onsdag 5. september 2012

Sokkefrustrasjon

Då er sommaren offisielt over.
September har satt inn for fullt, 
og shorts og småsko fungerer ikkje
som kvardagskle,
i allefall ikkje utan ei strømpebukse under..


Og med hausten kjem og
behovet for å bruke sokkar.
Eg veit ikkje kva det kjem av, 
men sokkar er eit klesplagg eg mislikar.


Ikkje er det særlig lekkert heller...
Eg likar kjempegodt tjukkelabbar, 
helst av den heimestrikka typen.
Men desse tynne, stramme sakene
som vi må ha på beina kvar dag
er ikkje nokon favoritt.
Av haust og vinterkle er det kun 
strømpebukse eg likar mindre..

Kanskje er det at det liksom er meir luft i tjukkelabbane?
Men samtidig, 
ingenting er verre enn slappe sokkar.
Dei sig jo, 
og legg seg i rukker i skoa.
Det aller verste er ankelsokkar som sig.
Det blir eg rett og slett
lett aggressiv av!

Ankelsokkar som berre ventar på at eg skal begynne å gå,
slik at dei kan krølle seg under foten..

Hadde det vore opp til meg hadde Norge 
vorte flytta til varmare trakter, 
slik at eg slapp sokkar.
Men det var ingen som spurte meg, 
så eg får berre innsjå at sommaren er over for i år
og fokusere på at 
det kjem ein sommar neste år og...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar