tirsdag 4. september 2012

10 år forbi

I Thailand fekk eg høyre utallige gongar 
at tida kjem,
den går ikkje.
Det same sa dei i Afrika.
Men i det siste syns eg tida har komt litt for fort!


Eg har hatt nok å gjere på, 
og litt for få timar å gjere det på.
Og eg må innrømme at eg kanskje har sagt ja til litt masse,
men no er den verste kneika tilbakelagt
- trur eg.
Eg føler i allefall at eg ser lyset der framme..


Ein av tinga eg har hatt på tapeten var å vere med på 10-årsjubileet
til Norkirken Bergen.
Eg fekk faktisk æren av å synge på jubileumsfesten!
Korleis dei kom på meg kjem eg aldri til å forstå, 
så flinke folk som dei hadde greidd å grave fram i tillegg til meg!
Men ei ære var det!

Thomas hadde tydeligvis ansvar for pynten, 
sia alt var oransje ;)


Og det var veldig kjekt å vere der,
og møte mange gamle kjente.
Det var mange gode minner 
og nokre triste som kom opp i løpet av kvelden.
Norkirken var ein viktig del av livet mitt i åtte år, 
men dei to siste åra har eg ikkje gått der.
for det var tid for meg å gå inn i nye oppgåver.
Alt har si tid i livet, 
og slik skal det vere,
eg gratulerer Norkirken med sine 10 år
og ynskjer fellesskapet der alt godt!


Men at Norkirken vart ti år på laurdag
betydde og at det fredag er 10 år sidan
eg kom til Bergen.
Og i det bilen rulla inn over Torget
hugsar eg følelsen og tankane:
"KVA har eg gjort??"

Eg forlot eit stort nettverk i Oslo, 
ein sikker jobb (som i dag ikkje hadde vore like sikker)
og reiste til Bergen der eg knapt kjende to menneske.


Og fyrste hausten i Bergen var ein sjokkopplevelse for min del.
Alt la seg til rette, ny jobb, leilighet og eg vart fort kjend med nye menneske.
Men i denne byen her går ein på besøk til kvarandre,
i Oslo møttes vi ute. 
Det var berre dei aller nærmaste vennane mine 
som hadde vore innom dørene hos meg.
Så då folk som budde i samme område, 
som eg knapt hadde helst på, 
ringde på, visste eg nesten ikkje kva eg skulle gjere.
Så eg inviterte dei inn
til kortspel og kaffe.

Men i Bergen måtte lage morgon-kaffeen min sjølv,
for ikkje ei einaste kaffesjappe åpna før kl.10 i sentrum!
Berre det var grunn god nok 
til å finne vegen tilbake til Oslo!


TAKK OG LOV 
for at Jan og Rasmus kom
og åpna Kaffemisjonen!
Og eg var van til å sette meg og lese bok på kafè innimellom, 
men det kunne eg gløyme her.
Sat eg 20 min åleine, sat eg lenge.
For som regel kom nokon bort og lurte på om eg sat der åleine, 
og svarte eg ja, så sette dei seg ned og prata.

Du kan seie at Bergen er ein inkluderande by. 
Og du blir glad i den, 
sjølv med alle sine buekorps og ufattelig mange kilometer med brostein.


Eg angrar ikkje på at eg flytta hit.
Eg har hatt ti innhaldsrike år, 
men kan ikkje fatte at det allereie har gått ti år,
eller komt ti år sidan den augustkvelden på torget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar