søndag 14. april 2013

Raudt lys

Onsdag føremiddag var eg og ein kollega på Austrheim på eit møte.
På veg tilbake til byn var eg både svolten og på veg tilbake til ei ny avtale,
så eg var gira på å komme meg tilbake på kontoret fortast mulig.
Og det er jo litt sånn at då kan ein ha ein tendens til å trakke litt tyngre på gasspedalen enn ein vanlegvis ville gjort.

Rødt lys - lånt fra internett ;)

Då vi kom til lyskrysset på Breistein møtte vi raudt lys. Eg kjende at eg var utolmodig og litt småirritert over dette lyset. Det var liksom så unødvendig når eg hadde det travelt!
Då vi kom opp på bakketoppen etter lyskrysset var eg derimot svært takknemlig. Der stod dei nemleg med laseren og han som kom tre bilar bak meg, og som ikkje hadde stoppa i lyskrysset vart vinka inn.

neida, eg fann ikkje fram mobilen og tok bilde,
eg har lånt dette og frå internett :)

Sidan har eg gått og tenkt på dette raude lyset. Dersom eg hadde ignorert det, så ville eg fått ei bot på 5200 kr. Såpass alvorleg er det. Dersom eg ikkje hadde blitt stoppa av det, ville eg sansynligvis pådrege meg ei bot på enten 1600 eller 2900.. Dét er sure pengar, særleg når det ikkje var noko som gjorde at det ville vere nødvendig å bryte fartsgrensa.


Det er i grunnen litt slik ellers i livet også. At vi møter raude lys, som er dyre å ignorere - og som beskyttar oss frå kjedelige erfaringar seinare. Det handlar om kva perspektiv vi har på ting.. Kanskje vil det vi var så ivrig på å rekke, få med oss eller erfare ikkje så viktig når alt kom til alt? Kanskje hadde det berre ført til frustrasjon og anger? Vi har ikkje oversikt over kva som ventar oss lenger framme. Vi veit berre kva vi har her og no. Kanskje går vi glipp av det dersom vi alltid fokuserer på det eller der som vi skulle ha vore - og går glipp av det virkelig vakre i livet? Det er ofte ikkje ein dåleg idé å roe ned, og ta stoppsignala på alvor.


Og så kan vi heller glede oss over det kvar gong vi møter grønt lys - og held fartsgrensa likevel :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar