fredag 18. februar 2011

Sjokoladekakeeksplosjon!

Eg er rett og slett dårleg på å bake platekake. Eg forstår ikkje kva eg gjer gale - for alle seier det skal vere så enkelt.
I går skulle eg lage ei kake og ta med på øvingshelg.. Det enda opp som ei guffe som kan ligne litt på karamellsjokoladeknekk-eller noko sånt.. Smakte godt, men ser ikkje ut! Eller som den bondejenta eg er - den ser ut som ei skikkelig kuruke!

cowpoo - anyone?



den såg fin ut då eg sette den i omnen - men så, plutselig sa det poff og den eksploderte - det rann ut over alt..

FØR eg fikk vaska (måtte berre presisere det)

Så eg fekk no vaska omnen før eg la meg. Og så får vi sjå om eg vågar meg på å lage ei til før eg reiser...  Litt skeptisk.

3 kommentarer:

  1. Kjære Liv-Helga. Du må ha kakao i kaka, ikkje krutt...

    SvarSlett
  2. ååååå, va det de som stod der??

    SvarSlett
  3. Kafør i alle daga eksploderte kaka? :)
    He du ei hemmeli oppskrift på sånt? :P
    Men tross alt so kan'kje alle vere like gode t å bake, bra du e flinke t andre ting...

    SvarSlett