søndag 26. mai 2013

Bente + Frode = SANT!

Fredag ettermiddag bar det nordover.
To fjordar i trivselsfylket skulle kryssast.


Den andre av dei har eg i løpet av helga kryssa ikkje mindre enn
4 gonger. To meir enn planlagt.
For planen var egentlig å ta båten heim fredag kveld, 
og tilbake til Bergen i morgon.
Men med 2 konfirmasjonar, 3 bryllup, straumrekning, kommunale avgifter
og lånekassen på ei lønning, så vart det etterkvart eit økonomisk spørsmål.
Og for å ikkje havne i luksusfellen, 
vart valget baksetet på ein Ford.


Det var eit fint baksete 
med fine folk i forsetet.


Overnattinga var heime hos ho mor og han far på Stadt.
(derav to ekstra kryssingar av Nordfjorden)
Det førde og til at det vart to tidlege helgemorgonar på meg.
For eg og Venke skulle synge i kyrkja, 
og pianisten ville gjerne øve kl.10...
Det tek, om nokon måtte lure, 
ganske nøyaktig 1 time og 10 minutt frå mine foreldre til ferga,
om du held fartsgensa sånn ca.. 
og frå ferga til folkehøgskulen går det heilt fint å komme seg på 5 minutt..
(ferga tar altså 10-15 minutt)
Så eg måtte opp til vanleg kvardagstid, sjølv om det var laurdag, 
og vielsen ikkje starta før kl.13..

Men kva gjer ein vel ikkje når ei så god venninne
som Bente skal gifte seg med sin Frode!


Det var sjølvsagt ein flott vielse.
Og Nordfjorden viste seg frå all si prakt, 
sjølv om det såg ut som om skoddeteppet hadde tenkt
å hindre skjønnheta å stråle på morgonen.



To svært fornøgde folk :)

kjole med slep!


Eit strålande vakkert brudepar! 


2 gravide nordfjordinger som fryser

eit av fjorårets brudepar og mitt reisefølge..

nydelige detaljer

brudebuketten kom frå Sverige!
 Bente var, som forventa, ei fantastisk vakker brud.
Denne jenta er vakker både utanpå og inni, 
så Frode har vore veldig heldig med den! ;)

Men brura kom frå Sandane! :)

Slikt ein driv med mellom serveringane ;)

Kari var fortsatt kald...

Bruda med forlover

Fantastisk fin brudebukett

Eit av dei andre brudepara frå i fjor...
og Tord 

Fotoseanse..

Så mange fine detaljer :)
Bente er jo ein del av den kjekke nordfjordgjengen i Bergen.
Ho er eitt år yngre enn meg, 
heilt fullstendig nøyaktig.

Nordfjordjentene :)

Og når eg kjem heim ei sein natt,
og møter morskjærleiken bokstavligtalt i døra,
då er det godt å vere heime i Nordfjord!

Og i dag tidleg vart det eit kort, men godt, møte med nokre av mine
søte, små(?) og håpefulle tantebarn.
Det blir heldigvis ikkje lenge til neste Nordfjordtur :)

Eg er så glad for at Bente har funne seg ein å dele livet med.
Frode virkar for å vere ein knakande kjekke kar, 
og det er lett å sjå at han gjer Bente lykkelig!
Eg ønsker dei alt godt for livet dei no har bestemt seg for å dele, 
og håpar dei får mange, mange gode år i lag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar