, og spørre dem hvordan det går i samlivet. Ikke for å være frekk, men for å sette på plass. Når man kommer på tomannshånd med svært mange... så får man høre litt av hvert om "den store kjærligheten". Altså... jeg er glad i Fabio jeg. Og tenker at det var rent flaks at jeg traff ham. Men er samlivet alltid fantastisk og godt? Nei. Det er bare det at de fleste av oss ikke tør å si det høyt. Og det er så mye lettere å si at det er litt trist å være singel. Sier man at det er litt trist å være gift, så...! Hehe, merker dette var et emne som engasjerte meg max. Heia deg Liv-Helga, skriv mer!

    SvarSlett