søndag 28. april 2013

Bente sin festdag :)

Det er som tidligare nemnt fleire bryllup som står for tur denne våren.
Brud nr.2 er Bente.
Og i helga har vi hatt utdrikkingslag for henne.
Eit veldig snilt utdrikkingslag
med fred og ro - i stil med jenta sjølv,
og masse venninnekos! 


Eg har kjent Bente sidan eg gjekk på vidaregåande, 
der vi hadde tysk i lag og gjekk på Konkordia.
Ho er nøyaktig eitt år yngre enn meg,
noko som gjer at eg har greidd å stjele bursdagsfeiringa hennar
opptil fleire gonger,
men eg lovar det ikkje var med vilje!!
Bente er ei svært kjekk jente, snill og tolmodig, 
sindig og rolig - men av og til kan det glimte til 
med litt nordfjordsk temprament.
Vi har vore på mange utenlandsturar i lag og hatt forening
og drukke mang ein kopp kaffe.
Ein ting er heilt sikkert:
Eg er veldig, veldig glad for å ha Bente som venninne.
Det var derfor stor stas å få vere med å feire
at ho no skal gifte seg med sin Frode.

Stor konsentrasjon..

Vi starta dagen hos Sarah Reed.
Der laga vi porselen.
Det har eg vore med på ein gong før, 
og det er superkjekt.
Ein veldig bra aktivitet for slike opplegg!



Eg laga meg skål med blad i..
(eg har vore her før og laga to koppar som eg elskar!)


For å få fin flyt på dagen hadde vi bestillt tapas 
brakt til Sarah Reed sitt verksted til lunsj.
Vi hadde særdeles hell med vêret, 
så det vart tapaslunsj på bryggekanten på Verftet
- I SOLA! :)




Venke signerer verket..


Frå Sarah Reed gikk turen på spa for Bente
og til Meland for meg og Venke.
(vi var middagsansvarlege
og reiste ut for å starte på det..)

Eit lite hint om kva aktivitetar som venta Bente..

Nei, eg har inga diagnose - berre ordenssans!

Piske krem på gamlemåten..
Menyen var:
Forrett: sitron og chilimarinerte kamskjell
Hovedrett: Indrefilet av okse med grønsaker, potet og soppstuing.
Dessert: Pavlova. 
Vi vart mette..



Og så var det jo selvfølgelig pakkeleiken:
Pakken inneheld noko som fortel om ei hending
brud og avsendar har vore i lag om.
Bruda skal gjette kven avsendar er og kvar historie som er knytta til pakken.
Og bruda imponerte med stor presisjon..


Men alle gode ting har ein ende, 
og diademet vart permitert
til fordel for pysjamas.


I dag var det ein ny dag,
og det var ikkje måte på kor morgonfriske folk var.
Kl.9 var rundstykkene sett i omnen og eggerøra i panna.


Men det var ein koselig gjeng å tilbringe frokost og føremiddag med.
Og vi kunne konkludere med at vi hadde vore ekstremt heldige med vêret, 
for i dag var det kvite skumtoppar på bølgene 
og regnet piska hardt mot rutene.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar