søndag 9. september 2012

Eg trur

Eg har det med å gå lenge og fundere på ting og tang.
Spesielt det som eg ikkje heilt forstår.
Ein av dei tinga er at eg er kristen.

Lyset og døypefonten.

Eg lurer på kva som gjer at nokon av oss blir overbevist,
medan andre ikkje kan forstå kvifor vi blir det...
Ei av mine store sorger
er at mange eg er veldig glad i
ikkje deler det eg trur på..

Å tru er på mange måtar ei privatsak.
Mykje av mi trushistorie ville eg aldri finne på å legge ut på nettet,
eller fortelje i samanhengar der eg ikkje er trygg på at folk vil meg vel,
eller vil (i det minste forsøke å) forstå kva eg meiner..


Men samtidig er det å tru ei offentlig sak.
Det er noko som inkluderer meg i ei verdsvid kykje,
noko som skal gje meg ein plass i ein større samanheng
og i eit fellesskap.

Når den realistiske delen av meg
- som egentlig er ganske stor -
tenkjer på kva eg trur på,
så blir eg heilt matt.
Det er jo ingenting logisk med det.
Det er heilt hol i hovudet å gå rundt
og la seg forme av ei bok som er mange tusen år gammal.


Det å tru på ein Gud som eg ikkje ser, 
og å tru at ein mann kom til verda for ca 2000 år sia
og levde eit perfekt liv, vart dømd til døden utan skuld, 
døde og stod opp igjen, 
det er heilt U-TRU-LEG.
Og at det å tru på dette skal gje meg evig liv, 
høyres bokstavleg tala sinnsjukt ut.


Samtidig slår den delen av meg
som har forstått at det er meir mellom himmel og jord
enn det eg kan forstå, sjå og forske på, inn.
Og gjer det til eit spørsmål om eg greier å la vere å tru,
og det greier eg ikkje.

Det handlar ikkje om at eg er redd for kvar eg havnar etter døden,
men det handlar om kvar eg er i livet og kva liv eg ynskjer her og no.


Eg har opplevd at mange av mine bønner
ikkje blir besvart slik eg skulle ønske at dei vart.
Ofte kan Gud virke både fjern og uintressert,
men samtidig har eg fått oppleve at Bibelen har vore ei bok
som har gitt trøst, støtte og styrke
både på dei gode og dei vonde dagane.

Eg har fått oppleve at det eg har lest,
eller høyrt forkynt om det som står,
har hatt betydning for livet mitt no.
Og ikkje minst har eg opplevd at det rører noko ved meg, 
som gjer at eg ikkje greier å la vere å tru på det.
Det er liksom eit endelaust hav av innhald
som dukkar opp i desse enkle orda som står i boka.


Men det står masse som eg ikkje forstår og.
Fleire ting som står der
oppleves som urimelige.
Det er ikkje enkelt, 
og eg greier ikkje å sluke alt som den absolutte sanninga.

Og eg trur faktisk på ein Gud som ser og som høyrer bønnene mine,
sjølv om eg ikkje får svara eg vil ha,
for det står det i boka at han gjer.
Men det er vanskelig å fatte til tider.
Eg har fått oppleve at det eg har bedt om,
kanskje ikkje hadde vore det beste for meg,
når eg berre fekk det litt på avstand.
Av erfaring veit eg at det er slik, 
men det er ikkje like enkelt å stå midt i situasjonen og ha det perspektivet.
Spesielt ikkje når du er så løysingsorientert som eg er!
Og i tillegg trur at Gud virkelig kan gjere akkurat det eg vil - hvis Han berre ville..

Sjå på liljene på marka - kor stort under er vel ikkje dei?
Eg skulle så gjern visst korleis alt hang saman.
Eg skulle så gjerne vore sikker.
Men, når alt kjem til stykket så er eg glad for at eg ikkje veit kva morgondagen bringer.
Eg trur nemleg at dersom eg skulle forstått kvifor ting står som det står, 
og kvifor eg ikkje alltid får viljen min, 
og eg plutselig forstod alt - så ville eg og vite kva som venta meg.

Og eg, eg har meir enn nok med dagen i dag.






3 kommentarer:

  1. Dette var godt å lese. Eg kjenner meg sånn igjen! Så altfor ofte tenker eg at det ikkje gir meining å tru på det eg trur på. Så altfor ofte lurer eg på kva eg har halde på med alle desse åra... Enno ventar eg på å få betre "fotfeste", - å bli LITT sikrare på enkelte ting, men i mellomtida må eg berre minne meg sjølv på alle dei gongane eg har kjent støtte, trøst og fred, på ein måte som eg kun kan forklare på ein måte... "Og Guds fred, som overgår all forstand, skal bevare deres tanker og hjerte i Kristus Jesus." (Fil.4,7)

    SvarSlett
  2. Hei Liv-Helga! Sier meg enig med min gode venninne Silje her, dette var et godt innlegg å lese. Du er utrolig flink til å skrive, jeg synes alle innleggene dine bærer preg av en super kombinasjon av å være ekte, og ærlig, men samtidig være optimistisk med framtidstro. Liker! Klem fra Marianne.

    SvarSlett
  3. Takk for fine tilbakemeldingar! Det rører meg langt inn i sjela å lese dei! :) Klem

    SvarSlett