fredag 10. mai 2013

Andre, og siste, konfirmasjon i år

I dag var det Marit sin tur å vere konfirmant
og vere i fokus.


Ho gjer som regel ikkje så mykje ut av seg,
men er ei lun og omsorgsfull jente,
med masse herlig humor og humør.


Det var ein fin liten gjeng som stod konfirmantar i 
Leikanger kyrkje i dag :)






Etter kyrkja var det berre å hive seg i bilen 
for å stikke heimom og fikse saus til lammesteika,
kjøtkakene og fylle ei kake..
Og når det er fleire kokkar i finkle
enn ein har forkle til, 
så blir ein kreativ....



Og det er no i grunnen litt Marit sin stil,
å vere kreativ.
Det var tydelig at det var ei jente som har syn for
fargar, stil og det som er vakkert
som hadde fest i dag.



Og det er ingen spøk å ha eit konfirmasjonsselskap med 45 gjester.
Berre ei tante mangla...
Her er dei obligatoriske bilda:


Fadderbilde

Konfirmant med foreldre

Familien 

Konfirmant med foreldre og besteforeldre

Konfirmant og besteforeldre

Begge konfirmantane i familien i år med besteforeldre


Konfirmantane med Furegener i 2013
 Og fotoseansen vart meir og meir seriøs..

Konfirmant, søsken med ein kjæreste og ein hund

Storebror instruerer i posering:




Storebror og 4 månader eldre fetter viser korleis det skal gjerast:


Og så får dei med seg ein staut kar frå Reksnes og:


Det er jo alltid best å avslutte medan leiken er god, 
så då var det tid for kaffe og kaker..


Eg hadde lova å lage fire kaker.
Appelsinkake, valnøttkake med salte kjeks, 
chili og pasjonsfruktkake og verdens beste.
To av dei hadde eg aldri laga før,
to var ca vellukka, 
to kunne vore steikte meir.


Men eg vil påstå at folk leid inga naud, 
for vi leikar ikkje selskap på Stadt.
Her var det 45 gjester (der minst 5 var under 10 år) og 25 kaker, 
i tillegg til desserter....


Og mi flinke søster hadde sjølvsagt laga kake


Eg håpar og trur Marit hadde ein fin dag.
Eg er jammen heldig som får vere tante til denne fantastiske jenta.

Litt lei av å smile fint ;)

Og jada, eg laga sjølvsagt tegning til henne og:



Alle gode ynskjer for framtida di, Marit!
Eg diggar deg! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar