søndag 30. desember 2012

Døden, singelLiv og julefeiring

Jula skal vere ei tid for kos, lys, varme og enorme mengder mat.
Og det har den absolutt vore for min del i 2012.


Men det har og vore ei tid med ettertanke og sjølvransaking..
For to dagar sidan var eg i gravferd til ei dame som vart 87 år.
og som ikkje berre var ei dame, 
men som ei så fint fomulerte seg utanfor kyrkja:
Ho var ein heil institusjon i seg sjølv.
Ei flott, varm og ressurssterkt dame,
men ho kunne og vere streng og bestemt..


Det var godt å få vere heime og ta avskil med henne.
Men det var og ei gravferd som vekte tankar om korleis livet mitt er.
For ho var einsleg.
Men det var ingen tvil om at ho hadde eit rikt liv.

Å ta bilde av denne gjengen er ikkje lett..
Slik opplever eg at mitt liv er og.
Eg er på langt nær av same kaliber som denne dama, 
men eg opplever likevel at eg har eit rikt liv.

Eg sat på kafe med ei venninne i haust, 
då ho uttrykte si sorg over at eg ikkje hadde funne mannen i mitt liv.
Og eg har gått og tenkt på det etterpå.
For det er ikkje det at eg ikkje saknar nokon å dele livet med, 
det er berre at eg lar det ikkje fylle livet mitt og forringe det som eg har.
Eg har vore så utruleg heldig med livet mitt
på så veldig mange måtar.


Ellen Synøve

Jetmund- the guitarhero

Lillian



Marit

Katrine

Sverre

Og denne jula har understreka kor heldig eg er.
Sjølv om eg er einsleg
så er eg del av ei stor familie.
Eg er sikker på at eg vil sleppe å sitje åleine
og feire jul eller nyttår i overskuelig framtid.
Eg er sikker på at det er nokon der som vil stille opp
om eg treng det.

Håvard

Helene


Kristoffer


Vi er ei familie som er engasjert i kvarandre..


Viktoria

Eg har fått vekse opp i ein heim 
der jula ikkje var prega av fyll og spetakkel, 
sjølv om vi kunne ha våre feider vi som alle andre.
Eg har fått vekse opp i ein heim
der det var viktig å inkludere alle,
uavhenging av sosial status.
Eg har fått vekse opp i ein heim
der eg lærte at ein skal ha omsorg for dei
som er svakare enn ein sjølv og dei som har det vondt.
Eg er så heldig at eg har ti born, 
som sjølv om eg ikkje har født dei sjølv, 
er mine - og eg elskar dei høgare enn livet sjølv!


Eg har fått lov å feire jul med alle mine,
eg har både mor og far og søsken og tantebarn
som etter forholda er friske og raske alle mann.
Ikkje alle var så heldige i år.


Så er eg kanskje den gale tanta
som ikkje slår seg til ro,
og som gløymer at 40 er nærmare enn ho trur,
og stadig vil ut på nye eventyr..
Men som alltid har tid til å spele spel med tanteungane
og alltid har ein klem å gi.
Eg syns ikkje det er ein dårlig deal ..






1 kommentar: