torsdag 23. mai 2013

Snille barn og meg.

Ved fleire høve den siste tida
har vennar av meg snakka om ungane sine
og eg har merka meg at ordet "snill" går igjen på ein bestemt måte.
Det har vore så påfallande mange som gjer det
at eg må berre skrive nokre ord om det.
Det som er greia er at når dei beskriv ungane sine som snille
så betyr det at dei er stille og rolige.
Temperamentfulle og smårampete ungar 
blir ikkje beskrive som snille..
Dei blir heller satt opp som motpol dei som blir beskrive som snille.


Eg vil ikkje!

Eg var ein temperamentsfull unge.
Eg var ein smårampete - om ikkje rampete unge.
Men betyr det at eg ikkje var snill?


Eg veit at det var gonger då mamma ikkje visste kva ho skulle gjere med meg.
Sånn som f.eks. den morgonen vi skulle ta familiebilde
i forbindelse med søstera mi sin konfirmasjon.
Eg hadde litt lite å gjere på, eg fann ei saks og tenkte at 
det hadde no vore kjekt med lugg...

med nyklippa lugg..

Eller den gongen eg tenkte eg skulle pynte katten.
Eg gjorde som eg hadde sett på tv,
fann ei av hårsløyfene mine og batt rundt halsen.
Han var så fin så!
Det er jo ikkje mi skuld at katten gjekk ut og rota seg bort i
rhododendronen, og vart hengande der..
(mamma oppdaga han heldigvis før han fekk fullført sjølvmordet)


Eg var alltid villig til å hjelpe til, 
både med å legge opp bukse og å lage blondegardiner.
Saks var generelt noko eg ikkje burde få tak i..
Og eg gjorde mitt beste for å dekorere veggane, 
sjølv om det ikkje var så populært når det var søsteren sin kajal..


Men sjølv om eg gjorde masse gale, 
så var det aldri med vond vilje eller for å vere slem.
Eg hadde berre ikkje forstått at eg ikkje måtte gjere det..

Eg trur alle barn er snille,
eller i det minste ønsker å vere det.
Men om ein ikkje får høyre at ein er det,
medan andre stadig blir omtala som det, 
så vil ein kanskje tru at ein ikkje er det..
Slik som eg trudde at julenissen ikkje kom til oss
fordi eg ikkje var snill, men alltid gjorde noko gale.


Eg var liksom slik som Emil eg..
Eg elska bøkene om han, 
og tenkte at han og eg ville vorte gode vener.
Det kunne like gjerne vore eg som sette hovudet fast i 
suppebollen, eller helte blodklubben ut vinduet,
eller heiste nokon opp i flaggstanga...


frå internett
Kanskje må vi vaksne tenke litt gjennom korleis vi 
omtalar borna - og bruke ordet snill på ein annan måte,
ein sannare måte?
For - kanskje vil barnet tru at det å vere temperamentsfull,
eller fantasifull, betyr at du ikkje er snill.. 
Men det stemmer vel ikkje?
For kven var det vel som inviterte heile fattighuset
på julekalas i Katthult?
Slikt er det eg kallar for å vere snill!

Hipp hurra for verdens kulaste 50-åring, forresten! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar