mandag 6. mai 2013

Fyrste konfirmasjonen i år

I går var det konfirmasjon i Volda.
Sverre - yngste son til eldste bror min,
og mitt fadderbarn, stod for tur.
Det var stor fest både i Voldadomen
og på Klepp :)



Det var, til tross for litt grått vêr,
ein strålande dag.
Slik dagar i godt selskap ofte er.
Og fyrst dei obligatoriske bilda:

Konfirmanten med foreldre

Konfirmanten med besteforeldre

konfirmanten med storebrødre

Konfirmanten med faddere

Heile søskenebarnflokken til konfirmanten
Det var som sagt ein strålande dag.
Og altfor masse god mat! (som vanleg på Sunnmøre)
Konfirmanten hadde sjølv bretta alle serviettane
og dét står det respekt av!!


Og som seg hør og bør på slike dagar
vert det ulike fotoseanser i løpet av dagen.
I vår familie er det alltid ein kamp om å komme 
mest i fokus på slike seanser.




Kystdrakt og sunnmørsbunad :)

Dei to eldste nevøane mine, Jetmund og Kristoffer, 
har akkurat fått seg sunnmørsbunad, 
og i går vart dei innvigde.
Strammare karar finn ein ikkje i Volda!
(eller på heile Sunnmøre, om du spør meg!)


Min eldste nevø, Jetmund,
og eg - 13 år som skiller.. :)

Familien sitt nyaste kjærestepar (så vidt eg veit)

Og det er aldri kjedeleg i familieselskap hos oss.
Vi finn alltid på noko som skaper litt liv og røre, 
eller så får vi hjelp av Julijana :)






Og så måtte Jetmund fikse litt på håret..



Og her er grunnen:



Som sagt: FINASTE, STRAMMASTE,
 KJEKKASTE KARANE PÅ SUNNMØRE!
(sånn reint objektivt sagt, og det gjeld alle tre!)
Snille og greie er dei og! :)


Fine folk i bunad med Fureblod i årane 
 Det var som vanleg på ein sunnmørskfestdag, 
eit hav av kaker.
Den eine betre enn hi.
Men eg må få lov å skryte litt ekstra av søstera mi sin kreasjon.
Eg beundrar så hemningslaust hennar talent for å pynte kaker.
(for å bake kaker også!)
Det er utruleg kva ho kan få til med litt (mykje) marsipan
og litt konditorfarge!


Eg håpar at konfirmanten hadde ein strålande dag.
Han er ikkje ein mann av mange ord, 
men er eit stort volleyballtalent,
med ein lun og god humor. 
Eg diggar deg!
Og eg ynskjer deg alt mulig godt for framtida, Sverre!

Tanta si tradisjonelle konfirmasjonsgave







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar