fredag 1. mars 2013

Ufrivillig trening.

Den siste veka har eg fått trena meg litt meir enn vanleg.
Eg har jo ingenting i mot litt naturleg trening, 
men eg har vore heit fleire gonger eg ikkje hadde planar om det..
Fyrst og fremst handlar dette om planlegging av tid og distanse.


Eg veit ikkje kva som gjer det, men av ein eller annen grunn, 
koblar eg av og til heilt ut når eg skal beregne det,
særlig dersom det er i byn.
Når eg er på kontoret på Nordnes, og har ei avtale ved Grieghallen kl.12, 
ja, då held det vel i massevis om eg går 11.50??
Eg innser ikkje at det ikkje vil gå før 11.48,
og då får eg det plutselig brenntravelt og må springe gjennom byn.. 
For ikkje å snakke om at eg ikkje kjem på at eg skal vere der, 
før alarmen på kalenderen går av 15 minutt før eg skal vere der..

Slik har eg altså holdt på heile veka, 
eg har hatt opp til fleire avtaler som eg ikkje har komt på å gå i tide til.
Eg har stort sett vore der eit par minutt over tida, 
så det skal eg ha kred for,
men du verden kor varm eg har vore!!


I tillegg til at eg fekk meg ei god treningsøkt med fokus på statisk styrke, 
då vi skulle bere ut den gamle tv-en min,
så har eg bestemt meg for å gå trapper..
Særlig på jobb har eg etter jul vore sløv med det..
Problemet er at eg har som regel musikk i øyrene (via iPod)
når eg kjem på jobb..
Og det kan fort resultere i eit litt raskare tempo
enn eg er sprek til, 
og eg kjem kjempeanpusten og lettare kokt opp..
Litt pinlig å komme så varm og tungpusta på jobb, 
men sånn kan det altså gå når det f.eks. er Muse som bestemmer tempo..


Eg trur på mange måtar at det har litt med innstillinga mi å gjere og.
Eg trur alt går, heilt til det motsatte er bevist. 
Eg nektar å tru at eg ikkje kunne hjelpe til å bere ut tv-en 
heilt til han ramla ut av hendene mine.
Og eg er sta nok til at eg held fast til eg ligge på bakken under! ;)

Eg trur eg rekk alt - både pose og sekk, heilt til eg ikkje rekk det.
Det betyr at eg ofte må springe litt, og at eg litt for ofte kjem heim til
frokostskåla i handklehylla, fordi eg måtte skunde meg ut døra..


Men litt fysisk aktivitet og svette har vel aldri skada nokon...
Og hvis eg fortsetter å vere like distre og dårlig på å beregne tid, 
ja, då kan det jo hende eg blir sprek til slutt! ;)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar