mandag 20. mai 2013

Om løgn og sanning.

Av og til møter ein situasjonar som får ein til å gå og tenke lenge etter det har skjedd..
Dei siste vekene har eg tenkt mykje på dette med kva det betyr å vere ærleg - eller uærleg. 

Den kvite løgna har vel vi alle smakt på, den du fortel for å beskytte enten deg sjølv eller andre, som ikkje er så alvorleg.. tenker du.
Det er jo ikkje som den svarte, fæle, som ikkje har snev av sanning i seg og som berre er egoistisk og øydeleggande..

frå internett

Men er ikkje løgn det same uansett kor stor og kreativ den måtte vere?
Vil ikkje skadane av løgna når den blir oppdaga vere vonde for den som fekk dei uansett form, farge og størrelse? Kan det vere noko sant i at dersom vi gjentek ei løgn ofte nok, så blir det til slutt ei slags sanning? Og vil ikkje vegen frå den uskuldskvite til den svarte bli litt kortare for kvar gong vi brukar halvsanningar? Eg trur det er sant som det står i Bibelen - at den som er tru i smått, er tru i stort. Og den som er utru i det små, han er og utru når det virkeleg gjeld.  

For det handlar jo om tillit.
Tillit er ikkje noko vi kan kreve, det er noko vi blir gitt.
Når tilliten vert øydelagt, så er det mange som vert påført smerte.
Og det tek lang tid å bygge opp igjen det som ein på berre nokre setningar kan knuse.
Løgna fungerer som ein tornado - i det vi har slept den ut av munnen, så misser vi kontrollen. Så lenge ein ikkje vert oppdaga, så kjenner ein på at ein er heldig, den treff ikkje huset - men i det øyeblikket den treff huset, og nokon oppdagar den, så er det uvisst kva skade den gjer. Nokre gonger er det berre små reprasjonar som må til for å få huset på plass igjen, andre gonger vert det liggande i ruiner.. Slik er ikkje sanninga. 

og frå internett 

Som barn var eg, for å seie det på ein fin måte, svært fantasifull.
Eg kunne fortelje dei mest utrulege historier.
Men eg vart tatt på eit tidleg tidspunkt, før det var noko som hadde store konsekvensar eg laug om.
Eg vart tatt medan eg enno var så ung at dei vaksne lo av det, men stor nok til at eg syns det var fryktelig pinlig.

Det var ingen kjekk lærdom, men eg var heldig, for eg lærte - og sette meg som mål å vere ærleg i alt eg seier og gjer. Det er ikkje lett - og ofte hadde det vore så mykje meir konfortabelt å ty til ei lita kvit ei. Men eg prøvar så godt eg kan å unngå det.
Sjølvsagt har eg vore i situasjonar der eg ikkje har hatt lyst å seie sanninga, og sjølvsagt har eg i nokre situasjonar unngått å seie den. Eg er desverre ikkje meir heilaggjort enn det..
Men stort sett har eg erfart at dei gongane eg har grua meg mest til å fortelje sanninga, fordi eg har vore redd for reaksjonane og konsekvensane, så har ting ordna seg fint.

Fordelen med å fortelje sanninga er jo og at ein slepp å gå og hugse på kva ein har sagt - for å lyge med overbevisning må ein nemleg ha svært god hukommelse.. og det kan eg ikkje skuldast for å ha! ;)

frå internett

Eg har erfart at folk set pris på at eg er ærleg, sjølv om det ikkje alltid er like kjekt akkurat der og då. Akkurat som eg set pris på å få sanninga frå andre. Det vanskelige er å fortelje sanninga med kjærleik, slik at det ikkje blir fordømmande, men frigjerande. 
For det er faktisk frigjerande å få sanninga i fleisen, så lenge du veit at det kjem av at folk bryr seg om deg. Sjølv om det er små ting som at kjolen ikkje passar til deg eller det er store ting som å få vite at kjærasten ikkje er trufast.. 


Sanninga - sagt i kjærleik - set fri og det skaper tillit. Den gjer deg trygg og bygger gode relasjonar. 
Eg heiar på sanninga!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar