mandag 22. april 2013

Living the dream?

Dei siste vekene har draumar vore eit tema som har møtt meg i ulike situasjonar.
Kanskje er det fordi eg har vore i ein situasjon der draumen eg har hatt så lenge har vore innanfor rekkevidde..
Eg veit enno ikkje sikkert, men alle ting tyder på at den ikkje er det lenger. Og det er ein ganske kjip tanke. Og det gjer at ein må tenke seg om ein gong til...

Så nær var eg New York i 2010...

Ein klisje som ofte blir brukt i kristne sammenhengar er at "når Gud lukker ei dør, åpnar Han alltid eit vindu". Eg har ikkje heilt sansen for den. Ja, eg trur at dører kan bli lukka fordi det ikkje er godt for deg det som ventar bak den. Men at det berre opnar seg eit vindu når dette skjer, det trur eg ingenting på. Eg trur mange dører opnar seg!

Og spørsmålet er kva som er bak desse dørene. Kanskje skal ein gå i ei heilt anna retning eller kanskje er vegen dit vi ville berre litt lenger? Kanskje treng vi berre at ei verandadør opnar seg slik at vi kan gå ut og vere litt ute i sola før vi kjem inn att?


Når eg ser tilbake er eg glad for at eg ikkje vaks opp med YouTube, Idol, X factor, norske talenter eller andre av desse plassane kor du kan oppnå rask berømmelse. Då eg gjekk på ungdomsskulen var eg altfor klar til å bli superstjerne (sansynligvis mest for å møte nokre staute karer frå Boston som gjekk under fellesbetegninga NKOTB)- men nådde heldigvis aldri lenger enn til fylkesfinala i ungdommens kulturmønstring. Eg trur eg hadde blitt ei ganske ufordragelig stjerne om det hadde gått vegen for meg..

Du ser stjernepotensialet laaange vegar..

Laurdag var eg på konsert med Myrna Braza på Biblioteket Bar. Det var veldig kjekt, ho er svært flink og dedikert i det ho gjer. Eg beundra ho og eg tenkte på kva jobb som ligg bak å nå dit ho har gjort. Om kva vilje du må ha for å nå langt som artist. Kva det kostar å gje ut plate og arrangere konserter, og korleis du må jobbe non-stop for å halde på publikum. Eg har fått livserfaringar som gjer at eg ser kva det ville kosta for meg å nå gjennom. Å vere artist er ikkje berre morroa ein får på scena, det er uendelig mange timar med arbeid bak. Å velge det som yrke krever enormt med arbeid. Du må VILLE det. Sjølv om ein i dag kan slå gjennom med eit blunk - via internett.

Myrna Braza med band :)

Men så kjem spørsmålet om det ein drøymer om virkelig er det ein vil ha. Den siste veka har jo hovudsaka i norske medier handla om Justin Bieber. Om jentene som jakta på denne søte guten frå Canada som tilfeldigvis kan synge.. Han har råd til å kjøpe seg kva han vil eller reise dit han vil, men han må gøyme seg for å komme seg til og frå konsertane og får ikkje leve det sosiale livet som f.eks. dansarane han reiser saman med.. Det slo meg at det må vere eit einsamt liv, å reise rundt og vere superstjerne der ein ikkje kan vise seg i det offentlige rom uten at ein står i fare for å bli skada sjølv eller at andre blir skada. At ein ikkje kan smile til nokon utan at det utløyser ei bølge av hat mot den som fekk smilet..

Einaste sang på
samsungen min...
(eg saknar iPhonen!)

Medaljen har alltid si bakside. Ingenting er så perfekt som vi drøymer det skal vere. Spørsmålet er om vi er villige til å betale det som draumen kostar - hvis vi får muligheten? Og dei gongane når draumen blir knust - reiser vi oss og ser etter nye muligheter?


For kanskje er det bedre å sjå på mulighetene, enn å jakte på draumar? Eg trur vi treng ein ballanse der. Vi treng noko å drøyme om, noko å strekke oss etter og håpe på. Håp trur eg er den sterkaste drivkrafta vi som menneske kan ha, utanom kjærleiken. Og så lenge det er liv(med eller uten stor L) er det håp! Men vi må og sjå på kva dører som er opne, kva muligheter som ligg rett framfor oss. Kanskje kan ein formulere det som kva dører Gud har opna. For eg trur at går vi inn dei dørene som vi ikkje heilt veit kva fører til, men som vi ikkje må trenge oss gjennom, så blir det gode resultat ut av det. Som for eksempel då eg flytta til Bergen. Eg sakna Oslo og vennane mine der som berre juling, og hadde tidenes kjipaste bursdag fyrste hausten eg var her. Men alt la seg til rette på heilt geniale måtar og eg har lært å like denne våte byen og har fått mange gode venner her som eg ikkje hadde ville vore utan. Og av og til trur eg faktisk Vår Herre ser at eg treng ei tørkeperiode, og sender litt sol til meg ;)



Eg drøymer ikkje lenger om å bli superstjerne, for sjølv om eg hadde digga å ha sangen som yrke ville eg ikkje likt livet i rampelyset. Eg likar å kunne gå på kafè utan å bli gjenkjent og å kunne leve livet mitt akkurat som eg vil. Draumane mine er meir overkommelige, meir ned på jorda - ting eg ynskjer å oppleve, plassar eg har lyst å besøke og menneske og kulturar som eg har lyst å møte.


Så, eg skal ærlig innrømme det - eg likar ikkje tanken å vere så nær draumen uten å få ta del i den. Det er i grunnen berre kjipt. Og det trur eg alle menneske er enige om. Men eg har nok livserfaring til å vite at livet går vidare, og det vil alltid komme nye muligheter. Kanskje akkurat dei same mulighetene - eller kanskje nokon endå bedre. Og når dei kjem, skal eg ikkje nøle - i allefall hvis dei kan gje meg mulighet til å smake litt av det eg drøymer om!


Og enn så lenge skal eg vere tilstades der eg er. For tenk om det eg egentlig drøymer om er det som skjer akkurat her og no, og eg er så opptatt av kva som skal skje der framme at eg ikkje får det med meg!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar