mandag 8. juni 2015

Til deg som har funne den eine..

Kjære deg som har funne...
... nokon som du irriterer deg grøn over at ikkje greier å legge sokkane frå i går i skittentøyskorga, men lar dei ligge på golvet 20 cm unna..
... nokon som gjer deg frustrert fordi dei på død og liv må komme seg ut dørene i god tid, og sender beklagande tekstmelding i bilen fordi dei trur dei er seint ute når dei egentlig er minst ti minutt for tidlig...
... nokon som okkuperer fjernkontrollen når du vil sjå favorittprogrammet ditt..
... nokon som enkelte netter snorkar så inderlig at du ikkje får sove - og som skremmer deg våken dersom dei ikkje gjer det ei natt..
... nokon som du må kjempe med om siste smash-biten eller dei best nonstop-bitane...
... nokon som kan gjere deg så sint at du føler du held på å eksplodere over dei dummaste ting..
... nokon som ikkje tenker på at det er lurt å skylle oppvasken og sette den rett i oppvaskmaskina, men som set den i oppvaskkummen...
... som pratar og krever di oppmerksomhet når du er opptatt med noko anna...


Kjære deg. Er du klar over kor heldig du er?
Hugsar du å sette pris på det du har?

Det er bryllaupssesong. Og eg har det siste året tenkt mykje på dette med å finne den du vil dele livet med. Eg har hatt mange samtaler om kva det betyr. Kva veit vel eg, som nærmar meg 40, framleis er singel og ikkje har noko som tilseier at det vil endre seg i overskuelig framtid?

 


Eg kjenner etterkvart mange par. Og eg har no både sett og høyrt ein del opp gjennom åra.
Og eg kjenner på at eg har lyst å minne deg som har funne nokon som du deler livet med på at dette ikkje er noko som er sjølvsagt. Ein god del finn nokon dei lever sammen med i tjukt og tynt eit heilt liv, stadig fleire opplever at det raknar og nokre må leve med tapet etter den dei elska. Og nokre av oss er ikkje så heldig at vi finn nokon i det heiletatt. Kvifor er ikkje lett å seie, men det er slik.


Eg sat her ein kveld og fekk ikkje sove, og då enda eg opp med å sjå på noko reality-tv frå akutten. Eg såg den eine etter den andre som kom inn med skadar i ulike omfang, og så kom intervjua med dei som var nærmast... Særleg ei dame gjorde veldig inntrykk på meg. Dei hadde vore  saman i over 40 år. Ho ville ikkje seie at ho var forelska i mannen sin, så lo ho litt og så kom det: "Men eg elskar han. Det er ingen eg heller vil komme heim til og bli holdt av."


Så eg hadde så lyst å seie til deg at du er heldig..
.. som har nokon å dele skittentøysvask med..
.. som har nokon som dreg deg ut døra, slik at du ikkje kjem forseint..
.. som har nokon som du kan dele sofaen med..
.. som har ein kropp ved sida di når natta senker seg, som du kan krype inn til..
.. som begrensar sjokoladeinntaket ditt..
.. som du kan diskutere med, om både dei viktige og dei uviktige tinga..
.. som deler måltid med deg..
.. som har nokon du kan prate med om alt..


Summen blir at du har nokon som tåler den du er, ja, som ikkje berre tåler det - men som elskar deg og som du elskar tilbake. Eg kjenner at eg misunner deg.. men eg unner deg det også!
Ta godt vare på det. Beskytt det. Kjemp for det.
For slikt er ikkje lett å finne.



torsdag 4. juni 2015

Om fjerten som vart til fem høns

Eg gjekk ein gong i tida, ja, det begynner å bli nokre år sia, på skule med ein gut som var så flink å teikne. Han teikna alltid morsomme tegningar av ting og tang, og kunne underholde stort med dei. Ein dag såg eg han hadde teikna ein mann framfor ein gammaldags do med buksa nedom bakenden, og ein kunne sjå vinddraget der bak og ut frå det kom det fem høner..

Om han berre gjorde sin eigen vri på ordtaket om fjøra som vart til fem høns, eller om han hadde høyrt feil, det veit vi ikkje. Men tegninga var så god, og så morsom at eg framleis hugsar den - i detalj. Og den siste tida har den stadig svirra innom tankane mine.


Den har nemlig noko veldig sant i seg. Ordtaket handlar om korleis ein liten, og forsåvidt ubetydelig, greie kan bli til noko ganske så uhåndterbart og krevande. I allefall for meg som er så redd for fuglar..
Eg vaks opp på gard, og i ei periode hadde vi 100 høner og ein hane. Eg gjorde gong på gong forsøk på å plukke egg, men panikken tok meg kvar bidige gong. Eg greidde ikkje å fokusere, eg hadde puls på 200 sjølv om eg stod i ro og greidde ikkje puste normalt. Og det var alltid minst eitt klink-egg når eg plukka... slik det lett går når ein ikkje har kontroll på musklane sine lenger.

Men, det handlar egentlig ikkje om min panikk for fuglar. Det handlar om eit ordtak som min skulekamerat nagla på ein særdeles bra måte. Det handlar om korleis ei historie veks oss ut av fingrane og startar å leve sitt eige liv. Ein fjert, noko som ikkje treng verken å lukte eller høyrast spesielt godt, kan fort bli høglytt og illeluktande.. Ja, for eg lovar deg - har du vore i nærleiken av eit hønsefjøs, så veit du at det er ikkje særleg velluktande eller stille!


Det har vorte nokre gonger eg har tenkt på dette dei siste åra. Om korleis ein trur ein berre har sagt eller gjort noko som ikkje har noko varig betydning, og så har det plutselig blitt ei svær greie. Kanskje har ein ikkje tenkt over at ein har sagt eller gjort det heller, eller i allefall ikkje at det kunne oppfattast annleis enn det var i hovudet før ein sa det. Og ja, dette er i stor grad eit kvinneproblem. Men det er ikkje BERRE eit kvinneproblem. (sorry, kjære menn, de er ikkje så uskuldige som de likar å tru) Det handlar om sladring og baksnakking. Det handlar om å ikkje snakke til den som sa eller gjorde og finne ut kva som egentlig var meint, men i staden fortelle eller diskutere det med andre.


Ofte handlar det ofte at ein ikkje forstår kvarandre. At ein tek ting ut av kontekst. At ein blir utrygg fordi ein ikkje ser den store samanhengen. Og så vel ein å ikkje snakke om det. Ein vel å ikkje stille spørsmålet: "Meinte du slik eg oppdatta det?" Og så vel ein å begynne å snakke med andre om det.. Ja, det er faktisk eit valg! Og plutselig var denne tingen, som egentlig var som ein uskuldig, liten fjert, blitt noko som levde, som tok form og som plutselig vart eit skremmande dyr - eller fem.

Og plutselig vart dette ei stor sak. Det kjem tilbake til stakkaren som slepte fjerten, men som trudde at det gikk heilt fint. Plutselig er det ikkje lenger uskuldig eller lite. Plutselig er det sårande og vanskelig. Og enkelte gonger går det ikkje an å rette opp att skaden ein har gjort. Mistilliten er der. Ryktet ein har starta har fått sitt eige liv. Det har spredd seg og ryktet til stakkaren som berre slapp ut litt gass, har blitt til at han er hønsebonde..

Det er så lite som skal til. Kanskje var det ikkje nokon som slapp ein fjert i det heile tatt. Kanskje var det den fyrste som begynte å prate som egentlig gjorde det. Kanskje var det berre at ein trudde at nokon gjorde noko, eller sa noko, og så valgte en å seie noko om det til nokon som egentlig ikkje hadde noko med det å gjere. Og vips, så hadde ein øydelagt for eit anna menneske.


For det er det som skjer når vi vel å spre rykter, snakke om det vi ikkje egentlig veit noko om, diskutere andre sine feil og manglar. Vi veit ikkje alltid historia bak at ting blir slik det blir. Kanskje er det vi snakkar om med feite, tabloide bokstavar noko som egentlig ikkje har noko med virkeligheta å gjere? Kanskjer er det litt sånn at vi legg saman to pluss to og får det på merkelig vis til å bli 250?
Kanskje er det slik at "Eg kan dessverre ikkje den dagen" ikkje betyr at "eg vil ikkje ha noko med deg å gjere"? Kanskje handlar det noko om at vi har med oss våre egne historier inn i alle relasjonar, med delar som dei andre ikkje kjenner, og som fargelegg dei små nyansane i kommunikasjonen med dei fargane vi vel å fargelegge med? Kanskje er det at nokon andre gjer ting på ein måte som fungerer for dei, skremmande fordi vi ikkje har gjort det slik før sjølv?


Ein seier ofte at tunga er skarpare enn sverd. Det er fort gjort å gløyme. Dei såra ein påfører andre med orda sine, er ufattelig mykje vanskeligare å ta tilbake. Det er så lett når ein føler seg urettferdig behandla, ikkje forstår heilt og føler seg forbigått, eller ein rett ut er såra fordi historia vi ber med oss gjer at ein oppfattar ting feil. Det er så lett når ein er sårbar at orda som kjem skapar distanse og sår som ein ikkje kan rette opp igjen. Særleg når dei kjem ut i samanhengar dei ikkje burde komme ut - og blir brukt for å sladre eller å preike drit. Kanskje tenker ein ikkje på at dei orda ein seier til ei god venninne kan komme vidare i ei eller annen form? Kanskje tenker ein ikkje på at dei orda ein brukar er med på å danne holdningar over for andre menneske? - "for det var jo eg som vart dårlig behandla!"


Eg har blitt så bevisst på dette i den siste tida. Eg veit at eg er skuldig i det sjølv, så altfor mange, mange ganger. Men dei siste åra har fått meg til å skjerpe meg. Og eg ønsker virkelig å bli flink på å ikkje gjere det. Eg har lyst å bli flink til å spørre rett ut kva som er greia.  Eg har blitt flinkare til det. Av og til svir svaret skikkelig. Av og til løyser det opp i mange flokar. Greia er at det alltid viser meg kva som er problemet.  Og altfor ofte har det eg har tenkt på som eit problem i mitt hovud, forsvunne når eg har blitt forklart samanhengen. Eg har og fått lære, på den harde måten, at det som vart sagt ikkje var meint for å såre meg - men mi historie førte til at eg opplevde meg såra.


Eg har gått mange runder dei siste åra der eg har vore skulda for mykje rart. Eg har visst det, men eg har ikkje alltid kunne gjort noko med det. Der eg har gjort feil, og blitt gjort klar over at eg har såra nokon, har eg alltid prøvd å gå til den det gjeld og fått skværa opp. Altfor mange av desse gangane har det vist seg at den som etter ryktene var den eg hadde såra hadde ei heilt anna historie å fortelle meg.. Dei har kanskje berre sagt ting på ein uheldig måte, eller gjort noko som hadde blitt misforstått.

Det er også vanskelig å forholde seg til ting når det kjem tilbake som eit rykte, i staden for at det blir tatt opp av den det gjeld. Eg forstår jo godt at det er vanskelig å skulle seie til meg at det eg gjorde eller det eg sa vart oppfatta sårande, for eg kjenner det sjølv når nokon gjer det mot meg. Men det er likevel ei sak mellom dei to partane som saka angår. Og eg ønsker ikkje å dra andre menneske ned i møkka. Hønsemøkk er nemleg fæle greier...


Det aller værste, og det som dessverre er altfor typisk, er at ein overhøyrer ei setning eller to om noko som ein egentlig ikkje har noko med å gjere. Noko som blir sagt eller gjort inn i ein kontekst som ein ikkje har oversikt over. Og så snakkar ein med den neste ein møter og som er lydhør, og fortel kva ein høyrde, og så spinn det ut av kontroll. Plutselig er det dei udefinerte "mange som seier/opplever/føler..". Og så kjem det tilbake til den som dette gjeld, og det gjer det nesten uten unntak. Den stakkaren blir ståande og klø seg i hovudet og lure på kva han eller ho gjorde gale.


Eg har opplevd å vere der nokre gonger dei siste åra.
Kjent på sårheten og frustrasjonen over at eg skal ha gjort noko eller sagt noko som har såra eit anna menneske. Følt at eg stod åleine midt i ein storm eg ikkje heilt kunne forstå kor kom fra.
Uten mulighet til å kunne gå til den ein skal ha gjort noko.
Uten mulighet til å få rydda opp.
Og ofte når eg har fått undersøkt litt har eg funne ut at det er fordi det var ikkje eingong ein fjert, men det har likevel vorte eit heilt hønsefjøs.
Og så redd som eg er for høner, så går eg ikkje frivillig inn dit!
Det beste hadde vore å fått sleppe - at det ikkje var nødvendig. Men altfor ofte blir det det..
Men gje meg tid, og nokre som heiar på meg, som veit kven eg er og som er glad i meg, så vågar eg - sjølv om eg så må bake mange kaker fordi alle egga vart klink-egg! 




onsdag 3. juni 2015

Draumen om ein dusj

Forrige torsdag sat eg på flybussen på veg inn mot Bergen og ana fred og inga fare.
Vel, eg landa i Bergen i strikkejakke utan tanke for at ein kanskje treng noko som beskyttar litt meir mot ver og vind - og vart svært klar over at det var ei vel optimistisk haldning til både livet og Bergen. Men det er jo tross alt bedre å vere optimist enn å ta sorgene på forskudd!

Eg sende ei tekstmelding til ho mor om at eg atter var på norsk jord, og det tok ikkje eit halvt minutt før telefonen ringde. "Vaktmesteren ringde akkurat. Det har vore lekkasje i veggen på dusjen, så du kan ikkje bruke den i helga." Men, hæ? Kvifor kunne ikkje den lekkasjen vente til mandag?

Helga sine dusjfasiliteter..

For det høyrer til historia at flyet frå San Francisco var ein time forsinka ut frå SFO. Det resulterte i tidenes løpetur i København, kun avbrutt av passkontrollen - der kontrolløren knapt nok såg på passet fordi han forstod at jenta hadde dårlig tid. Dei heldt på å stenge døra då eg kom, og var veldig grei og slapp meg med. Og eg hosta heile veien til Bergen - joda, astmaen har eg framleis...

Så den dusjen eg hadde gleda meg til heile vegen frå San Francisco vart på flyturen mellom København og Bergen endå viktigare for meg. Og fredagen skulle eg til Oslo og hadde ei avtale med ein person eg aldri før hadde møtt. Og eg som ikkje likar å møte mine beste venner, som har sett meg på mitt værste, utan å få ta meg ein dusj! Det er mange slags prøvelsar ein må gjennom her i livet.. Det må og seiast at ei heil helg utan dusj fortona seg mildt sagt lang som ei evighet..


Eg er kanskje vel glad i å dusje. Eg føler berre at eg ikkje blir skikkelig rein dersom eg ikkje gjer det. Eg skulle på besøk til ei venninne på torsdag kveld, så var heldig og fekk låne dusjen. Då eg kom ned etterpå såg ho overraska på meg og sa: "Er du ferdig allereie?"
Svaret vart  sjølvsagt: "ja, eg bur i California veit du!"

Eg har alltid hatt evnen til å vere kjapp i dusjen, noko som kjem av behovet for å få sove på morgonane. Eg står ikkje opp før eg må. Og då må ein få ræva i gear fortast mulig og korte inn tid der ein kan. Og å vaske seg med vaskeklut og lett skvetting med vatten, det finn eg lite tilfredstillande. Noko eg kjende veldig på heile fredag. Og laurdag. Og søndag. Og mandag. Men kanskje særleg fredag. Dei andre dagane møtte eg jo berre folk som allereie kjende meg, og som er glad i meg sjølv om eg har ein dårleg dag. Men det er noko med dusjen som tek vekk all sovelukt, og det greier på mange måtar ikkje vaskekluten.. Kanskje er det berre i mitt hovud, men sånn er det no ein gong eg føler det.


Og eg har gjort meg bemerka med dusjinga mi før. Heile sommarvikariatet i København var det ein ståande vits at eg trengde ein dusj. For ein av første dagane skulle heile gjengen ut. Eg stod og vaska golvet i 30 grader, og svetten hadde runne i fleire timar medan eg jobba. Så kom beskjeden: "Vi går om eit kvarter!" Det var sjølvsagt ikkje eit problem for han som sat på kontoret med datamaskina heile dagen, men eg ville helst ikkje ut blant folk - og eg ville jo gjerne vere venner med dei eg jobba med, så eg ga klar beskjed: "Gje meg ein halvtime! Eg treng ein dusj først!" Dette sette standarden for sommaren..

Eg likar altså å dusje. Eg likar å kjenne meg nyvaska og rein. Og eg kunne sikkert berre tatt på meg bikinien, tatt med såpe, shampo og balsam og gått ut i bakgården i helga - det kunne sikkert kvalifisert som ein dusj. Men i staden vart det kjøkkenvasken til hårvask og vaskeklut. Eg kjende på korleis eg tøya den hygieniske strikken noko enormt.. Eg er ikkje laga for slikt provisorisk liv.


Med så rikelig med vatten rundt meg på alle kanter, og ikkje muligheta til å ta ein dusj. Og eg som hadde lengta sånn etter ein god, lang dusj! Gleda var stor i går morgon(sånn i 12-tida, eg er jo tross alt litt jetlaged endå) då eg kunne åpne dusjkabinettet hos mor og far, stige inn og skru på vatnet. Og eg kunne berre stå der og la det renne. Ein luksus som er over eit år sidan eg erfarte!

For vatn er ei luksusvare! Det er lett å gløyme det når ein føler at Vår Herre har innført permanent regntid. Og eg kjenner allereie, berre etter nokre dagar på Vestlandet, at eg vil jo helst ha sol og fint vêr. Samtidig ser eg meg rundt og ser kor grønt og frodig det er her. Ei stor kontrast til dei uttørka markene vi såg då vi var på rundtur i California, Arizona og Nevada. Ei stor kontrast til dei brunflekkete plenane i parkane i San Franscisco.


Det er nemleg ikkje fleip at eg dusjar fortare no fordi eg bur i California. Der er tørke. Der trengs regn. Eg tenker meg om når eg pusser tennen. Eg lar ikkje vatnet renne slik som eg brukte i Bergen. Eg skrur av. Eg set ikkje på ei halvfull oppvaskmaskin. Eg er uhyre bevisst på kva eg brukar vatn til - og korleis eg brukar det. Eg har også kjøleskapet halvfullt av vassflasker. Sjølv om vatnet i springen er heilt fint å drikke. Eg har lært at vatn ikkje er sjølvsagt. Eg har lært at det er livgivande, nødvendig og noko ein må sette stor pris på. Kven skulle vel tru at eg, etter 11 år i Bergen, skulle vakne ein morgon og høyre den velkjende lyden av vatn som dryp mot vinduet - og tenke: "Halleluja! Det regnar!" - for så å lære at dei spredte bygene, og til tider heftige bygene, som kom i desember var på ingen måte nok...


Det gjer at ein set endå større pris på å kunne stå i dusjen og berre nyte at vatnet renn over kroppen.
For ingeting kan måle seg med ein god, lang, norsk dusj! I alle fall ikkje når det er lenge sidan sist!







tirsdag 19. mai 2015

17.mai, trange sko, gode unnskyldningar og kjærleik.

Det har vore 17. mai her i San Francisco også.


Feiring tre lange dagar til endes!
Det starta med 17. mai-lunsj på fredag, fortsatte med 17.mai-picnic på laurdag og avslutta med offisiell feiring på kyrkja på søndag med både gudstjeneste og fest.

 

Fra feiringa på Norskeklubben

Det var hektisk, men veldig kjekt. Her er nokre bildeglimt frå 16.mai i vilkårlig rekkefølge:

 

 



Laurdag var ein veldig hektisk dag. Det var masse som skulle på plass før folk kom, så skulle ein få i gang maskineriet med pølser og brus og is, og samtidig skulle ein vere tilstades og prate med folk. Det vart mange små samtaler i løpet av dagen, og den mest innholdsrike var vel i grunnen den eg hadde med ei jente på 6 år. Ho hadde nemlig vokst ut av skoa sine på dei siste tre vekene, og gikk derfor med litt for trange sko. Dette kunne ho fortelje mykje om kor hemmande var. Desse små tinga ho hadde på beina begrensa henne rett og slett.

Ikkje hennar sko, men frå picnicen..

Ho er ei klok lita jente, og eg vart sittande og tenke på at det er jammen ofte i livet vi prøvar å presse oss inn i ting som ikkje passar oss. I for små sko på mange måtar. Og så blir det til at det hemmer oss. Vi prøvar så febrilsk å få det til å passe, og det går bra ei lita stund, men etter kvart blir det berre gnagsår og vonde bein. Det fungerer veldig dårlig å vere og å gjere noko som ikkje passar til oss, same kor mykje vi skulle ønske vi var slik eller slik.


Og når det ikkje passar, og vi innser at slaget er tapt, så gjeld det å finne gode unnskyldningar. Eg har tenkt på det når eg har lest den eine artikkelen etter den andre om korleis ein skal få bikinikroppen på plass.. Vel, dersom bikinien ikkje passar så kan ein faktisk kjøpe ein ny. Det kostar ikkje all verdens. Og til og med eg har greidd og skvise meg inn i ein bikini i år. Men bunadskroppen er ei heilt anna sak...
ting har endra seg litt sidan eg var 14...

Av ein eller annan merkeleg grunn er forkledet på min bunad litt trangare enn sjølve bunaden. Det er i grunnen veldig greit, for då treng eg berre ta på meg forkledet for å avgjere om bunaden er for trang eller ikkje. I år var det i trangaste laget. Lukka var difor stor då det kom innom ein som vi kjenner godt og stolar på som lurte på om vi hadde mansjettknappar til salgs. Det var nemleg ei som hadde tenkt å representere Norge i ei litt meir formell setting enn den eg skulle i som mangla sine.. eg lånte sjølvsagt mine vekk utan å stusse på det. Endeleg hadde eg ei godkjend unnskyldning for å ikkje gå med bunad!

Det vart kjole i år...(litt stor, men veldig fin)

Misfortså meg rett, for eg er veldig glad i bunaden min. Men når den er trang, og eg skal jobbe, så blir den veldig trang plutselig. Hadde eg berre skulle gått rundt og vore fin, så hadde det ikkje vore eit problem - bortsett frå at det hadde vore veldig godt å ta den av seg på kvelden. Men det er jo også litt slik i livet at det er utruleg godt å kunne skylde på noko utanfor seg sjølv når ting ikkje går etter planen, sjølv om vi egentlig veit kor problemet ligg..


Til tross for trange sko og bunad, så har denne 17. maien vore prega av noko så vakkert som kjærleik for min del. Vi var heilt på slutten av rigginga då eg plutselig høyrde namnet mitt. Midt på plenen stod ei lita jente og strålte. Eg trengde berre å åpne armane og bøye meg litt ned, så hang ho om halsen på meg. Ingenting er bedre enn gode klemmer!

Og i løpet av helga vart det mange klemmer. Men det som kanskje varma endå meir var at fleire av dei eg hadde spurt om å bake kake til 17. mai-feiringa på kyrkja kom med glutenfrie kaker - slik at eg også kunne få. Det er kjærleik i praksis, det! Og det vart eit godt møte med kakebordet for fleire enn meg!


Sjømannskyrkja fekk og låne dukane som søstera mi har laga til meg, for at eg skulle kunne bruke dei på slike anledningar.  Det både minna meg på at eg er elska, men også at eg har nokon eg elskar. Ho er det mest omsorgsfulle, generøse og fine mennesket eg veit om.

Det er lett å blogge om alt det fine og flotte, og det er jo det som prega dagane. Men eg har eit skår i gleda, og det sørga eg elegant for sjølv. Vi hadde akkurat starta på å legge opp pølser på 16. mai då eit par venner av meg kom. Dei kom bort til meg og helste på, og eg var så fokusert på å få ut pølsene fort og gale, så eg sa knapt nok hei... og tenkte at eg skal helse skikkelig på dei etterpå.

litt av pølsekøen...

Då eg endeleg var ferdig med å legge opp pølser, og begynte å bevege meg rundt for å sjå etter dei, så såg eg dei ikkje.. og så var det så mange andre som ville ha eit ord eller tre, og så var det å organiserer søppelet og det eine eller det andre.. Så det gikk nokre timar før eg endeleg sendte melding om kor dei var.. Dei hadde gått, utan verken pølse eller brus. På grunn av måten dei vart møtt av meg. For meg vart det ei sterk påminning om at ein aldri skal ha det for travelt for dei menneska som betyr noko for ein. Eg skal aldri ha det for travelt til å møte blikket og gje menneska eg er glad i ein klem. Eg måtte be om unnskyldning, og eg håpar at eg prioriterer bedre neste gang. For om nokon må vente på ei pølse, betyr veldig lite i forhold til at nokon føler seg mindre elska!


tirsdag 12. mai 2015

Kyrie eleison!

8. mai stod eg og såg ut over båtane som låg inne ved Marinaen, rett ved Fort Mason.
Og eg tenkte på kva 70 år med fred har gjort med oss.
70 år i fridom. 70 år der vi har blitt rike på jordisk gods og gull.
70 år der vi har, i allefall i eigne auge, blitt ein fredsbyggande nasjon..


Og så kom nyhetene heimanfrå om korleis ein diskuterer om ein skal ta imot 10.000 flyktningar.
10.000. Ikkje 100.000, eller 1.000.000. Ti tusen. I eit land som er så grisgrendt og langt frå overbefolka burde vi då ha rom for det? Burde vi ikkje hatt rom for fleire? Eg forstår argumenta om økonomi, om at mennesker fulle av traumer kjem og blir ein sikkerhetsrisiko. Men eg forstår det likevel ikkje. Vi er då verdas rikaste land. Vi har så mange bygder der mange hus står tomme. Vi har plass, om vi berre vil! Kva har skjedd med oss? Kva har skjedd med nestekjærleiken vår?

Kva om dei vi rømde til i tidsrommet mellom 1940 og 1945 hadde stengt grensene slik? Kva om dei hadde blitt møtt med: "Vi veit ikkje kor lenge krigen vil vare, så de får ikkje husrom hjå oss. De kan jo komme og ta dykk tilrette, bruke våre velferdsordningar, utnytte vårt utdanningssystem, kreve ein plass i samfunnet vårt, ta jobbane våre...!"?


Samtidig som eit parti seier nei til 10.000, jublar eit anna over at dei har vedtatt at dei skal ta imot 10.000. Ikkje 20.000, berre 10.000. Samtidig kjem nyhetene om at russen svir av millionar på ei feiring som no ber preg av fyll, spetakkel og russelåtar som krenkar andre menneske. Og det er ikkje så lenge sidan diskusjonen rundt tenåringsjenter sitt behov for å få bruke designervesker, i ei prisklasse eg ikkje kan drømme om ein gong, til skulevesker. Men vi har ikkje råd til å ta imot dei som treng ei trygg havn å komme inn til.


Eg stod der og såg utover båthavna, og tenkte.
Og sangen til Bjørn Eidsvåg smaug seg inn i tankane mine og har vore mi bønn dei siste dagane..

Så altfor mange tårer lot me renna,
me snudd' oss vekk og såg ein aen veg.
Så alfor møkje urett lot me henda,
me snakk' oss bort og skyldte det på deg.

Så altfor mange støtte me ifrå oss,
redde for vår trygghet og vår fred,
så altfor mange nei te dei som ba oss
om å elska, om å våga, om å se.

Se i nåde til oss,
se i nåde til oss!
Kyrie eleison,
miskunna deg over oss!

Så alfor mange ungar me forsømde,
me gjekk oss vill i jaget itte meir,
så altfor mange sørgande me glømte
så redde for å komme dei for nær

Se i nåde til oss,
se i nåde til oss!
Kyrie eleison,
miskunna deg over oss!


torsdag 7. mai 2015

Misunnelig

Eg har gått lenge og tenkt. Eg har fundert. Eg har prøvd å finne gode formuleringar på det eg tenker. Men eg er ikkje sikker på om eg får det ut slik eg ønsker. Likevel må eg skrive det.

I dag sat vi og snakka om ord. Om korleis det var enkelte ord som hadde fleire tydingar i språka våre, både svensk og norsk - men som på engelsk hadde ulike ord. Eit eksempel var Himmel. På både norsk og svensk kan det bety både det blå over oss, om vi er heldige då. Eller det kan bety Guds himmel. På engelsk er det delt i Sky og Heaven. Det blir så mykje enklare å vite kva ein snakkar om då, sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å snakke om.


Og det er eit ord som har kverna i meg - og som eg har brukt i ein del ulike settingar den siste tida, som eg har kjent på at eg slit med. Eg slit med det både fordi det er eit ord som ofte blir brukt feil, det blir brukt utan at det er egentlig det eg meiner i mangel på eit bedre ord. Men det er og eit veldig vanskelig ord når ein møter følelsane bak på ekte. Ordet er: misunnelig.

Vi slenger det ofte lett rundt oss. Eg er så misunnelig på dei som ligg på stranda og solar seg, mens eg går her og slit og strevar.. Eg er så misunnelig på den fine kjolen. Eg er så misunnelig på ditt og på datt, der eg egentlig ikkje er misunnelig. Eg ville jo ikkje tatt frå dei som har det det dei har. Eg unner dei jo både kle og opplevingar. Eg unner dei å ha det godt. Eg mis-unner dei det ikkje. Eg skulle berre ønske at eg også....


Men så er det når ein møter misunninga, den ekte misunninga, i sin fulle giftige blomst. Når den tek tak langt inne i deg, og får deg til å ville spy ut alt det ekle du kan tenke deg. Når du opplever at livet er så urettferdig, og nokon andre, som ikkje fortjente det fekk det du hadde så lyst på, som du hadde jobba så hardt for å få, som du ville gitt venstre og kanskje høgre armen for å få.. Når du føler at du har kjempa, og kjempa, og kjempa, og det berre ikkje vil - og nokon andre kjem inn og det berre legg seg så lett tilrette.. Då er det vanskelig å unne nokon det. Då kjem misunninga snikande. Og sakte, men sikkert, greier den å finne seg ein lenestol i bevisstheta vår - og ting blir vanskelig. Og det verker, verker, verker. Det er i grunnen få ting som er så lite vakkert.. og vi er så fullstendig klar over det..


Og det er vanskelig å jage den ut. Den setter seg altfor ofte veldig tungt ned når den først har fått satt seg. Det blir litt som ei overvektig, gammal tante i ein altfor djup lenestol. Ein må gjerne ha litt hjelp for å få dratt den opp og fått henne ut. Berre spør mine tantebarn, gamle tanter er ikkje til å spøke med!



Eg trur ikkje misunninga plutselig oppstår. Eg trur det er noko som bygger seg opp over tid. Eg trur det er noko vi kan kontrollere, men vi må vere bevisst på det og aktivt gjere noko med det. Eg trur det er noko vi kan hjelpe kvarandre med. Om vi vågar å vere ærlige med at den eksisterer. Om vi vågar å snakke om at det gjer faktisk litt, ja, kanskje ganske mykje, vondt når andre får det så lett til eller får alt opp i hendene. Og vågar å møte kvarandre uten å dømme andre fordi dei føler det slik.. vi har vel alle kjent på det? Hvis vi vågar å erkjenne at det er slik, i staden for å prøve å holde på fasaden.. kanskje det ville vere bra? Er det ikkje litt slik at når vi begynner å snakke om det som er vanskelig, så blir det litt mindre vanskelig - eller i allefall at det misser litt grepet på oss? Eg trur ikkje nokon av oss har godt av å gå og bere på misunninga..



Eg har lært meg nokre lekser her. Eg har lært at ingen får noko gratis, sjølv om det ser slik ut. Ja, kanskje var akkurat den tingen eg såg noko som dei fekk lett, men dei har sansynligvis andre ting som dei må bere på. Eg har lært at graset er ikkje alltid grønare på andre sida. Graset blir grønt nok på mi side om eg berre steller det som eg skal, i staden for å stå ved gjerdet og sjå på at naboen sitt gras veks. For når alt kjem til alt, så ønsker eg meg ikkje nokon andre sitt liv. Eg vil leve mitt liv. Eg trives best som meg. Sjølv om eg ikkje får til alt, eller får alt eg har lyst på.


Og kanskje kan det av og til lønne seg å slå av ein prat med naboen, høyre kva han gjer for å få det til å vekse. Kanskje kan det gje nokre verdifulle perspektiv. Kanskje vil det berre føre til at vi unner han graset, i staden for å misunne det.. og kanskje vil også våre marker bli vakre blomsterenger?