fredag 8. mars 2013

TUSEN TAKK!

I dag er det 8. mars.
Kvinnedagen.

tre av verdens mange fine damer :)

Alle som kjenner meg veit at eg ikkje er ein utprega rødstrømpe.
Eg vil ha beste person på rett plass, 
noko som gjer at eg sjelden tek til orde for kjønnskvotering.
Men eg er opptatt av at det skal vere lik lønn for likt arbeid.
Og eg må innrømme at det er mange ting eg tar for gitt, 
som slett ikkje har vore det for kvinner i Norge 
opp gjennom åra.
Og som ikkje er noko sjølvsagt for kvinner andre stader i verda.

Frk. Fure første skuledag

Utdanning er eit eksempel på dette.
Jenter skulle lære seg dannelse og etikette, 
og lærast opp til å bli gode husmødre.


Eg har all mulig respekt for dei som vel å bli husmødre i dag,
men det er altså eit valg dei har tatt - ikkje noko dei måtte.
Eg er og djupt takksam for at mine forgjengarar kjempa
for at eg skulle få ei utdanning og mulighet til noko meir enn 
berre å stå ved kjøkkenbenken.
(sjølv om eg trives ganske bra akkurat der ;) )


Det å få gå i kva kle eg vil er og ein ting eg tar for gitt.
Å gå i f.eks. bukse var ikkje noko kvinner gjorde før.
Og retten til å gå i miniskjørt, eller med sminke,
 utan å bli stempla som lett på tråden, er heller inga sjølvfølge.


Eg blir møtt med forventing om at eg har meir å komme med på jobb
enn å skrive det sjefen(mannen) har bestemt, og servere kaffe og kjeks.
Det er ikkje ofte at eg blir sett på som ein mindreverdig part i 
samtaler og diskusjonar fordi eg er kvinne,
fordi nokon har stått på barrikadene før meg
og vist at å vere kvinner ikkje betyr at ein er mindre intelligent.


Eg har fått sertifikat og kan køyre bil når eg vil.
Eg har stemmerett.
Mi stemme betyr noko.
Eg har ein fridom som mange før meg ikkje har hatt.
Eg treng å minne meg sjølv på det.
Det er altfor lett å gløyme at det har vore nokon som 
har kjempa for at eg skal få det.
Det er altfor lett å gløyme å vere takknemlig 
for at dei gjorde det.

Så herved sender eg ein stor TAKK
til alle som har bidratt til at eg får lov å leve 
livet mitt akkurat slik eg vil.
TUSEN, TUSEN TAKK!


 og jenter: Gratulerer med dagen! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar