onsdag 3. april 2013

Påskeferie med kvalitet

Torsdag kveld før palmehelga tok eg med meg kofferten og reiste heim til Stadt. Det har vore eit hektisk vårsemester så langt, så eg såg veldig fram til nokre dagar fri..


Heimreisa var på blikkstille sjø
med sol som blenkte i dei skitne båtvindua ..


Og det er alltid godt å komme heim til Stadt.
Det er nokon som blir glade for å sjå meg der.
Det å vere heime er einsbetydande med å vere tante, søster, svigerinne og dotter.
Og i år var det virkelig ei familiepåske.


eg vart pynta på hovudet av mine minste nieser..




Vi spelte spel i mange timar...

Lukka er å ha ein hund... eller kva, Helene?

Bingo!

Gruble, gruble, gruble..




Litt øvelseskøyring med tante vart det og..


Det var en aldri så liten fjellbrann ein kveld..

tv-forholda er intressante..


Når ein nærmar seg sunnmørsgrensa dukkar mykje intressant opp, 
Oskar Sylte Ananasbrus er blant det.
Og eg fekk ein tur på kafè med ei god venninne etter gammalt også ;)


Skjærtorsdag hadde vi greidd å samle heile hurven, 
20 til middag og 21 til kaffe 
(Helene stakkar måtte jobbe mens vi godta oss med kalkuna)

Bordpynt som har vore i familien i mange år :)





Ein heilt normal familiemiddagsaktivitet
i familien Fure..








ikkje lett å ta bilde i motlys med Samsung Galaxy SIII
Kake må til når ein skal feire :)

I påska høyrer det og med påskeegg.
nokre fekk mange, men eg fekk ingen..
Men det trur eg var like greit, 
for denne påska har eg stappa i meg meir enn det som godt er 
av søte saker og god mat..


Eg fekk no meg litt tur i Nordfjorden og, 
og faktisk fekk eg sett ein stad eg aldri før har vore..
Kråkenes.

Refvik

Vindmølleparken som vi ser frå fjellet heime..

Stadt-halvøya

Vindmøllene frå ein annen vinkel..

Vestlandsvegane på sitt beste..

Stadthalvøya frå Kråkenes


Det er alltid fint ver i Nordfjord..
Å vere heime er å komme tilbake til røtene.
Det er trygt, og her kan ein senke skuldrande
og berre vere..



Tidlegare har det alltid vore ei gudsteneste eller møte annankvar dag i påska,
men i år vart det andre ting som blei prioritert.
Kjente at det var rett det og.
Men eg har ikkje gløymt kva påska egentlig handlar om.
Laurdag kveld var eg og mamma i Ervik på midnattsmesse,
ei veldig fin oppleving.


Det var ei gudsteneste som minna oss om at lyset er sterkare enn mørket.
Og kvar påske vender eg tilbake til Johannes evangelium kapittel 20
og blir like gripen av Jesu møte med Maria. 
Ho står og gret fordi ho ikkje veit kvar Jesus er, 
og han spør om kvifor ho gret og ho forklarer.
Så kjem det fantastiske vers 16:
"Maria" seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk:
"Rabbuni" - det tyder meister.

Han kjenner namnet hennar, ho høyrer når han seier det
og gjensvaret er så spontant og innhaldsrikt
at det rører meg kvar gong.
Det handlar ikkje om å forstå alt
det handlar om ein relasjon..
det handlar om tru og tillit.
det handlar om håp
eit håp som rekk langt ut over denne verda.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar